Hopp til innhold

Åtvarer mot sniksentralisering av politiet

Han har fått trippeldrap, tunnelbrann og sist storbrannen i Lærdal i fanget. No åtvarerer regionlensmannen i Sogn mot det han kallar sniksentralisering av norsk politi.

Regionlensmannen i Sogn er kritisk til det han meiner er ei sniksentralisering av norsk politi.

SJÅ NETT-TV: Politistyrkar i Sogn trenar på verst tenkjelege scenario. Men i framtida kan store område av distrikts-Norge vere utan politi, fryktar regionlensmann.

«Når min generasjon politifolk sluttar, oppleve at kommune etter kommune og bygdesamfunn etter bygdesamfunn ikkje har politifolk buande i lokalsamfunnet. Og det er viktig. Alvorleg viktig.»

Åge Løseth, avtroppande regionlensmann i Sogn

– Politiet blir organisert i geografisk store vaktområde. Patruljar på hjul. Tilfeldigheitene avgjer kvar denne patruljen er når noko skjer. Då kan det ta for lang tid å komme fram i tide, seier Åge Løseth.

Politiet sist på staden

Som regionlensmann i Sogn har sjølv fått kjenne kritikken hagle mot eit politi som stadig kjem sist når naudetatane rykkjer ut. Ikkje minst då tre personar brutalt vart drepne om bord i ein ekspressbuss på Holsbru i fjellet ovanfor Årdal.

Åge Løseth

ÅTVARAR POLITIKARANE: Regionlensmann Åge Løseth fryktar kommune etter kommune blir ståande utan korkje politikontor eller fastbuande politifolk.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Seinast i samband med Holsbru-tragedien i november opplevde vi dette, seier regionlensmannen fortvila.

Då alarmen gjekk var nærmaste patrulje i nabokommunen Lærdal. Både brannvesen og ambulanse kom til staden lenge før politiet, og det var desse mannskapa som måtte uskadeleggjere den antatte gjerningsmannen. Først etter éin time kom første politipatrulje.

Løseth fryktar det i framtida vil bli meir regel enn unntaket at politiet kjem for seint til hendingar i distrikts-Norge.

– Eg har vore uroleg for utviklinga lenge. Politianalysen og forslaga der, gjer meg slett ikkje mindre uroleg.

Trippeldrap og storbrannar sette beredskapen på prøve

Politisjefen har det siste halvanna året hatt ansvar for sju kommunar. Kommunar som det siste halve året har blitt sett på store prøver: Trailerbrannen i Gudvangatunnelen på E16 i august, bussulykka som kravde to liv i Sogndal, trippeldrapet om bord i Valdresekspressen i Årdal i november, og sist storbrannen i Lærdal natt til 18. januar. I tillegg har kjem fleire andre ressurskrevjande saker for politiet i Sogn.

Dei siste store hendingane i Sogn viser at behovet for politiet sitt nærvære er der, meiner Løseth.

– Eg har tidlegare prøvd å åtvare om dette. Vi må vere der ting skjer. Det er avgjerande viktig å komme raskt til staden når dei alvorlege tinga skjer. Og det er like viktig å kjenne området så godt som mogleg. Altså å kjenne plassen.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Kripos sine teknikarar gjer undersøkingar ved bussen der tre personar vart drepne i Årdal

EIN TIME FOR SEINT: Då tre personar vart drepne på Valdreseksressen rykte politiet ut frå nabokommunen.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

151 kontor kan forsvinne

Men Politianalysen frå Politidirektoratet, som no er ute på høyring, ønskjer å redusere talet på tenestestader frå dagens 354 til 203. Den store taparen blir, ifølgje Løseth, publikum.

– Det vil svekke våre tilstedeverelse og beredskapsevna monaleg. Viss så mange lensmannskontor som det er forslag om blir lagt ned, så vil vi når min generasjon politifolk sluttar, oppleve at kommune etter kommune og bygdesamfunn etter bygdesamfunn ikkje har politifolk buande i lokalsamfunnet. Og det er viktig. Alvorleg viktig. Det såg vi i samband med ein del av hendingane vi no har hatt i Sogn, meiner regionlensmannen.

Han meiner Politianalysen føyer seg inn i eit mønster som steg for steg har sentralisert politiet, nærmast i det stille dei siste åra.

Lensmannskontoret i Årdal

FØRESLÅTT LAGT NED: Lensmannskontoret i Årdal er eitt av 151 kontor rundt om i landet som kan bli lagt ned.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi har opplevd over tid ei arbeidstidsavgjerd som skaper utfordringar. Vi har tatt vekk buplikta for politifolk i distrikta, tatt vekk ei lang rekke gjeremål som gir grunnlag for å halde oppe lensmannskontor, og vi ser at Politianalysen føreslår meir av det same.

2005: Skulle styrke nærpolitiet

Løseth takkar no av som regionlensmann i Sogn og går tilbake til sin gamle jobb som lensmann i Sunnfjord-kommunen Fjaler. Eitt av mange lensmannskontor der Løseth og hans aldersgruppe kan bli dei siste som har jobb.

Den erfarne politimannen er forundra over at eit samrøystes storting så seint som i 2005 vedtok nøyaktig det motsette.

– I Politirollemeldinga sa politikarane at vi skal styrke det lokale nærpolitiet. Trass i dette skjer det motsette. Og det er først og fremst internt i vår eigen etat at desse sentraliseringseffektane har fått virke. Det er forunderleg at ein let dette skje når ein faktisk har vedteke det motsette, undrar Løseth.

Regjeringa lovar betre politi

Hans Røsjordet

LOVAR BETRE POLITI: Endringane politiet står overfor skal gi betre polititeneste, seier statssekretær Hans Røsjorde (Frp).

Foto: Larsen / SCANPIX

Etter hans oppfatning har dagens politikarar to val når dei snart skal ta stilling til Politianalysen:

– Det eine er å følgje dei fleste tilrådingane i analysen, og dermed gå inn for å sentralisere politiet i distrikts-Norge kraftig. Det andre er å reversere utviklinga. Gå tilbake til ting slik dei var litt tidlegare, og fungerte godt. Og sørge for å følgje opp det dei sjølve vedtok i Politirollemeldinga.

– Eg vil sterkt anbefale dei sterkt å følgje det dei vedtok i 2005 og sjå til at dette blir følgt opp i praktisk handling, oppmodar regionlensmann Åge Løseth.

Justis- og beredskapsdepartementet er statssekretær Hans Røsjorde klar på at skal omorganisere, men seier at det er til det betre.

– Vi har lagt eit mål på to polititenestemenn per 1000 innbyggjar. Gjennom dette målet håpar vi å få til meir politikraft der det trengst, seier Frp-statssekretæren.