Hopp til innhold

Her set staten foten ned for turløypa – det vesle idrettslaget kan sitte att med rekninga

Idrettslaget var kome over halvvegs med å bygge turløype på dugnad. No vil Fylkesmannen stoppe bygginga, og frivillige kan sitte att med millionrekninga.

Turløypa i Deknepollen

ENDEN: Her skulle turvegen strekke seg vidare.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det er veldig tungt, seier Jørgen K. Blålid. Han er primus motor for turvegen i bygda Deknepollen i Kinn kommune.

Turvegen slyngar seg langs det idylliske Polljavatnet, men oppe i lia endar han brått i lyng og hei.

Skavøypoll Idrettslag har brukt nær 3 millionar kroner på det som skulle bli ei rundløype. No står ein tredjedel att.

Om vegen ikkje blir ferdig, fell tippemidlar og sponsorstøtte på 1,5 millionar kroner vekk – pengar som klubben har budsjettert med.

I tillegg har ei lokal bedrift garantert for eit lån på ein million kroner, som dei no risikerer å måtte betale etter at idrettslaget har tømt klubbkassa.

– Det kjennest ganske bittert, seier Blålid.

Turgåarar

OPPGITTE: Alt er delar av turløypa populær blant bygdefolket. Jørgen K. Blålid til høgre.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Skal bygge kraftlinje, men blir nekta turveg

Turvegen ligg tett ved eit bustadområde, skule, barnehage og kjøpesenter. Kommunen gav alt i 2017 eit rammeløyve til den tre meter breie turvegen.

Men no seier Fylkesmannen nei til vegen, og grunngir det med naturinngrepet.

Frå før i området finst det to kraftlinjer, der den eine snart skal skiftast ut med ei større. I tillegg kjem ein stor transformatorstasjon.

– Det finst fleire langt større naturinngrep enn turvegen innan kort avstand, seier Blålid.

Myrområde stoppar utbygginga

Rådgjevar hjå Fylkesmannen i Vestland, Sigrid Ølmheim, seier inngrepet i naturen er så omfattande at dei har klaga på kommunen sitt byggeløyve.

I området er det registrert brunburkne, som er ein sårbar art av planten bregne. Fylkesmannen trur også det kan vere svarthalespove der, som er ein sterkt truga fugleart i snipefamilien.

Vidare går turvegen utover eit myrområde som lagrar CO₂, skriv Fylkesmannen.

– Dette er ein turveg som er tre meter brei og ein kilometer lang. Den går i eit nærmast urørt landskap og med fleire raudlista artar, i området er det også skredfare og kulturminne, seier Ølmheim.

Myr i Deknepollen

MYR: Djupedalen i Deknepollen.

Foto: Marius Strømmen

Meiner fylkesmannen tek feil

Kommunalsjef i Kinn Kommune, Rolf Bjarne Sund synest situasjonen er trasig.

– Vi er ikkje samde med Fylkesmannen. Ved å samle turgåarane på ein fornuftig opparbeida tursti, vil vi ta vare på naturen. Med gode tekniske løysingar bør vi klare å ta vare på myra.

Om kommunen står på sitt, må ein settefylkesmann avgjere klagesaka.

Avviser at dei vil øydelegge myrområdet

Jørgen K. Blålid seier dei ynskjer å bygge vegen så skånsamt som råd i området. Han var i god tru då bygginga starta, og kommunen bidrog sjølv med 400.000 kroner.

No er turvegen blitt ei hovudpine for dugnadsfolket.

– Ein høyrer i festtalar om frivillig innsats. Vi har fått til mykje til ein låg pris, så blir vi stoppa av byråkratiet, seier Blålid oppgitt.

Turløype Deknepollen

IDYLL: Deler av turvegen i området er alt ferdig.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK