Slik takka Jens brannmennene - frykta huset skulle gå opp i flammar

Førre laurdag skulle Jens Brekke berre brenne litt rusk og rask for å ordne skikkeleg opp før konfirmasjonen dagen etter. I staden svei han av tusen kvadratmeter med eigedom. I dag takka han brannmennene – på litt uvanleg vis.

Takkeannonse

TAKK: Jens Brekke ville setje pris på karane som fekk kontroll på grasbrannen som utvikla seg laurdag for ei veke sidan.

For i dagens Sogn Avis kunne ein lese annonsen med teksten:

«Stor takk til Sogn Brann og Redning ved Vik Brannvern v/Nils Bryn, Bent Atle Bjåstad, Edvin Tistel, Sølve Følid, Morten Jacobsen, Osvald Risløw, Bjørn Salbu og Jarle Christensen for at de sløkte lauselden min på ein laurdagskveld.

Å stå i den brennande elden og sjå blåljoset koma blinkande til møtes var ei frelsande kjensle. Takk også til dei brannmennene som tidlegare i år streika for at helgevaktene ikkje skulle leggjast ned.

Helsing frå Jens Brekke med vassbytter og springande kjerring og ungar»

Brått kom ein veldig vind

– Ja, eg ville verkeleg seie takk. Dette kunne gått skikkeleg gale, fortel Brekke.

Førre laurdag skulle han kvitte seg med litt ymse før sonen Ivar skulle konfirmerast dagen etter. Som han har gjort så mange gonger før, tok han med seg det som skulle brennast, og drog til ein stad nokre titals meter frå huset.

Jens Brekke

TAKKSAM: Jens Brekke er glad brannvesenet hadde kort veg då bosbrenninga kom ut av kontroll.

Foto: Odd Inge Gjeraker

– Alt gjekk i grunn som normalt. Men brått kom det ein veldig vind som tok tak i det og hadde det utover. Brått brann det mange stadar, fortel Brekke.

Ti meter frå bustadhuset åt flammane seg raskt gjennom både lyng og gras, og fann seg ikkje i å bli temja av noko som helst.

– Eg skjønte raskt at her var det berre å ringje 110, seier Brekke.

Naboar kom til med bøtter

I mellomtida styrta både kona og dei to borna til med vassbøtter for å stoppe brannen frå å spreie seg. Ein nabo kom også til.

Frå campingplassen, som ligg eit stykke nedanfor huset til Brekke, hadde folk sett røyken, og kom ilande til med bøtter.

– Det kom ein heil gjeng som var med på bøttestafetten, så det var jammen godt, seier Brekke.

Og etter det som han sjølv karakteriserer som kort tid, kom brannfolka frå Vik med den etterlengta brannbilen og fekk rask kontroll over brannen.

– Heldigvis har vi flinke brannfolk som er på vakt også når det er helg. Eg torer ikkje tenkje på kva som hadde skjedd dersom brannvesenet skulle komme frå ein nabokommune, seier Brekke.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brann Djuvik

UTVIKLA SEG RASKT: Det fatna fort i både gras og lyng.

Foto: NRK

Sette nyordninga på vent

I fjor var det på tale å innføre ei ny vaktordning, der ein ville gå frå fire personar på vakt i helgane, til eitt befal og ein sjåfør. Det førte til at mange brannkonstablar takka nei til ein ny arbeidsavtale, då dei meinte den nye ordninga ikkje var god nok, og at beredskapen ville bli uforsvarleg.

Men protesten frå brannmannskapa førte fram og nyordninga vart sett på vent.

– Heldigvis gjekk dette bra, seier Brekke.

Men han innrømmer at han har fått ein skikkeleg støkk.

– Eg skulle tenne i omnen i ei hytte vi har same kveld, og då fekk eg den store skjelven. Det kjem liksom att. Det er først no at eg søv betre om nettene, så det blir nok ei stund til neste gong, ja, seier Brekke.

Kjekt å bli sett pris på

Då NRK.no snakka med fleire av brannmennene som var med på sløkkinga, hadde dei ikkje rukke å lese avisa nøye. Men dei set pris på å bli sett pris på.

– Det er kjempeflott det, sjølv om vi berre gjorde jobben vår, seier Jarle Christensen.

At dei kom tidleg til staden hadde mykje å seie for kor raskt dei fekk kontroll.

– Det er viktig å komme raskt, for slike brannar utviklar seg raskt, spesielt dersom det bles mykje, seier Nils Bryn.

Lensmann i Vik, Ove Andersen, seier til NRK.no at det førebels ikkje er oppretta sak på forholdet, men at truleg vil bli gjort.

– Det er forbod mot å gjere opp eld i skog og mark frå 15. april til 15. september, så det vert nok oppretta ei sak, seier Andersen.