Hopp til innhold

Acer-dommen skaper press på å ta inn fleire EU-reglar

Europeiske lover hopar seg opp på norskegrensa. No aukar presset på å harmonisere lovverket.

Verdens lengste undersjøiske strømkabel, Nordlink.

TYSKLAND-KABELEN: 64 rettsakter frå EU har stoppa på grensa. Så framt desse er for «EØS-relevante» å rekne, skal dei i utgangspunktet inn i norsk lov i løpet av to år. Bilete: Frå arbeidet med Nordlink («Tyskland-kabelen») i 2019.

Foto: Statnett/TenneT / privat

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Førre veke nådde diskusjonen om Acer sitt førebelse klimaks då Høgsterett slo fast at vedtaket om å knyte Noreg til det europeiske energibyrået ikkje er grunnlovsstridig.

No seier fleire at Acer-dommen kan dytte på andre lover som «stangar» mot norskegrensa.

Ei oversikt frå Olje- og energidepartementet (OED) viser at det dreier seg om 64 rettsakter.

Acer-dommen gir rom for å forsterke presset på regjeringa, seier Ola Elvestuen (V).

Han legg til at det «sikkert er nokre av desse reglane som kunne vore betre tilpassa norske forhold»:

– Men mitt syn er at alle bør inn i norsk lov. Eg er trass alt EU-tilhengjar.

(Sjå tilsvar frå olje- og energiminister Terje Aasland lengre ned.)

Ola Elvestuen (V)

Ola Elvestuen (V) vil ikkje høyre på forklaringar om at det er embetsverket som er bremseklossen. – Det er eit politisk ansvar å skjere gjennom, seier han.

Foto: Annika Byrde / NTB

Heilt uforståeleg at dette framleis ikkje er ein del av norsk lovverk

– Høgsterett gir Jonas Gahr Støre juridisk ryggdekning for å halde fram innlemminga av EU-reglar på energifeltet, skriv redaktør i Energi og Klima, Anders Bjartnes.

Une Bastholm (MDG) viser til signal i Dagbladet om at EUs fjerde energimarknadspakke («Ren Energi-pakken») kan bli sett på vent av omsyn til det interne samarbeidsklimaet i regjeringa.

Det er fullstendig useriøst og alvorleg i ei tid der vi treng meir samarbeid på tvers av landegrenser, seier ho.

– Det vesle som i dag blir kutta av utslepp skjer av tre grunnar: framoverlente lokalpolitikarar, framoverlent næringsliv og internasjonale, forpliktande samarbeid i EU og FN.

Sist veke gjorde Klimautvalget 2050 eit poeng av at det «ikkje bør vere uklart» om Noreg skal delta i nye og meir ambisiøse versjonar av EUs klimaregelverk.

Muntlig spørretime på Stortinget

I eit intervju med Dagbladet seier parlamentarisk leiar i Sp, Marit Arnstad, at tredje energimarknadspakke låg på bordet i nesten i ti år før han vart vedteken i Noreg, og antydar at lagnaden til fjerde energipakke (2019) kan bli den same.

Foto: Javad Parsa / NTB

Bård Baardsen i Norsk Varmepumpeforening skuldar Olje- og energidepartementet for å «slepe beina etter seg».

«I årevis har det vore ein ukultur der stortingsvedtak og EU-direktiv om energieffektivisering har vorte trenert», skriv han i ein kronikk hos Altinget.

Til NRK seier han at det er «heilt uforståeleg» at EUs energieffektiviseringsdirektiv frå 2012 framleis ikkje er ein del av norsk lovverk.

For å sikre at dei same reglane gjeld i heile EØS-området skal implementeringa i utgangspunktet ta maksimalt to år.

I budsjettdokumentet for neste år heiter det at departementet vil «vurdere nærmare» kva dei vil gjere med direktivet frå Brussel.

Vi jobbar med å få ned etterslepet, men for regjeringa er det viktig at vi sørgjer for at norske interesser og særeigenheitene i det norske energisystemet blir teke omsyn til, seier olje- og energiminister Terje Aasland.

Han viser til at regjeringa er oppteken av å vareta konstitusjonelle omsyn og at «kvar rettsakt blir derfor vurdert svært grundig».

Dersom nokon meiner grannsemd i slike prosessar er ein ukultur, får det stå for deira eiga rekning.

Olje- og energiminister Terje Aasland

– Forsterka ambisjonar i energisektoren inneber eit større volum av EU-rettsakter med hyppige revisjonar. Regelverket er svært omfattande, og dette medfører tidkrevjande prosessar, seier olje- og energiminister Terje Aasland.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Vi må ta del i den felles europeiske dugnaden

Ein analyse frå NVE viser at energiøkonomisering i norske bygningar kan redusere energibruken med 13 terawattimar (TWh).

Det svarer til nesten 10 prosent av det norske straumforbruket.

Vi ser no resultatet av at departementet skundar seg sakte. Vi er i ferd med å få eit kraftunderskot i Noreg, seier Ove Guttormsen, som er administrerande direktør i Nelfo.

Han legg til:

Bidraget vårt i energiomlegginga kan ikkje avgrense seg til kraftutveksling. Vi må også ta del i den felles europeiske dugnaden.

I 2022 fekk Noreg kritikk av Det internasjonale energibyrået (IEA) for ikkje å satse nok på energieffektivisering.

Ifølgje IEA er energieffektivisering det mest miljøvennlege tiltaket for å avgrense den globale oppvarminga.

Møte i EØS-rådet i november

Viljen i departementet til å innføre god politikk for energieffektivisering verkar langt mindre enn viljen til å bli med i EUs kraftmarknad, seier Sofie Marhaug i Raudt.

I oktober fekk Noreg «kjeft» av Eftas overvakingsorgan (Esa) for å liggje bak skjema og eingong ikkje liggje an til å nå det gamle målet på 40 prosent kutt innan 2030.

– I staden for å vente på lange utgreiingar, kunne vi fått ei hurtigbehandling der vi tok fornuftige reglar inn i norsk lovgiving, seier Marhaug.

EUs klimapakke «Klar for 55» (Fit for 55) skal sikre at EU når målet om å redusere utsleppa av klimagassar med 55 prosent frå 1990 til 2030.

«Klar for 55» er den største pakken av EØS-relevante lover som EU nokon gong har vedteke.

Utanriksminister Espen Barth Eide talte til Stortingets europautval i oktober, understreka han betydninga av at Noreg (og dei andre Efta-landa) ikkje motarbeider den nye klimapakka.

– Forseinkingar vil svekkje norsk klimapolitikk og påverke integriteten i den indre marknaden negativt. Det vil vere uheldig ikkje berre frå ein klimapolitisk ståstad, men også frå ein næringspolitisk ståstad, då dette er dei viktigaste verdikjedene våre, sa han.

20. november er det møte i EØS-rådet (EEA Council), som er det øvste samarbeidsorganet mellom EU og EØS/Efta-landa.

Barth Eide skal der orientere om korleis det går med implementeringa av ulike energi- og klimadirektiv i Noreg.