Hopp til innhold

Han er den nye regionlensmannen i Sogn

Trond Arne Aglen har frå utsida sett politiet i Sogn handtere den eine store hendinga etter den andre. Frå måndag overtek han sjølv ansvaret.

Trond Arne Aglen

NY REGIONLENSMANN: Trond Arne Aglen byter ut Sunnmøre med Sogn.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

«Eg gler meg til å kome ned å helse på dei tilsette og dei som har stått midt i alle hendingane. Det er krevjande å ha media og riksmedia sitt søkelys på seg, slik Sogn har hatt den siste tida.»

Trond Arne Aglen

– Det er klart ein gjer seg nokre tankar. Eg er imponert over jobben dei har gjort. Det er eit lite distrikt som har vore utsett for så mange store og krevjande hendingar på kort tid, seier den nye regionlensmannen i Sogn.

Måndag tek han over som lensmann i Sogndal og Leikanger. Med stillinga følgjer også ansvaret som regionlensmann for Sogn (frå Vik i vest til Årdal i aust), eit område der mannskapa det siste halvåret gong på gong har blitt sett på prøve.

Drap og storbrannar

Lensmann Åge Løseth

HEIM TIL SUNNFJORD: Åge Løseth legg bak seg eit dramatisk år i Sogn. Frå måndag er han tilbake i sin faste jobb som lensmann i Fjaler.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Trailerbrannen i Gudvangatunnelen, kollisjonen mellom to bussar i Sogndal, trippeldrapet i Årdal og sist storbrannen i Lærdal. I tillegg har regionen hatt fleire andre større saker som har kravd mykje politiressursar.

I front, som talsmann for politiet har regionlensmannen stått. No takkar Åge Løseth av etter halvanna år i Sogn, og vender tilbake til sin faste jobb og noko rolegare tilvære som lensmann i Fjaler.

Løseth sin arvtakar seier han har stor respekt for innsatsen politiet i Sogn har vist.

– Eg gler meg til å kome ned å helse på dei tilsette og dei som har stått midt i alle hendingane. Det er krevjande å ha media og riksmedia sitt søkelys på seg, slik Sogn har hatt den siste tida. Men eg er imponert over korleis dei har klart å stått i det, seier mannen som no skal fronte politiet i Sogn.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Tjukk røyk la seg over store delar av Lærdal under storbrannen

STORBRANNEN I LÆRDAL: Natt til 18. januar fekk politiet i Sogn den førebels siste store og ressurskrevjande saka i hendene.

Foto: Jan Erikstad

12 år på Sunnmøre

Den nye regionlensmannen kjem opphaveleg frå Trøndelag, men kjem frå politijobb i Ulsteinvik på Sunmøre. Han er 42 år, gift og trebarnsfar.

– Eg er ein politimann som har tenestegjort på Sunmøre dei siste 12 åra. Dei siste seks åra har eg jobba for Politihøgskolen, med ansvar for å utdanne nye politifolk, i ei stilling vi kallar for praksisansvarleg. Det vil sei at eg har hatt ansvar for til saman 24 studentar som har vore under opplæring på Sunmøre. Men no er eg klar for nye utfordringar i Sogndal.

– Kva er grunnen til at du no søkte deg til Sogn?

Åstaden for trippeldrapet

TRIPPELDRAPET I ÅRDAL: Tre personar vart drepne om bord i Valdreseksressen på fv. 53 mellom Årdal og Tyin. Ein sør-somalisk asylsøkjar er sikta for drapa som framleis blir etterforska.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Det er litt tilfeldig. Sunmøre og Sogn og Fjordane har jobba tett som naboar i alle år. Så eg følgjer med på det som rører seg, både sørover og nordover, seier Aglen.

Han har dei siste åra tatt ein god del leiarutdanning og seier han har hatt eit ønskje om å jobbe som leiar i etaten.

– Når moglegheita bydde seg no, ser eg moglegheit til å bruke utdanninga til å skaffe meg leiarerfaring.

Trur politiet er betre rusta no

– Indre Sogn har vore i media sitt søkelys som følgje av ei rekkje dramatiske hendingar det siste året. To dramatiske brannar, trippeldrapet og trafikkulukker. Kva tenkjer ein ny regionlensmann når dette er bakteppet på veg inn i ny jobb i distriktet?

