Hopp til innhold

Foreslår å leggje ned 50 distriktsarbeidsplassar: – Dei berre leiter etter oppgåver

Politiets Fellesforbund opplever at 50 tilsette som jobbar med lønn og rekneskap i Kristiansund ikkje har nok å gjere. Respektlaust utsegn, svarar ordføraren.

Politiets lønns- og regnskapssenter i Kristiansund

Det jobbar 50 tilsette på Politiets lønns og rekneskapssenter i Kristiansund. Politiets Fellesforbund meiner dei ikkje har nok å gjere.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

I 2017 blei det oppretta eit senter for lønn og rekneskap i Kristiansund der det jobbar rundt 50 tilsette.

I ei høyring om statsbudsjettet i justiskomiteen foreslår Politiets Fellesforbund no å leggje ned senteret for å styrke grunnberedskapen og auke vidareutdanninga.

– Der sit det ein god del tilsette som vi meiner ikkje har nokon funksjon lenger i politiet. Der kan ein finne ganske mange millionar som kan omdisponerast og brukast til noko anna, seier Unn Alma Skatvold, leiar i Politiets Fellesforbund.

Ho seier at hovudoppgåvene er flytta over til Direktoratet for Forvaltning og Økonomistyring (DFØ).

– Det er unødvendig å ha eit sånt mellomsenter som eg no opplever sit berre og leiter etter oppgåver for å oppretthalde eigen eksistens, for å vere heilt tydeleg, seier Skatvold.

Forbundsleiar Unn Alma Skatvold meiner administrasjonstilsette i Kristiansund må vike for å få meir politi i politidistrikta.

– Stemmer ikkje

Avdelingsleiaren på kontoret i Kristiansund kjenner seg ikkje igjen i det som Skatvold påstår. Ho er klokkeklar på at det er eit stort behov for dei.

– Dei oppgåvene vi utfører her er heilt nødvendige og lovpålagde. Viss ikkje vi skal gjere dei her så må nokre andre gjere dei, og då er det ikkje noko å spare på det, seier Marit Reitan.

Ho stadfestar at nokre oppgåver blei overført til DFØ, allereie før senteret blei etablert i Kristiansund, men at dette førte til ei redusering frå 70 til 50 stillingar. I tillegg har dei hatt vekst etter at politiet innførte nytt rekneskapsprinsipp.

Kva tenkjer du om utspelet som kom frå Politiets Fellesforbund?

– Eg tenkjer at det ikkje er uvanleg at de operative delane i ei verksemd har liten innsikt i og kanskje liten forståing for dei administrative oppgåvene. Vi har 19.000 tilsette i politiet som skal ha løn kvar månad, og vi har eit årsbudsjett på 21 milliardar kroner som det skal avleggast rekneskap for, seier Reitan.

– Respektlaust

Forslaget til forbundet får ordføraren i Kristiansund til å riste på hovudet.

– Det er både ei meiningslaus og respektlaus utsegn. Då bør ein kanskje setje seg litt meir inn i kva dei faktisk gjer, seier ordførar Kjell Neergaard (Ap).

Helseminister Ingvild Kjerkol til Kristiansund sjukehus

Kjell Neergaard, ordførar i Kristiansund kommune (Ap).

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Det var bestemt politisk at det skulle vere 70 stillingar i Kristiansund. Det er 50 i dag, også fekk vi 20 i skatteetaten i staden. Viss Politiets Fellesforbund meiner det ikkje er nok å gjere her, så får ein heller fylle kontoret med nok oppgåver då i staden for å kome med ei sånn tullete uttale, seier Neergaard.

Hovudtillitsvalde i Parat politiet, Einar Kaldhol, er svært overraska over at forbundet foreslår nedlegging utan at det er greia ut.

– Eg opplever at det ikkje stemmer i det heile tatt. Eg opplever at våre medlemmar i Kristiansund gjer ein god jobb, er arbeidssame, initiativrike og er interessert i å bidra til at politiet leverer på samfunnsoppdraget vårt, seier Kaldhol.