Hopp til innhold

Går mot tidenes morellsesong i Noreg

Nær 700 tonn morellar kan bli hausta frå norske frukthagar i år. Og kanskje kan sogningane slå telemarkingane i å bli landets største produsentar.

Eirik Skjerdal Lysne

RAUDT I RAUDT: Dei tidlege morellsortane har modna på garden til Eirik Skjerdal Lysne i Lærdal. Han trur produsentane i Lærdal slår sin førre rekord frå 2021 i år.

Foto: Jan Christian Jerving

– Det er mykje raudt. Det ser veldig bra ut, seier Eirik Skjerdal Lysne.

Han har grunn til å smile der han står mellom radene med morelltre i Lærdal.

Vêret har spelt på lag med fruktbøndene i år.

No haustar dei tidlegsortane. Snart kjem dei seinare sortane som gir enda meir bær.

I år ligg produsentane i Lærdal an til ein produksjon på over 200 tonn, fortel Lysne. I tillegg til å sjølv vere fruktbonde, er han leiar av morellutvalet i Sogn Frukt og Grønt.

Også på landsbasis ser sesongen svært lovande ut, med ei venta avling opp under 700 tonn.

Det går mot den beste morellsesongen i moderne tid, ifølgje Opplysningskontoret for frukt og grønt.

Sogn Avis skreiv om den lovande sesongen i Lærdal først.

Morellar

Speler vêret på lag, kan det produsert nær 700 tonn morellar i Noreg i år.

Foto: Jan Christian Jerving

Ventar over 14.000 tonn frukt

Leif Øie jobbar i Grøntprodusentenes samarbeidsråd og lagar prognosar for frukthausten.

Både for morellar, eple, plommer og pærer ser det bra ut, noko Nettavisen omtala nyleg.

– Som det ser ut, kan vi få opp imot ein 2021-sesong, som var ein toppsesong for frukt.

Det er ikkje snakk om ein rekordsesong, men kanskje ein rekord i nyare tid, seier Øie.

I alt kan det bli hausta over 14.000 tonn frukt på landsbasis. Til samanlikning blei det produsert 10.500 tonn morellar, eple, pærer og plommer i fjor. I 2021 var talet litt over 13.000 tonn.

Vêret har spelt på lag, men det har også vore satsa på å auke produksjonen gjennom utplanting, fortel Harald Blaaflat Mundal i Gartnerhallen.

Men mykje frukt betyr ikkje nødvendig lågare prisar ut til forbrukarane.

Mundal seier mange faktorar speler inn. Mellom anna handlar kundane meir i godt vêr.

Dessutan har fruktprodusentane til liks med andre hatt ein stor kostnadsauke siste året.

– Så ein er nøydd til å prøve å hente inn kostnadsauken. Det blir ikkje nødvendigvis veldig billig, seier Mundal.

Harald Blaaflat Mundal, Gartnerhallen

Det har vore satsa på utplanting, noko som no syner igjen på produksjonen av frukt, fortel Harald Blaaflat Mundal i Gartnerhallen.

Foto: Gartnerhallen

Håpar på sol og varme

Vêret betyr mykje for korleis det endelege resultat for frukthausten blir. 1. august kjem ein ny prognose.

– No er det god væte i jorda, no skulle vi fått varme og sol, seier Øie.

Dei første morellane er allereie i sal.

Både i Hardanger, Lærdal og Telemark blir det produsert mykje av dei raude bæra.

I fjor var Telemark størst. I år har Sogn ein litt høgare prognose enn Telemark, fortel Mundal.

Skal sesongen blir optimal, håpar Eirik Skjerdal Lysne på vêr som «ikkje kjempeheitt, ikkje kjempekaldt og ikkje altfor mykje fukt».

Så kan lærdølane kanskje slå telemarkingane i år.

Han ler.

– Vi får sjå kor det går i år. Men prognosane ser bra ut for vår del, i alle fall.

Eirik Skjerdal Lysne

Eirik Skjerdal Lysne i Lærdal har planta i tunnel.

Foto: Jan Christian Jerving