Jens har sendt fire brev for å få bota si på nynorsk - snart kjem lensmannen på døra

Jens Brekke i Vik har fått eit førelegg på 7000 kroner for å ha mista kontroll over eit bål. Brekke har vedtek gjerne førelegget, men han betalar ikkje ei krone før han får bota på nynorsk.

Jens Brekke med dokumenta så langt

MYKJE PAPIR: - Her er dokumenta så langt, seier Jens Brekke, om korrespondansen med politiet og Statens innkrevingssentral.

Foto: Odd Inge Gjeraker / NRK

Det var i byrjinga av mai i år at det gjekk litt over styr for Brekke og lauselden. Dagen før konfirmasjonen til sonen Ivar, ville han berre kvitte seg med litt rusk og rask på kjapt vis. Så han tok det med seg nokre titals meter frå huset og tende på.

Det meste gjekk etter boka heilt til det kom ein veldig vind som på ein-to-tre fekk elden til å spreie seg over store område. Ti meter frå bustadhuset åt flammane seg raskt gjennom både lyng og gras, og ville ikkje late seg temje av noko som helst.

Til alt hell kom både naboar og gjester frå campingplassen like ved styrtande til, i tillegg til at brannkorpset frå Vik kom så raskt dei kunne. Dermed var hus og heim berga, sjølv om vel tusen kvadratmeter hadde gått opp i røyk.

Fekk strafferabatt

Brekke var aldri i tvil om at han ville måtte gjere opp for seg etter uhellet, og forklarte seg om saka ved Vik lensmannskontor. Difor var han heller ikkje overraska då det i juli dumpa ned eit brev frå Sogn og Fjordane politidistrikt i postkassa.

– Eg fekk ei bot på 7000 kroner for å ha brote eksplosjonsvernlova. Eg fekk endåtil 1400 kroner i strafferabatt fordi eg innrømte tilhøva, fortel Brekke, som ikkje hadde noko som helst problem med å godta førelegget.

Reint bortsett frå éin liten ting; brevet frå Sogn og Fjordane politidistrikt var skrive på bokmål.

– Eg skreiv tilbake at eg var glad for at det gjekk så bra som det gjorde, og at eg med glede skulle vedta bota. Men at det sjølvsagt må vere på nynorsk. Eg trudde at det automatisk ville komme på nynorsk her i dette distriktet, seier Brekke.

Han la til at han håpte det kunne la seg ordne raskt.

– Og slik at eg kunne få gjort opp for meg, utan at vi skulle bryte endå ei lov, nemleg mållova, seier Brekke, som i brevet synte til kva rettar han har.

Jens Brekke sitt første brev

TAKKA: Jens Brekke sitt første brev til Sogn og Fjordane politidistrikt.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Er staten sine reglar

For, ifølgje mållova er bokmål og nynorsk likeverdige målformer og skal vere jamstilte skriftspråk i alle organ for stat, fylkeskommune og kommune.

Mellom anna skal statsorgan svare på skriv frå private rettssubjekt i den målforma som er nytta i skrivet. Viss statsorganet sender brev til deg ført, kan dei velje målform. Men viss du kontaktar dei og seier du vil ha det på ei anna målform, skal dei følgje dette.

– Lova om målbruk i offentleg teneste er staten sine reglar, ikkje mine. Det er staten som har pålagt si eiga forvaltning eit regelverk, seier Brekke, som sende brevet til Sogn og Fjordane politidistrikt, med kopi til Vik lensmannskontor.

Noko svar frå politidistriktet fekk han aldri. Etter få dagar kom eit innkrevjingsbrev frå Statens innkrevjingssentral.

– Der fekk eg ein faktura på 7.000 kroner. Eg sende dei eit brev der eg synte til brev og kopi til Sogn og Fjordane politidistrikt på kvifor eg ikkje ville betale før eg hadde fått det på nynorsk, seier Brekke.

Sette strek under setningane

Så gjekk det på ny nokre veker, før han fekk eit nytt brev frå kontoret i Mo i Rana, som krev inn bøter og førelegg på vegner av politiet.

– Då fekk eg purring frå Statens innkrevjingssentral. Alt var på bokmål, sjølvsagt, og på grunn av at eg ikkje hadde betalt, hadde gebyret gått opp med 420 kroner, seier Brekke.

Vikjen mista likevel ikkje motet, og klapra ned eit nytt brev, der han utheva teksten og sette strek under setningane.

– Eg synte til at eg hadde forklart dei korleis stoda var, og at eg tykte det var rart at dei pålegg meg ekstra purregebyr når eg ventar på at Sogn og Fjordane politidistrikt skal gjere det slik som dei skal, seier Brekke.

Etter kort tid dekk Brekke eit nytt brev frå Statens innkrevjingssentral, men denne gongen var brevet stila til Sogn og Fjordane politidistrikt, og Brekke var berre sett opp på kopi.

– Men der hadde dei faktisk skjønt noko. Dei skreiv til og med på nynorsk, og sende vidare klagen til politidistriktet, seier Brekke.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jens Brekke sitt andre brev

NYNORSK: Klar tale frå Jens Brekke til Statens innkrevjingssentral.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Balla på seg med gebyr

Men noko svar frå Sogn og Fjordane politidistrikt har han korkje fått eller fått kopi av.

– Om dei ikkje har svart, eller om dei har gløymt å sende kopi til meg, det veit eg ikkje. Men eg mistenkjer at det har vore heilt stilt, seier Brekke.

Brått låg det eit nytt brev frå Statens innkrevjingssentral i postkassen til Brekke, med beskjed om at det var siste varsel før innkrevjing.

