Hopp til innhold

Ho meiner nedleggingar er ein trussel mot fylket

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes er ikkje nådig i sin kritikk av dei som vil leggje ned alarmsentralen og politidistriktet her i fylket. Det er ein trussel for tryggleik og livskvalitet, meiner Kjelsnes.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

SINT PÅ STATEN: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes meiner nedlegging av til dømes 110-sentralen er ei trussel mot fylket vårt.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Direktoratet for tryggleik og beredskap (DSB) har alt vedteke å leggje ned 110-sentralen i Florø og det ligg føre planar om å leggje ned Sogn og Fjordane som eige politidistrikt.

I tillegg er det uviss kring dekningsgraden her i fylket av det nye naudnettet som er på trappene, ikkje minst i tunnelane våre.

Dette får fylkesordføraren til å koke og ho har no skrive brev til justisministeren, der ho uttrykkjer stor uro over utviklinga som tre ulike direktorat under justisdepartementet står bak.

– Sum-effekten av endringane vert eit vesentleg svekka Sogn og Fjordane. Dette kan ikkje aksepterast, seier Åshild Kjelsnes.

– Kan føre til feilvurderingar

Ho peikar på at Sogn og Fjordane har i dag ei godt utvikla og velfungerande beredskapsteneste med naudetatar og naudsentralar i eit godt samvirke.

– Større sentralar med mindre lokalkjennskap kan føre til feilvurderingar. Det som i dag fungerer godt, vert dårlegare. Det er ein fordel at naudetatane i størst mogleg grad har ansvar for same geografiske område. Dette bidreg til eit styrka samvirke, meiner fylkesordføraren.

I brevet til justisministeren peikar ho på at Sogn og Fjordane er eit særleg krevjande fylke i beredskapssamanheng.

– Særs urovekkande

– Utfordrande infrastruktur, vanskeleg topografi og mykje uvêr stiller særleg strenge krav til lokalkjennskap. I vårt fylke må utfordringar knytt til kapasitet difor løysast med nye former for samarbeid og ikkje med ei organisering som gjev kritisk svikt i lokalkunnskapen, heiter deti brevet Kjelsnes har skrive.

Ho er ikkje nådig i si vurdering av det arbeidet dei ulike direktorata har gjort i sine vurderingar av tryggleiken i Sogn og Fjordane.

– Eg finn det særs urovekkande at direktorat, som har til oppgåve å byggje framtida sine tryggings- og naudtenester for heile landet, ser ut til å forankre arbeidet sitt i ein gamaldags sentraliseringstankegang.

Trass store protestar lokalt, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap vil leggje ned 110-sentralen i Sogn og Fjordane blir lagt ned.

DSB trassar store protestar.

– Manglande forståing

Ho meiner at dei som sit sentralt og skal ta avgjerdene om framtida for mellom anna 110-sentralen og politiet syner ei manglande forståing for kva tryggleik og beredskapstenester i distrikta handlar om.

– Den manglande forståinga vert dessverre ytterlegare forsterka sidan det ikkje er utført konsekvensanalyse i forkant av vedtaket om nedlegging av 110-sentralane, sler Kjelsnes fast.

– Nedbygging av beredskapen og tryggleiken i Sogn og Fjordane vil vere eit angrep på fylket si framtid som ein sikker stad å bu. Fylket er avhengig av eit fullverdig beredskapstilbod for at vi skal få folk til å slå seg ned, leve og trivast i fylket, meiner fylkesordføraren.