Utvalet har på oppdrag frå justisminister Grete Faremo (Ap) analysert og granska organiseringa av politiet.
Onsdag 19. juni skal rapporten leggjast fram, truleg med ei tilråding om å redusere dagens 27 politidistrikt til seks, skriv Dagbladet.
- LES OGSÅ:
– Sjølv om tal politidistrikt blir redusert, så er det viktigaste at vi er der folk er, at vi ikkje misser kontakten med publikum. Oppklaringsprosent, sakshandsamingstid og god dialog med publikum heng mykje saman, seier Kjetil Drange, fylkesleiar i Politiets Fellesforbund.
Vestlandsdistrikt
Det var tidlegare politidirektør Ingelin Killengreen som i 2002 reduserte tal politidistrikt frå 54 til dagens 27. Utvalet vil etter det Dagbladet forstår føreslå ei heilt ny organisering.
Av fire vurderte modellar, blir framhald av dagens organisering og politidistrikt som følgjer fylkesgrensene truleg vraka.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Mest truleg blir det seks distrikt, med politimeistrar som styrer Nord-Norge, Midt-Norge, Vestlandet, Sørlandet, Østlandet og Stor-Oslo.
– Ikkje med det første
Sjølv om særorgana i politiet truleg blir som i dag, stiller utvalet spørsmål ved om det framleis er behov for store organisasjonar som Kripos, Økokrim og Utrykkingspolitiet.
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
ARKIVFOTO: Sogn og Fjordane politidistrikt har i dag hovudkontor i Florø. I framtida kan det bli slått saman i ein stordistrikt for heile Vestlandet.
Foto: Arne Stubhaug / NRK– Det er ei drastisk endring, men vi tek det som eit framlegg. Dette skal handsamast politisk, vi står føre eit val. Eg trur nok ikkje at vi ser det trer i kraft med det første, meiner Drange.
– Uaktuelt
For Sogn og Fjordane sin del betyr det at sentralane til både brann- og politiberedskapen kan forsvinne frå fylket. Begge er i dag lokalisert i Florø.
KRITISK: Jenny Klinge (Sp).
Foto: Bernt SønvisenJustispolitisk talsperson i Senterpartiet, Jenny Klinge, seier på si side at framlegget frå utvalet er uaktuelt å gjennomføre.
- LES OGSÅ:
– Det er ikkje på noko måte aktuelt. Vi skal ikkje gjere strukturendringar for endringane si skuld. Eg trur det er fornuftig å gjere noko reduksjon, men så få er ikkje aktuelt, seier ho.
– Kan la seg gjennomføre
Fylkesleiar Drange seier at lokalt forankra politi og god kvardagsberedskap er det viktigaste for Politiets Fellesforbund Sogn og Fjordane.
– Eg er ikkje sikker på om publikum vil merke så mykje om ein blir leia frå andre stader. Enkelte oppgåver trur eg vil kunne la seg gjennomføre utan at publikum vil legge merke til det, seier han og avsluttar:
– Ein fryktar jo ein viss ressursflyt frå distrikt til store bymiljø. Kunnskapsmessig kan ein stille spørsmålsteikn ved om lokalkunnskapen til ein lokal operasjonssentral blir svekka kontra ein sentral operasjonssentral.