Hopp til innhold

Fem trendar frå det eksepsjonelle kraftåret

Ny rapport identifiserer fem hovudtrendar i det som vert karakterisert som «eit eksepsjonelt kraftår».

9mLiBgQyGRU

NY REKORD: Totalt bytta 800.000 kundar straumleverandør i 2021. Det er ny rekord.

Foto: Marius Helge Larsen / NTB

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Aldri har vi brukt meir straum. Aldri har vi produsert meir straum. Og aldri har fleire bytta straumleverandør.

Det er tre av funna i ein oppsummering frå Elhub, som vert publisert i dag. Elhub er eit dotterselskap av Statnett, som samlar inn data frå strømmålarane i heile landet.

I alt peiker rapporten på fem hovudtrendar i «det eksepsjonelle kraftåret» 2021:

  • Forbruket aukar markant for hytter og fritidsbustader
  • Straumforbruket i hushald aukar, men meir moderat
  • Sterkare konkurranse og nye aktørar blant straumleverandørane
  • Det blir fleire plusskunder, som produserer meir straum enn de bruker, for eksempel gjennom solceller
  • Stadig fleire skifter leverandør

Totalt bytta 800.000 kundar straumleverandør i 2021. Det er ny rekord.

– Volumet var spesielt stort i byrjinga av året, då det var mykje medieoppslag knytt til Forbrukerrådets omtale av kraftleverandørane, samt mot slutten av året, da prisane var på sitt høgste, seier Sigbjørn Høgne, som er dagleg leiar i Elhub.

Ved utgangen av året var det registrert 134 nettselskap og 155 kraftleverandørar i den norske marknaden. Det er ti fleire enn året i førevegen.

Laurdag vedtok landsstyret i SV at dei «vil bli kvitt» selskapa som lever av å selje straum åleine.

Nordmenn brukte meir straum

Trass dei høge straumprisane viser rapporten at nordmenn brukte meir straum enn nokosinne. Opp frå om lag 134 TWh (2020) til rekordhøge 140 TWh (2021).

Særleg var auken for fritidsbustader markant (sjå faktaboks for detaljar).

– 2021 har vore usedvanleg på mange måtar, seier Gunnar Løvås, konserndirektør for Kraftsystem & Marked i Statnett.

4. februar i fjor bad han befolkninga om å la vere å lade opp elbilen mellom 8 og 9 om morgonen. Forklaringa var «den stramme forsyningssituasjonen».

– Hugs på den kalde vinteren

Kraftanalytikar i Volue Insight, Tor Reier Lilleholt, seier den auka straumbruken i 2021 må tolkast i lys av den kalde vinteren.

Når det gjeld straumbruken i fritidsbustader, er nok det ein konsekvens av hyttemarknaden under covid, der langt fleire har blitt hytteeigarar.

Anders Lie Brenna er redaktør i energiavisa Enerwe. Han seier det mest påfallande med 2021 er korleis året har spent bein på «sanninga om at det alltid lønner seg med spotpris». Han presiserer:

Men framleis er det slik at fastpris føreset at du som kunde treffer betre enn straumselskapa, og normalt vil dei ha betre føresetnader for å spå straumprisane, seier han.

Knut Lockert, dagleg leiar i energiforeininga Distriktsenergi, seier «det er underleg» at rapporten ikkje drøfter at landet «i praksis er delt i to».

No er vi der at éin del av landet har dramatiske høge kraftprisar, og ein annan del ser det heile på avstand. Det er ikkje haldbart over tid.

Vi må snakke om gassen

John Brottemsmo, kraftanalytikar i Kinect Energy, saknar også eitt perspektiv.

Mi oppsummering av kraftåret ville inkludert gassprisen i Europa. Det er den aller viktigaste «begivenheten», også for oss her i Noreg.

I september var den europeiske gassprisen fire gonger høgare enn normalt (sjå graf).

Den europeiske gassavhengigheten mot Russland og flaskehalsar i sentralnettet kan gje store prisforskjellar i Norge i åra som kjem, seier Ole Marius Gloppestad, som er kraftanalytikar i SFE.

1. januar rapporterte fleire medium at EU-kommisjonen vil foreslå at naturgass vert rekna som grøn, miljøvennleg energi.

Robert Kippe er prosjektleiar for kommunikasjon og samfunnskontakt i Norwea. Han seier til NRK at «2021 er eit argument for å auke produksjonen av fornybar energi og skru opp tempoet i omstillinga av energisystemet.»

Rapporten omhandlar først og fremst forbrukssida, og det er greitt nok det. Men når vi samanfattar det eksepsjonelle kraftåret 2021, må vi også sjå på produksjonssida. Inntil all kraft er fornybar, så er det fossil kraft som setter prisen.