Hopp til innhold

Ap-toppar usamde om verna vassdrag

Mandatet til energikommisjonen er enno ikkje klart. I mellomtida reagerer opposisjonen på «dobbelttalen» om verna vassdrag.

Is i Verdalselva

VONDT OG VANSKELEG: Klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) sa sist veke at landet må førebu seg på «vonde og vanskelege» vurderingar for å få nok straum.

Foto: Roger Lehn

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

No må Arbeidarpartiet bli samde med seg sjølv om kva dei meiner, seier Birgit Oline Kjerstad (SV) i Energi- og miljøkomiteen.

I førre veke meldte fleire at det var fleirtal i Stortinget for å byggje ut verna vassdrag. Tunga på vektskåla var Arbeiderpartiet, men var det for raskt?

Vassdragsvernet skal «i hovudsak ligge fast» og kraftutbygging skal berre bli vurdert i tre tilfelle, skriv olje- og energiminister Marte Mjøs Persen (Ap) i eit skriftleg svar til Rasmus Hansson (MDG).

De tre kriteria ho viser til er (1) at alle andre flaumdempande tiltak er utprøvd; (2) at «liv og helse står på spel»; eller (3) at verneverdiane «ikkje vert påverka nemneverdig».

Så langt eg kan forstå betyr dette at Persen er heilt usamd med Aasland, seier nestleiar i Miljøpartiet De Grønne, Arild Hermstad.

Vi har ulike roller

Terje Aasland (Ap), som er leiar i energi- og miljøkomiteen på Stortinget, sa i desember at den varsla energikommisjonen bør «sjå om det er mogeleg å bygge ut meir av det som har vore verna».

I dag seier Aasland til NRK at han og energiministeren har «ulike roller» og difor kan uttale seg forskjellig. Han legg til at han «ikkje er så radikal» som han har vore tatt til inntekt for.

Det er ikkje slik at eg vurderer å legge verna vassdrag i rør, som ein overskrift sa. Men vi må ha meir kraft, og då vi må undersøke korleis vi kan få til det utan å minske naturverdiane. Det er ikkje verre enn det.

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) sa sist veke at landet må førebu seg på «vonde og vanskelege» vurderingar. Han presiserte: «På den lista meiner eg at det å utfordre tidlegare vernevedtak skal ligge ganske langt nede».

Høgre og Rødt reagerer på det dei kallar «dobbelttalen» til Arbeidarpartiet.

Det er openbert usemje om dette internt i Ap, men eg er glad for at Persen har eit meir nøkternt syn på saka enn Aasland og Barth-Eide, seier Sofie Marhaug, stortingsrepresentant for Rødt og 2. nestleiar i olje- og energikomiteen.

Det er urovekkande når Arbeidarpartiet uttaler seg ulikt på Stortinget og i regjering i eit så viktig spørsmål, seier Bård Ludvig Thorheim, energipolitisk talsmann i Høgre.

pj1cwkSgN7k

VIL AUKE: I Hurdalsplattformen skriv Støre-regjeringa at ho vil «auke norsk vasskraftproduksjon, blant anna ved å oppgradere og fornye eksisterande vasskraftanlegg.»

Foto: Torstein Bøe / NTB

Som å rive Nidarosdomen for eit kjøpesenter

Leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen, på si side, gler seg over signala frå statsråden:

Det er godt å sjå at ansvarleg minister står fast på vassdragsvernet. For å understreke dette vil eg oppfordre henne til å presisere at kraftutbygging i verna vassdrag ikkje vil inngå i mandatet til energikommisjonen, seier han.

MDG-kollega Rauand Ismail har samanlikna kraftutbygging i verna vassdrag med å rive Nidarosdomen «fordi politikarane i Trondheim plutseleg finn ut at dei trenger eit nytt kjøpesenter.»

Marte Mjøs Persen

I HOVUDSAK: Vassdragsvernet skal i hovudsak skal ligge fast, seier olje- og energiminister Marte Mjøs Persen (Ap).

Foto: Dan Robert Larsen / NRK

Regjeringa har varsla ein energikommisjon som skal undersøke korleis vi kan produsere meir straum. Det er framleis eit ope spørsmål om statusen til verna vassdrag skal vere ein del av denne samtalen.

Regjeringa har også varsla ein tilleggsmelding til energimeldinga, som Stortinget skal behandle i løpet av våren.

Til saman er 390 vassdrag i Noreg heilt eller delvis verna mot utbygging.

I fjor stemte Frp og Sp, som dei einaste på Stortinget, for eit forslag om å opne verna vassdrag for kraftutbygging.

Sidan har også Høgre ved Nikolai Astrup teke til orde for «skånsam kraftutbygging» i enkelte av dei verna vassdraga.

Slaget står i Stortinget

Stortingsrepresentant for Venstre, Alfred Bjørlo, seier til NRK at han «ikkje er roa» over svaret til olje- og energiministeren og at ho «eigentleg berre speler ballen tilbake til Stortinget»

Så det neste slaget står der. Om Ap/Sp no finn saman med Frp/Høgre om å løyse opp i vernet av vassdrag, så er det plutseleg det regjeringa vil ta omsyn til, seier han.

Energipolitisk talsmann i Framstegspartiet, Frank Sve, peikar på det same: At statsråden svarer på ein måte som gjer at ho lett kan snu om det kjem nye vedtak eller styringssignal.

Difor vil vi fremme sak om dette i Stortinget, der det ser ut til å vere eit klart fleirtal for å opne opp i denne saka.

NRK har vore i kontakt med Olje- og energidepartementet, som kvitterer med at dei vil komme tilbake med svar senere.

Oppdatering fredag kl 11:20: Marte Mjøs Persen skriver følgjande til NRK:

  • Vi forholder oss til det Stortinget allerede har vedtatt om vernede vassdrag, og vi kommer ikke til å forandre politikk på dette området.
  • I de vassdragene som har behov for flomsikring, kan det være grunn til å se på muligheten for noe kraftproduksjon. Men jeg vil ikke forskuttere noen konkrete prosjekter. De må gjennom en nøye konsesjonsbehandling. Grunnlaget må alltid være at verneverdiene ikke blir berørt.