Bussulukke i Fardal

BUSSULYKKA I FARDAL: To personar omkom då to bussar kolliderte på riksveg 55 ved Fardal i Sogndal. Føraren av ein svensk turistbuss er tiltalt for bildrap.

Foto: Christian Blom

– Heile politietaten har jo søkelyset på seg etter dei grusome hendingane som har vore. Det er ein del av det å vere i politiet. Men det gjer inntrykk. Ein ting er kollegaene der nede, ein anna ting lokalsamfunn som er hardt ramma. Det er klart det gjer inntrykk. Likevel gler eg meg til å kome ned å bli kjent med desse menneska.

– Tenkjer du litt sånn skjebnetru at no har Indre Sogn hatt så mykje store saker at når du kjem ned må det roe seg?

– Det er nok freistande å tenke slik og håpe at det er slik. Men vi ser jo at dette er tilfeldigheiter og skjebnar som ein ikkje rår over. Vi vil aldri kunne vite kva tid ei ny hending oppstår, kva type hending det er og kvar det skjer. Det er det hendingane i Indre Sogn viser. Det var nok ikkje mange som hadde tenkt at det skulle skje meir, men så kom brannen i Lærdal. Så det går ikkje an å tenke slik at no roar seg.

– Eg tenker at det som er unikt der nede er at dei vil ha skaffa seg mykje erfaring, som gjer dei enno betre rusta til å takle neste hending. For det vil nok dessverre skje. Men om det vert i Sogn eller andre stader veit vi ikkje. Heldigvis.

Har vore tillitsvald

Gudvangatunnelen

TUNNELBRANNEN: Brannen i Gudvangatunnelen i august i fjor markerte starten på eit uvanleg travelt halvår for politiet i Sogn.

Foto: Arve Veum/Monika Blikås / NRK

– Du har også erfaring frå fagforeiningsarbeid i Politiets Fellesforbund på Sunmøre. Politiet er inne i ein nokså kontroversiell prosess med omstrukturering. Kva tenkjer du om den?

– Eg tenkjer at det er ein del av samfunnsutviklinga. Og no er det politiet sin tur, no er det politiet det er søkelys på. Vi står overfor endringar, og det må vi berre godta. Korleis endringane vert, vil tida vise. Men eg tenkjer at det å stå i endringar er ein del av utviklinga som også politiet må ta innover seg.

– Men det er krevjande, ikkje minst for dei tilsette. Det vert usikkeheiter. Vi ser at det vert sett spørsmålsteikn med kva oppgåver politiet skal ha, det vert føreslege å leggje ned kontor. Det er utfordrande. Då er eg glad for bakgrunnen min med arbeid som tillitsvald, men også kunnskapen om endringar og regelverk rundt omstillinga i staten og så vidare.

Vil fronte eigne meiningar

– Sentraliseringsforslaga som er ute til høyring eller diskuterte no for tida gjeld både politi, alarmsentral og brann. Seier du at slik må det berre bli?

Sogndal Politistasjon

NY ARBEIDSPLASS: Her frå Sogndal politistasjon får Trond Aarne Aglen ansvaret for politiet i sju kommunar i Sogn.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Eg er nok redd for at vi berre må godta at storsamfunnet ønsker å endre strukturen i politiet på lik linje med alle dei andre. Korleis dei endringane vert veit vi ikkje. Og det er klart at når vi får slike hendingar som vi har sett den siste tida, så er det krefter som meiner at med alle dei lokale store og små brannane så er det kanskje derfor vi skal ha nærpolitiet der ute for å kunne handtere slike hendingar. Så korleis resultatet blir tør eg ikkje spå. Men at det vil kome endringar, trur eg nok vil skje. Men då er det viktig å ha gode prosessar.

– Får Sogn no ein lensmann som kjem til å stå på barrikadane i nokon samanheng i desse spørsmåla?

– Eg kjem nok til å ha mine meiningar ut ifrå dei tilsette og leiinga i Sogn og Fjordane. Heilt klart. Eg har mange tankar om det og eg skal setje meg godt inn i prosessane. Eg har lest både innstillinga og høyringssvar frå politimeister og distrikt. Så ja, eg kjem til å engasjere meg og eg kjem til å vere tydeleg, også i dei sakene, seier den nye regionlensmannen i Sogn.

Ps. Tidlegare forbundsleiar i Politiets Fellesforbund, Arne Johannessen (busett på Hafslo i Luster) har framleis permisjon frå stillinga som lensmann i Sogndal.