Hopp til innhold

Politiet skeptiske til å gje frå seg sivile oppgåver

Éitt av tre lennsmannskontor bør leggjast ned, og sivile oppgåver bør flyttast ut av politiet, meiner eit utval som har analysert etaten. Politimeisteren i Vestfinnmark fryktar at dette betyr slutten på den daglege kontakten med publikum.

Politianalyseutvalget føresleg å flytta mange sivile oppgåver frå politiet over til andre etatar. Politiets fellesforbund meiner dette er eit feilsteg.

Av 11.500 politi-tilsette jobbar berre 5000 med ordinære politioppgåver som til dømes kriminalitetsnedkjemping. Sivile oppgåver som pass-utferding og registrering av asylsøkjarar bør flyttast ut av politiet, skriv Politianalyseutvalet i ein 300 sider lang rapport.

Torbjørn Aas, politimeister i Vestfinnmark

Torbjørn Aas er politimeister i Vestfinnmark politiditrikt. Den daglege kontakten politiet har med publikum kan forsvinna dersom etaten blir fråtekne sivile oppgåver, fryktar han.

Foto: Tobias Prosch Simonsen / NRK

– Desse sivile oppgåvene ligg hjå politiet i dag fordi me skal ha ei lokal forankring. Det er viktig å tenkja på når me skal sjå på framtida, seier Politimeisteren i Vestfinnmark politidistrikt Torbjørn Aas.

– Me veit at mange politidstrikt og poliiteiningar som i dag ikkje har nok kriminalitet til å berre driva med kriminalitetsnedkjemping. Då har dei sivile oppgåvene blitt lagt dit for at ein skal kunne oppretthalda eit polititilbod som også dreier seg om beredskap, legg Aas til.

Politimeisteren er i Oslo for å ta imot rapporten frå politianalyseutvalet som på oppdrag frå regjeringa har gått politietaten etter i saumane. Onsdag leverer dei sin dom til Justisdepartementet.

Vil flytta sivile oppgåver ut av politiet

I den 300 sider lange rapport teiknar utvalet eit dystert bilete av dagens politietat i Noreg som «stengt, fråverande og kostbart», ifølgje VG.

Av 11.500 politi-tilsette jobbar berre 5000 med ordinære politioppgåver som til dømes kriminalitetsnedkjemping.

Resten er bundne til admnistrativt arbeid og forvaltingsoppgåver, ifølgje rapporten.

Blant dei sivile oppgåvene som utvalet meiner kan bli overførte til andre offentlege etatar er pass-utferding, handsaming av søknader om arbeidsløyve og registrering av asylsøkjarar.

Ifølgje utvalet er dette noko Skatteetaten og Utlendingsdirektoratet kan ta seg av.

Styreleiaren i Politiets fellesforbund meiner det kan gå ille dersom politiet i framtida blir fråtekne mange av sine sivile oppgåver

– Alt heng saman med alt. Tek du ut nokre tenner i eit tannhjul, er det fort gjort at ein sykkel ikkje går rundt, seier Sigve Bolstad til NRK.

Færre distrikt og lensmannskontor

Etter det NRK veit, vil det regjeringsoppnemnde utvalet også føreslå langt færre politidistrikt enn i dag – frå 27 til 6.

Dei vil også ha færre lensmannskontor og politistasjonar rundt om i landet, og føreslår at kvar tredje tenestestad blir lagd ned – frå 354 til 220.

Argumentet er at beredskapen vil bli betre ved at fleire politifolk kjem seg ut på patrulje, og at responstida dermed blir kortare. Større operasjonssentralar og fagmiljø skal også gjera politiet i betre stand til å handtera større hendingar.

(Artikkelen held fram under videoen)

1 av 3 lensmannskontor og politistasjonar rundt i landet, bør leggjast ned. Det er, etter det NRK erfarer, eitt av forslaga til politianalyseutvalet.

Politianalyseutvalet føresleg ein kraftig reduksjon av både politidistrikt og lensmannskontor.

Geir Ove Heir

Geir Ove Heir er politimeister i Salten politidistrikt.

Foto: Gerd Elise Martinsen

– Eg trur nok dette forslaget er den største omveltinga i norsk politi som vi kjenner til, seier politimeister Geir Ove Heir i Salten politidistrikt.

Han er ikkje utan vidare ueinig i nedlegginga av tenestestader som politianalyseutvalet går i bresjen for.

– Det har me hatt tankar om før, men eg vil ikkje kommentera dette før me veit kva vurderingar analyseutvalet har gjort seg. Det er heilt klart at alle distrikt har noko å gå på for å bli betre, seier Heir.

– Fjernar oss frå publikum

Vestfinnmark politidistrikt er førebudde på samanslåing med andre einingar, men er skeptisk til færre driftseiningar, fortel politimeister Aas.

– Det er veldig trasig om me får eit politi som fjernar seg frå publikum. Dersom det endar med at politet blir kraftig sentralisert og berre rykkjer ut ved hendingar, vil me fjerna oss frå den daglege kontakten. Det blir ganske grunnleggjande endringar samanlikna med det politiet me kjenner i dag, meiner Aas.

Men politimeistrane Heir og Aas i Salten og Vestfinnmark er begge avventande med å fella dom over rapporten før den blir lagt fram onsdag.

–Me skal sjå på grunngjevinga og lesa den nøye før me blir bastante på om dette er gode eller dårlege forslag, seier Aas.

AKTUELT NÅ