Hopp til innhold

Noreg betalar milliardar til EU-fond utan garanti om å få noko i retur

Noreg er bak sitt eiga skjema for å få ned energibruken i norske hus. No kan fleire Enøk-milliardar gleppe.

Joachim Leirbakken fra Aaslund AS blåser isolasjon inn på et kaldt loft i Solhaug menighetshus i Skotselv, Øvre Eiker.

KYRKJA ER EIT GAMALT HUS: Joachim Leirbakken i Aaslund AS blæs 30 cm ny isolasjon i taket på Solhaug kyrkjelydshus i Skotselv. – Det hjelper på varmen. Mange gamle hus har nesten ikkje isolasjon på loftet seier han.

Foto: Kjartan Rørslett / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Over dei neste åtte åra skal Noreg bidra med til saman 5,5 milliardar kroner til eit nytt europeisk klimafond.

Pengane er øyremerkte husstandar og bedrifter som vil investere i Enøk-tiltak.

Men om Noreg får noko igjen for deltakinga, er ikkje avklart.

Utanriksminister Espen Barth Eide har i Teknisk Ukeblad omtalt milliardoverføringane som «ei solidaritetshandling» og eit slags avlat for dei høge gassprisane som har komme den norske statskassa til gode.

Dei førebelse signala frå regjeringa har vore motteke med uro hos dei som har ønskt eit klart svar:

Skal Noreg få noko igjen for investeringane i fondet – eller ikkje?

Heilt absurd at dette ennå ikkje er avklart

Denne månaden etterlyste opposisjonen på Stortinget på ny ei avklaring om Noreg skal få sin del av «kaka», men utan å få svar.

Det er ikkje endeleg avklart om, og eventuelt på kva vilkår, Noreg skal delta, svarte klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Medlemsland som vil søke på midlar frå fondet må levere ein nasjonal klimaplan innan juli neste år.

Det er heilt absurd at dette ennå ikkje er avklart, seier Alfred Bjørlo (V).

I selskap med ei rekke klagar han over korleis regjeringa «sleper beina etter seg».

Dette føyer seg i rekker av energisaker der regjeringa heng etter EU og ikkje klarer å avklare kva Noreg meiner om viktige spørsmål for norsk næringsliv og for norske forbrukarar, seier Mathilde Tybring-Gjedde i Høgre.

Sjå fleire reaksjonar under.

Bård Baardsen Norsk Varmepumpeforening
Kjartan Rørslett

Bård Baardsen, rådgivar i Norsk Varmepumpeforening

– Vi ser ingen gode grunnar for ikkje å delta i dette samarbeidet. Sjølv om Noreg er eit rikt land, er vi blant landa i Europa som har dårlegast støtteordningar for vanlege folk og bedrifter som vil gjennomføre energitiltak.

Andreas StrømsheimAamodt smiler til kameraet med lys i bakgrunnen.
Moment Studio

Andreas Strømsheim-Aamodt, fagsjef for næringspolitikk i Nelfo

– Vi rår regjeringa til å gripe denne moglegheita med begge hender, og ikkje slepe beina etter seg.

Linda Ørstavik berg energipolitisk rådgivar Huseierne
Huseierne

Linda Ørstavik Öberg, energipolitisk rådgivar i Huseierne

– I utgangspunktet er det fint at vi bidrar inn og er solidariske, men det er latskap om vi ikkje samtidig sikrar at desse pengane også kan komme norske bustadeigarar til gode.

Liv Kari Skudal Hansteen
Nicolas Tourrenc

Liv Kari Skudal Hansteen, Rådgivende Ingeniørers Forening (RIF)

– Regjeringa må skru opp tempoet på alle frontar innan grøn omstilling. Vi forventar ei langt sterkare satsing frå regjeringa for å gjere kommunane i stand til å gjere nødvendige tiltak.

Berre kvar femte bustadeigar vel å energi-effektivisere

Bakom kritikken syng ei felles erkjenning om at norske huseigarar «sløser» vekk dyrebar straum på oppvarming, og at dei same huseigarane manglar insentiv for å investere i varmepumper og andre Enøk-tiltak.

I dag står bygg for meir enn halvparten av straumforbruket i Noreg. Likevel viser ein rapport frå Sintef at berre kvar femte bustadeigar vel å energi-effektivisere husa ved oppussing.

