Gardbrukarparet Styrkaar og Inger Marie Ringheim-Hustveit kjempar for å verna jorda si. På den bratte innmarka er vårsola i ferd med å smelta vekk snøen.
Kommunestyret har no vedtatt å bygga ein ny veg til Voss Resort Bavallen. Den skal kryssa opp over bøane til fire gardsbruk og kopla seg på dagens veg til hytte- og alpinanlegga lenger oppe.
Trafikken til alpinanlegget og hyttene i Bavallen går i dag på ein overbelasta bygdeveg opp frå E16.
No vil kommunen bygga ny og meir trafikksikker veg. Fylkeskommunen vil betala halvparten.
Vegen kryssar innmarka til fire gardar – på tvers av kommunens klimaplan og nasjonale mål om jordvern.
– Det er eit veldig fint kulturlandskap med fjella i bakgrunnen. Me er veldig stolte av desse gamle, tradisjonelle gardane. Me føler noko blir øydelagt av å bygga ein slik brutal veg, seier ho.
Pengar frå fylket
Rådmann i Voss, Arild Steine meiner det ikkje er lurt å sjå etter alternative løysingar no.
For Vestland fylkeskommune har lova å betala halvparten, altså 40 millionar kroner.
– Vedtaket i fylket gjeld no. Viss me utset prosessen, kan tiåra gå fort.
Ordførar Hans-Erik Ringkjøb (Ap) er einig.
– Det er no vindauget er ope for at fylket blir med på finansieringa. Får me det ikkje på plass no, må me venta lenge.
Styrkaar Ringheim-Hustveit meiner fylkespolitikarane må revurdera om dei vil øydelegga dyrka mark med vegpengane sine.
– Indirekte pressar dei fram denne planen, når ein i staden burde tatt seg tid til å tenka nytt, meiner han.
Har mista 110.000 dekar
Sidan 2012 har Noreg mista 110.000 dekar dyrka eller dyrkbar mark. Det meste blir omgjort til bustadfelt, vegar eller industriområde.
Paret på Ringheim-garden viser til nasjonale føringar om å få ned tap av dyrka mark.
– Å bygga veg tvers over fire gardar bryt med tydelege statlege mål om jordvern. Vegen er også i strid med klima- og arealplanen som politikarane i Voss vedtok i fjor haust, seier han.
Totalt vil 14 dekar fulldyrka innmark forsvinna under den nye vegen. Bøndene meiner like mykje areal blir upraktisk og vanskeleg å driva fordi vegen vil splitta opp bøane.
– Det blir eit lappeteppe med høge skjeringar over og under vegen, seier han.
Nye hytter krev ny veg
Øyvind Wæhle er dagleg leiar i Voss Resort i Bavallen. Han får ikkje bygd dei siste 250 hyttene reguleringsplanen frå 2013 opnar for viss ikkje bygginga av vegen startar i år.
– All utvikling sentrumsnært i ei bygd som Voss vil, naturlegvis, ofte få følgjer for jordvern.
Wæhle er usamd i at det er hyttefeltet som pressar fram behovet for vegen over bøane.
– Den blir ein kombinasjon av veg til skianlegget og ein viktig veg for lokale folk på grunn av ei enorm utbygging av skule, næring og butikkar.
Tryggare veg
Ordførar Ringkjøb er ein del av fleirtalet som nokre få månadar etter klima- og arealplanen no har vedtatt å bygga den nye Bavallsvegen.
– Det er ei vanskeleg sak, der me som lokalpolitikarar står litt i krysselden.
Han vedgår at vegen blir bygd ut frå ein ti år gammal reguleringsplan som er i strid med den ferske klimaplanen for Voss.
– Det er motstrid mellom dei planane, så me møter oss sjølve i døra. Me kjem ikkje unna konfliktar for å få på plass ein ny veg til Bavallen. Dette handlar ikkje om jordvern eller ikkje. Det gjeld veldig mange omsyn, og det er veldig viktig at folk skal ferdast trygt, seier Ringkjøb.
Ordføraren seier det er greidd ut veldig mange alternativ for å finna det mest skånsame.
– Dei tykte kanskje det var skånsamt i 2013, men verkelegheita har endra seg. Eg trur det finst løysingar som endå ikkje er vurderte, meiner Ringheim Hustveit.
Men å utvida dagens veg, er mellom anna vanskeleg på grunn av fornminne. Til dømes ligg det ein gravhaug i vegkanten rett nedanfor garden hans.
– Det trengst ein ny planprosess for å finna ei ny løysing, seier han.
– Tar den finaste jorda
Bjørnar Nedkvitne i Voss Bondelag er bekymra for framtida til jordbruk i bygda si.
– Det er skremmande korleis dei turar fram i terrenget no. Dei byggar ofte ned den finaste jorda, der det er lettast å bygga veg.
Han minner om eit gammalt ordtak: «Hus skal stå der plogen ikkje kan gå.»
– Både hus og veg må byggast i steinrøysa, ikkje ute på jordet, meiner han.
Sjølv om Senterpartiet er med i fleirtalssamarbeidet i Voss, stemte lokalpolitikar Endre Evensen nyleg mot vegen. Han er også med i Voss bonde- og småbrukarlag.
– Det strir mot retningslinjene me har innført med klimaplan og arealbruk. Så dette er ei skikkeleg avsporing frå den nye tankegangen vår, meiner han.
Fylkesvaraordføraren: – Kommunens ansvar
Vestland fylkeskommune vil ifølge eit brev til Voss prøva å finna erstatningsareal for den dyrka marka som må vika for vegen.
Men dersom kommunen vel å gå vidare med eit anna traséval, vil det mest sannsynleg krevja ny reguleringsplan.
– Då kan me ikkje garantera kva finansiering politikarane etter valet vil prioritera, seier fylkesvaraordførar Natalia Golis (MDG).
Ho svarar slik på kritikken om at løyvinga frå Vestland fylke pressar fram vegbygginga no.
– Sjølv om fylket bidrar med pengar og vil stå for bygginga av fylkesvegen, er det kommunen som regulerer og bestemmer traseen.
Ho meiner det er mulig for kommunen å miljørevidera reguleringsplanen med ny kunnskap.
– Omsyn til å verna matjord har kome mykje lenger sidan 2013. Men eg har stor forståing når Voss-ordføraren seier situasjonen er vanskeleg.