– Eg måtte ha nytt tak og då fant eg ut at dette var ei god løysing, seier Jo Inge Solberg.
Han legg til:
– Så slapp eg å kjøpe ny takstein.
Han hentar fram stigen og klatrar opp. Frå taket ser vi Nordfjord og Ryssdalshornet, som kneisar i vårsola.
Men om utsikta er ekstraordinær, vert sjølve taket stadig vanlegare. I løpet av 2020 vart det installert 40 megawatt med ny solkraft i Noreg.
Det svarar til nye 350 solcellepanel kvar einaste dag.
Energiloven seier at dei som sel elektrisitet må ha konsesjon frå NVE. Men kravet gjeld ikkje om straumproduksjonen «i hovudsak» er til eige forbruk.
På enkelte soldagar sel Jo Inge difor straum tilbake til kraftselskapet.
– Då ladar eg vesentleg meir enn eg brukar, seier han.
Ifølge Noregs Vassdrags og energidirektorat (NVE) er 60 prosent av solcellekapasiteten i Noreg installert på nærings- og industribygg. 35 prosent er installert på bustadhus.
SKIEN: Et gigantisk solcelleanlegg er tatt i drift på Skagerak Arena, heimebanen til fotballklubben Odd i Skien.
Foto: Alem Zebic / NRKSolceller på alle skolar i regionen
I Sogndal, halvanna time unna Sandane, tek det største solcelleanlegget i regionen form.
I alt tel det 480 kvadratmeter, og skal dekke ein fjerdedel av straumforbruket til Vitensenteret, som skal vere ferdig i haust. Oppdragsgjevar er Vestland fylkeskommune.
– Vi skal vere 50 prosent betre enn forskriftene krev, seier Tage Rickard Sundell, som er fagansvarleg for energi og klima hos fylkeskommunen.
Heretter blir det liknande anlegg på alle nye skolar i regionen, lovar han.
– Så det blir veldig mykje solcelle framover.
STRANDDALEN: Den Norske Turistforening satsar på solkraft.
Foto: Marte Skodje / NRKReduserer støtta til solceller
I 2020 gav Enova i underkant av 156 millionar kroner til energitiltak i hushaldningane.
Men før jul varsla Enova at dei reduserer støtta til solceller. Forklaringa er at marknaden no kan overlatast til seg sjølv:
– Tilskotet skal gje nødvendig starthjelp til løysingar som trenger eit lite puff. Ein viktig del av jobben vår er å vurdere når desse kan klare seg i marknaden med mindre hjelp, uttala marknadssjef Anna Barnwell i Enova.
Ellinor Melling er prosjektleiar i Solenergiklyngen, som ivrar for meir bruk av solenergi. Ho er ikkje einig med Enova.
– Støtten til private som vil produsere energi sjølv bør doblast, skriv ho i ein kronikk på NRK Ytring.
Ho legg til:
– Når paneler vert monterte på tak og vegger, så unngår vi naturinngrep. I ei tid der det er stor motstand mot vindturbinar er solenergi utan arealkonfliktar.
UTAN KONFLIKT: – I ei tid der det er stor motstand mot vindturbinar er solenergi utan arealkonfliktar, seiar Ellinor Melling i Solenergiklyngen.
Foto: Frode Meskau / NRKVeks raskast i verda
Solkraft er den kraftproduksjonsteknologien som veks raskast i verda, meldte NVE i slutten av mars.
Ifylgje deira berekningar vil solkraft konkurrere på pris med både vindkraft og vasskraft i 2030.
Inga Nordberg er direktør for Energi- og konsesjonsavdelinga i NVE. På deira eigen nettside seier ho:
– Basert på det vi ser i landa rundt oss og korleis teknologien utviklar seg og kostnadene fell, meiner vi at solkraft også vil få ein større rolle i Noreg.
– Berre gode dagar
Attende i Sandane reknar Jo inge Solberg med at han vil ha tent tilbake heile investeringa i løpet av 15 år. Han myser mot vårsola:
– I dag er ein god dag. Ja, heile veka har vore gode dagar.
POWERHOUSE: Trondheims nye landemerke lader bussar og gir lys og varme til nabobygg
Foto: Kirsti kringstad / NRK