Hopp til innhold

Straumrekord: – Ikkje lad elbilen om morgonen

Torsdag morgon brukte vi meir straum enn nokon gong tidlegare i Noreg. No ber Statnett folk om la vere å lade og varme opp elbilen om morgonen.

Lading av elbil i gata

GRØN OMSTILLING: Nordmenn brukar stadig meir straum, ikkje minst fordi vi kjøper stadig fleire elbilar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Mellom klokka 8 og 9 registrerte Statnett eit straumforbruk på 25.146 megawattimar (MWh). Det er 610 MWh meir enn forbruksrekorden som vart sett i januar, melder Statnett.

Gunnar Løvås, konserndirektør for system og marknad i Statnett, manar no folk til å tenke igjennom når dei brukar straum til dei stadig fleire elbilane i Noreg.

– Vi vil veldig gjerne at folk ikkje ladar eller varmar opp elbilen mellom 8 og 9 om morgonen. Det er då vi har det største forbruket av straum i Noreg, seier Løvås.

Han peikar på at dei dagane kraftprisen varierer mykje, så vil det løne seg veldig for folk at elbilen blir lada i periodane med lågt forbruk. Typisk om kvelden eller natta.

– Kall det gjerne ein dugnad der vi må forsøke å spreie ressursane utover i tid, seier konserndirektøren.

Det kalde vêret i Noreg er hovudårsaka til det rekordhøge straumforbruket.

– Men det høge forbruket kjem ikkje berre av kulda, seier Statnett-direktør Gunnar Løvås.

Det er også er resultatet av auka elektrifisering av samfunnet, både innan transport og industri, og ei vriding vekk frå fossilt brensel til oppvarming.

Sist det blei sett ny noregsrekord var 15. januar i år, då blei det registrert ein topp tilsvarande 24 millionar panelomnar.

Før det må vi tilbake til 2016 for å finne førre rekord.

– Det er tydeleg at dette er ein vinter med stort straumbehov. Vi kan ikkje sjå bort frå at det kan komme fleire rekordar dersom vinteren held fram med å vere kald, legg Løvås til.