NRK Meny
Normal

Sjå, no twitrar dei på nynorsk (men dei får det ikkje heilt til...)

Sunnmørspolitiet har det siste døgnet skrive twitter-meldingane sine på nynorsk. Men språkmann slaktar rettskrivinga.

Sunnmøre politidistrikt på twitter

Pensjonert professor i norsk meiner at politiet gjer narr av nynorsken når dei brukar ordet «hyn».

Foto: Skjermdump

Sunnmørspolitiet svarer no resolutt på språkkravet etter at dei måndag ettermiddag blei skulda for systematisk brot på mållova. Allereie måndag kveld kom den første twitter-meldinga på nynorsk, tysdag formiddag kom det fleire.

Kristofer Olai Ravn Stavseng

Nestleiar i Norsk Målungdom, Kristofer Olai Ravn Stavseng, er veldig glad for at sunnmørspolitiet no tvitrar på nynorsk.

Foto: Odin Hørthe Omdal

– Det er veldig, veldig stas å sjå at sunnmørspolitiet tek poenget, seier nestleiaren i Norsk Målungdom, Kristofer Olai Ravn Stavseng.

Les også:

Politiet pålegg no staben å bruke nynorsk

Allereie måndag kveld sende altså sunnmørspolitiet ut den første meldinga på nynorsk etter at Norsk Målungdom påpeika at politidistriktet ifølgje mållova er pålagde også å bruke nynorsk i kommunikasjon med eit nynorsktalande publikum.

Tysdag morgon kom denne:

«Ein hyn i 20 åra, satt i arrest, etter å ha vært i slagsmål på ein utestad. Han vert meldt for atferden».

Stabssjef Ingmar Farstad stadfestar at han no har pålagt mannskapet sitt å bruke nynorsk.

Laster Twitter-innhold

– Det er ikkje alle meldingane som er like godt skrivne, og så er det nok litt munterheit ute og går, ler Farstad. Men han strekar under at han har orientert staben om fakta i saka.

– Vi har no eit pålegg om å bruke nynorsk mest mogleg og når det er tid, seier han.

Terje Aarset

Pensjonert professor i norsk språk ved Høgskulen i Volda, Terje Aarset, slaktar språkbruken til sunnmørspolitiet.

Foto: Berit Susanne Kjølås
Slaktar språkbruken

Pensjonert professor i norsk språk ved Høgskulen i Volda har på oppdrag frå NRK Møre og Romsdal vurdert nynorsken i den siste twitter-meldinga til politiet, som blei sendt ut tysdag morgon. Han er ikkje nådig.

– Dette er så dårleg, det er ikkje nynorsk, dei gjer narr av språket. Problemet er at folk tek avstand frå heile nynorsken, seier han.

– Men lat oss begynne med det positive, kva er bra?

– Ingenting!

– Syns du dei heller burde brukt bokmål, då?

-–Det er eit dilemma. Dersom lova seier dei skal bruke nynorsk så er det deira sure plikt å setje seg inn i nynorsken og bruke han, seier Aarset.

Reagerer kraftig på "hyn"

Aarset meiner den siste twitter-meldinga har fem alvorlege feil: «Ein hyn i 20 åra, satt i arrest, etter å ha vært i slagsmål på ein utestad. Han vert meldt for atferden».

– Når politiet brukar ordet "hyn" er det gjort nesten for å gjere narr av nynorsken. Eit slikt ord høyrer ikkje heime i ei melding som skal nå eit stort publikum, tordnar Aarset.

Han viser vidare til at «20 åring» skal skrivast med bindestrek: «20-åring», «motsatt» heiter «motsett"»på nynorsk, "«ha vært» skal skrivast «ha vore» og meiner "atferden" skal omsetjast med «åtferda» eller «framferda», eller aller helst skrivast om.

Tv2-Davy forstår ikkje språkbruken

Også TV2-journalisten Davy Wathne har registrert språkskiftet hos sunnmørspolitiet, utan å forstå alt som er skrive. I ein twitter spør han kva ein «hyn» er, og får etter kvart svar.

Laster Twitter-innhold

– Unggut, skriv Robin Urke.

– Ein gut, sluttar Anette Øverås seg til.

Bergenspolitiet har fått refs

Sunnmørspolitiet er ikkje åleine om å nøle med å bruke bokmål i dei daglege twitter-meldingane. I november blei politiet i Hordaland ifølgje Journalisten pålagde å bruke nynorsk etter klagar frå ein ihuga målmann i Askøy:

«Sidan Hordaland politidistrikt har eit geografisk tenestedistrikt med nynorsk som fleirtalsmål, skulle alle desse meldingane vore skrivne på nynorsk», skreiv departementet i eit brev til Språkrådet.

– Vil vere litt raus

Medan Aarset meiner nynorsken til politiet står til stryk, er nestleiaren i Norsk Målungdom, Kristofer Olai Ravn Stavseng mildare stemt.

– Eg har registrert at dei har lagt om, og det syns vi er veldig gledeleg. Eg for min del vil vere litt raus med rettskrivinga. Dersom dei akkurat har begynt å skrive nynorsk er det nok ein liten overgang, seier Ravn Stavseng.

Stabssjef Ingmar Farstad seier han ikkje har delt ut ordbøker til medarbeidarane sine, og vil ikkje kommentere kritikken om at nynorsken er for dårleg.