– Då hadde gebyret balla på seg til 8290 kroner, seier Brekke.

Jens Brekke

GIR SEG IKKJE: Jens Brekke har ikkje tenkt å gi seg før han får bota på nynorsk.

Foto: Odd Inge Gjeraker / NRK

Han sende på nytt brev til Statens innkrevjingssentral der han forklarte situasjonen, og bad dei ta kontakt med Sogn og Fjordane politidistrikt eller han viss det var noko dei lurer på.

Onsdag fekk Brekke på nytt brev.

– Der står det «varsel om utleggsforretning». 04.12.2014 klokka 08.00 om morgonen kjem dei vel og reiser med stolar og bord, seier Brekke.

Førre gong tok det sju år

Han er hovudristande til at han no har brukt fem månadar på å få gebyret tilsendt på nynorsk. Men det er slett ikkje første gong. Brekke har lang røynsle som nynorskforkjempar.

I 1987 vart han stoppa i fartskontroll og fekk bot. Den gongen kjempa han i sju år før han til slutt fekk bota på nynorsk. I mellomtida vart han truga med både fengsel og det som verre var.

– Eg har ei mappe her som er ein tomme tjukk, full av både brev og dokument, seier Brekke.

Den kampen enda både med at han fekk si eiga bot på nynorsk, men også at ein skal ha høve til å velje, dersom ein vert teken i fartskontroll, om ein vil ha gebyr på nynorsk eller bokmål.

– Etter å ha vore gjennom så mykje rart når det gjeld nynorsk, så har eg erfart at det å køyre over nynorskfolk er meir regelen enn unnataket, seier Brekke.

Han seier han har ei kjensle av at dei fleste berre satsar på at nynorskfolk til slutt gir seg, berre ein held ut lenge nok.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brann Djuvik

UTVIKLA SEG FORT: Bålet til Jens Brekke kom raskt ut av kontroll.

Foto: NRK

– Berre daud fisk følgjer straumen

Brekke peikar på at det ikkje berre er mållova som er broten i saka han står med begge beina oppi no.

– Dei har også brote forvaltningslova, for dei har ikkje svart meg i det heile. Ikkje eitt pip har eg høyrt frå Sogn og Fjordane politidistrikt. Då har dei brote to lover. Eg har berre brote ei, seier Brekke.

Viss nokon skulle meine at Brekke er ein kranglefant, peikar han på at dette handlar om langt meir enn å kverulere.

– Dette handlar om identitet. Tenk om det kom på engelsk, tenk om vi i framtida ikkje har vårt norske språk, til dømes? Viss vi ikkje stretar i mot, så hamnar vi der. Det er berre daud fisk som følgjer straumen, seier Brekke.

Han er klar på at han ikkje ein gong vurderer å betale gebyret, slik det ligg føre på nynorsk. Då får lensmannen i Vik berre troppe opp på trappa hans 4. desember.

– Lensmannen skal få kaffi og kake. Vil han reise med noko, så vert det motvillig. Eg kjem ikkje til å gje meg. Det er lover og reglar her som skal haldast. Eg må gjere opp for meg for brot på eksplosjonslova, og då får dei gjere opp for seg også, seier Brekke.

Har ikkje hatt tid til å prioritere saka

Politiadvokat Sissel Kleiven ved Sogn og Fjordane politidistrikt er klar over saka, og beklagar at dei ikkje har svart.

– Dette er ikkje ei sak vi har prioritert. Men eg skal få ordna det så snart eg får tid, seier Kleiven.

Kollegaen hennar, politiinspektør Bjørn Larsen, hevdar at Brekke ikkje har krav på å få førelegget på nynorsk.

– I mållova står det at rettsstellet er unnateke reglane i mållova. Også Sivilombodsmannen har i eit vedtak i ei liknande sak uttalt at rettargangsverksemd er eit område der mållovsreglane ikkje gjeld. Eg held meg til det, seier Larsen.

Han legg til at systemet som juristane brukar er eit bokmålsystem.

– Vi skriv førelegg i eit system som er felles for politiet i heile Norge. Der ligg det inne med bokmål som einaste alternativ, seier Larsen.

Aktor Bjørn Larsen

IKKJE KRAV: Politiinspektør Bjørn Larsen meiner ein ikkje har krav på å få eit førelegg på nynorsk.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Han legg til at han kjenner til at det er ein diskusjon, der mellom annan Språkrådet er inne i biletet, knytt til ein del følgjeskriv.

– Men vi held oss til det systemet som vi er pålagde å bruke når vi skriv ut førelegg, og dei variantane som er der. Det systemet er på bokmål, og dette ligg utanfor vår kontroll, seier Larsen.

Tykkjer det er rart

Dagleg leiar i Noregs Mållag, Gro Morken Endresen, er slett ikkje samd i det.

– Eg tykkjer det er rart at slikt skjer når ein veit at statsorgan i Sogn og Fjordane skal bruke nynorsk som tenestemål. Ein skulle tru at den automatiske utsendinga var på nynorsk, seier Endresen.

Ho hadde sett at saka hadde komme til ei ordning for lengst.

– Det undrar meg at ein ikkje berre rettar opp i det. Slike standardskjema skal finnast for dei ulike etatane på begge målformer. Ein skulle tru det berre var å ta frå den andre bunken, seier Endresen, som meiner mållova er klar.

– Mållova seier at privatpersonar har rett på å få skriv og skjema som gjeld seg sjølv på den målforma dei vil, seier Endresen.