Hopp til innhold

Stor gras- og lyngbrann i Djuvik

Ein stor grasbrann starta i ettermiddag i Djuvik, mellom Vangsnes og Vik. Brannmannskapane har no fått kontroll over brannen.

Brann Djuvik
Foto: NRK

Klokka 17.15 melder opplyser alarmsentralen at brannen er under kontroll.

– Mannskapane i Vik har meldt at dei har kontroll på brannen, seier vaktleiar Frode Eide.

Han seier dei frykta spreiing av brannen.

– Det var ein del vind i området. Heldigvis gjekk den oppover og ikkje ned mot bustadane i området, seier Eide.

Stor brann

– Vi kan stadfeste at det brenn. Den breidde seg over eitt mål for nokre minutt sidan, sa vaktleiar Frode Eide ved Alarmsentralen i NRK.no klokka 17.05.

Eitt mål tilsvarar tusen kvadratmeter. Brannmannskapane hadde på det tidspunktet ikkje kontroll på brannen.

– Vi har sendt mannskap frå Vik og Sogndal, og håpar at dei skal greie å få kontroll, sa Eide.

Det fekk dei etter kort tid. Brannmannskapane driv no med kjøling av området.