– For oss handlar det om å få ein avklaring på kva som skjedde, og kva som var sanninga. Vi fekk to versjonar, ein frå leiinga og ein frå dei som var involvert, seier Wenche Røkenes, føretakstillitsvald for sjukepleiarforbundet.
I haust varsla 10 fagforbund i Helse Førde full mistillit til føretaksleiinga. Forbunda organiserer nesten alle av dei om lag 2 500 tilsette i Helse Førde, og skulda føretaksleiinga for uryddige prosessar, dominerande leiarstil og lovbrot.
I HARDT VÊR: Administrerande direktør Jon Bolstad og viseadministrerande direktør Vidar Vie.
Foto: NRKNoko av bakgrunnen var forsøket på ei omorganisering tidlegare på året.
Forbunda skreiv at dei opplever «grunnleggande mistillit og store samarbeidsvanskar mellom føretaksleiinga, øvrig leiing og tillitsvalde», og bad styret i Helse Førde vurdere om tilstrekkeleg tillit var på plass.
- LES SAKA: Full mistillit mot leiinga i Helse Førde
Nesten samstundes klaga ein medarbeidar i Helse Førde viseadministrerande direktør Vidar Vie inn for leiinga i helseføretaket. Varslinga skal ha botna mellom anna i Vie sin leiarstil.
Korkje Vie, administrerande direktør Jon Bolstad eller andre i føretaksleiinga har ønskt å kommentere saka gjennom prosessen.
- LES SAKA: Toppsjef i Helse Førde i varslarsak
Styre bad om hjelp
Sakene var av ein slik karakter at styret i Helse Førde valde å be om hjelp utanfrå til å undersøkje forholda i helseføretaket.
Og fredag vil konsulentane legge fram dommen over føretaksleiinga. Det stadfestar styreleiar Agnes Landstad.
– Vi får presentert rapporten. I den grad eg har følgt prosessen undervegs, har eg stor tillit til at det er blitt gjort eit grundig arbeid, seier Landstad.
VARSLARSAK: Ein medarbeidar i Helse Førde varsla viseadministrerande direktør Vidar Vie inn for leiinga.
Foto: Bent Are Iversen, FirdaHo seier styret vil ta grep etter det som kjem fram.
– Sannsynlegvis vil styret ta imot rapporten og kome tilbake med oppfølging i eit seinare møte, seier Landstad.
Ho seier at styret er klar til å rydde opp.
– Det er viktig at vi får dette fram og at vi får samla trådane slik at vi får legge til rette for vidare utviklingsarbeid. Vi har store oppgåver på gang i Helse Førde og må samle energien i rett retning.
– Har du tillit til at det som granskarane har kome fram til, kan hjelpe styret til å skape ro i organisasjonen?
– Det er heile hensikta. Vi skal få fram forbetringspunkta og samle kreftene, seier Landstad.
NØGD, SO LANGT: Vi har tillit til prosessen, seier tillitsvald Wenche Røkenes i sjukepleiarforbundet.
Foto: Odd Helge Brugrand / NRKEkstra tid
Konsulentane nytta både desember og januar til å undersøkje forholda, mellom anna har dei intervjua eit høgt tal tilsette.
Forbunda som varsla mistillit har tillit til prosessen så langt.
– Vi har tillit til at dette er blitt gjort på ein nøytral måte. Og at dei som gjennomfører undersøkinga er nøytrale i arbeidet, seier Wenche Røkenes.
- LES OGSÅ: Toppsjef i Helse Førde i varslarsak
- LES OGSÅ: Vil ikkje snakke om varslarsaka
- LES OGSÅ: Full mistillit mot leiinga i Helse Førde
- LES OGSÅ: Styret i Helse Førde må ta grep
- LES OGSÅ: Slik skal ho prøve å rydde opp i Helse Førde
- LES OGSÅ: Helse Førde-granskarane treng meir tid
- LES OGSÅ: Nytt brev hevdar at medarbeidarar flyktar frå direktør i Helse Førde