I oktober la derfor regjeringa fram ein ny handlingsplan for energieffektivisering, av tre grunnar:

  • For å gi hushalda lågare energikostnader
  • For å frigjere meir energi til næringsutvikling
  • For å sørge for at Noreg kjem nærare klimamålet om 55 prosent utsleppskutt

Les også Regjeringa varslar seks tiltak for at Noreg skal spare straum

Byggeplass

Om satsinga i seg sjølv har brei støtte, har størrelsen på han – i kroner og øre – skapt debatt.

Bakgrunnen er ein Sintef-analyse som seier det vil krevje 4–5 milliardar kroner i støtteordningar kvart år for å utløyse investeringar nok til å nå målet om å redusere straumbruken i norske bygningar med 10 TWh innan 2030.

Til samanlikning inneheld statsbudsjettet for i år ein instruks til Enova om å bruke 1,1 milliardar på sparetiltak i norske hus.

Fosen Dommen
William Jobling / NRK

Sofie Marhaug, energipolitisk talsperson i Raudt

– Noreg bidrar til å finansiere dette fondet. Da er det rett og rimeleg at nokre av pengane også kjem folk i Noreg til gode. Raudt vil ha meir og betre støtte til energieffektivisering av hus og leilegheiter, og har fått fleirtal for dette i Stortinget utan at regjeringa har levert godt nok. Det overraskar meg derfor lite at regjeringa ikkje prioriterer det i denne saka heller. Dessverre!

Alfred Bjørlo
Ned Alley / NTB

Alfred Bjørlo, Venstre

– EU har skjønt noko den norske regjeringa ikkje har skjønt enno: Skal vi få fart på energi-omstillinga og samtidig sikre at «alle skal med» – må vi trappe opp kraftig den økonomiske støtta til dei med dårlegast økonomi. Det bør vere ei sjølvfølgje at Noreg er med EU på dette, og ikkje står på sidelinja og lar folk med dårleg økonomi i Noreg klare seg sjølv.

Lars Haltbrekken klimapolitisk talsperson i SV
n21857

Lars Haltbrekken, energipolitisk talsperson i SV

– SV fekk på plass ein milliard til energieffektivisering i statsbudsjettet i år. Dette er mykje større enn bidraget til EU. Det gjer at burettslag nå kan søke på midlar til energieffektivisering som kuttar straumrekninga for folk flest. Vi har lenge bede regjeringa om å komme med ein konkret plan for korleis dei skal nå målet for energieffektivisering. Her må regjeringa få fart på sakene.

Mathilde TybringGjedde
ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Mathilde Tybring-Gjedde, Høgre

– Vi forventar at regjeringa så raskt som mogleg avklarer om også Noreg skal søke om støtte frå fondet eller ikkje. Regjeringa styrer Noreg mot eit kraftunderskot og det er knapt gitt konsesjon til ny kraftproduksjon dei siste åra. Energieffektivisering må derfor vere ein viktig del av løysinga, både for norske hushald og for bedrifter

Det vil vere skadeleg for Noregs klimaambisjonar

I tillegg til Enova-pengane fekk Husbanken 300 millionar kroner til å støtte energitiltak for hushald med låge inntekter.

Altfor lite, meiner Norske Boligbyggelags Landsforbund (NBBL), som tel 1,27 millionar individuelle medlemmer.

Direktør i foreininga, Bård Folke Fredriksen, seier det vil vere «oppsiktsvekkande» om Noreg ikkje sikrar seg retten til å «ete» av det nye EU-fondet.

Regjeringa må sikre at desse pengane kan brukast på nødvendige energitiltak i her til lands, seier han.

I februar signerte foreininga eit felles opprop til regjeringa der dei etterlyste smartare grep for å få «inntekts- og utgiftssida» i kraftrekneskapen til å gå opp – reint praktisk ved å auke satsinga på energieffektivisering.

Fredriksen legg til:

Det vil vere skadeleg for Noregs klimaambisjonar viss ikkje vi blir ein del av EUs sosiale klimafond.

Les også Staten vil ha meir energisparing i heimane

Gårdsbygning med solcellepanel på taket

Framlegging av regjeringa sin handlingsplan for energieffektivisering

– Eg trur vi alle kan tenkje gjennom korleis vi bruker lys og varme. Alle må ikkje ha 22 grader på kontoret, sa olje- og energiminister Terje Aasland før jul. Regjeringskollega Espen Barth Eide (Ap) har tidlegare sagt at han ville «gå all in» for å få ned energibruken i norske hus.

Foto: Emilie Holtet / NTB

Les også Se hvordan Norske hus lekker varme!

Bilder tatt med varmekamera av NRK-bygget på Marienlyst.