Hopp til innhold

Endeleg fekk norske Ayla (3) og Asya (2) pappa heim frå Gaza

Familien har kjempa i over eit år for å sjå kvarandre igjen. Denne veka kom pappa Jaber Yaghi til Noreg med arr i ansiktet etter eit israelsk angrep.

Familien Yaghi på Flesland

Jaber Yaghi kunne løfta og klemma døtrene Ayla (3) og Asya (2) for første gong på eitt år då han landa på Flesland torsdag kveld.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Ein lang kamp for å koma seg ut av Gaza og til familien i Noreg er over.

Torsdag kveld landa Jaber Yaghi på Bergen lufthamn Flesland. Der venta kona Vanessa og døtrene.

– Det er ubeskriveleg. Det betyr veldig mykje, spesielt for ungane, at han no er her med oss, seier Vanessa Yaghi.

Levd i uvisse i eit halvt år

Sidan krigen i Gaza starta, har 28-åringen kjempa for å få ektemannen ut og til Noreg. Ho har frykta for livet hans, og tidlegare i år gjekk det nesten gale.

I slutten av februar blei Yaghi såra i eit israelsk angrep i byen Deir al-Bala.

Jaber Yaghi

Jaber Yaghi blei såra i eit angrep i februar. Fleire tital menneske blei drepne og såra i angrepet mot byen Deir al-Bala.

Foto: privat

– Eg er letta og glad for å vera saman med familien min i Noreg, seier Jaber Yaghi etter å ha landa på Flesland.

Kona reiste med døtrene frå Gaza i april i fjor, fordi ho synest det var blitt utrygt å bu der.

Sidan har dei ikkje dei ikkje sett kvarandre. Før torsdag kveld.

Lang og dyr reise

Vanessa Yaghi og døtrene er norske statsborgarar. Dei bur på Stord, der ho flytta til som 13-åring då foreldra fekk jobb der.

Likevel sa utlendingsstyresmaktene lenge nei til familiegjenforeining med Jaber. Dei viste til at ekteskapet ikkje formelt var godkjent og at Vanessa tente for lite pengar.

Vanessa Yaghi saman med døtrene Ayla (3) og Asya (2)

Vanessa Yaghi følte seg makteslaus då NRK møtte ho første gong for to månader sidan. Ho hadde til og med skrive brev til kongen for å få Jaber ut av Gaza. – Jentene treng pappaen sin, sa ho.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Fleire fagfolk og politikarar NRK har snakka med, meinte det i større grad burde leggast vekt på at han har små barn i Noreg.

Statsforvaltaren har seinare godkjent ekteskapet. Og i mars innvilga Utlendingsdirektoratet (UDI) søknaden om familiegjenforeining, og gav mellombels opphaldsløyve.

Vegen ut av Gaza har vore vanskeleg og dyr. Ifølgje Yaghi betalte han rundt 55.000 kroner til eit egyptisk byrå for å koma ut frå Rafah i Gaza til Egypt.

Les også Har kjempa i fleire månader: No er Jaber ute av Gaza

Jaber Yaghi

Grensa i Rafah stengt få dagar etterpå

Etter at Jaber Yaghi kom ut, har israelske styrkar intensivert angrepa mot grensebyen Rafah, der fleire enn ein million menneske har søkt tilfukt.

Levekåra er forferdelege i byen, ifølgje FNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar (UNRWA).

Ifølgje palestinske grensestyresmakter er grensekryssinga ved Rafah stengt for humanitær bistand og leveransar. Samtidig har forhandlingane om ei våpenkvile brote saman.

Les også Netanyahu til «Dr. Phil»: – Vil slåst med berre nevane mot Hamas

Netanyahu says Hamas' tactics regarding civilians make Israel's tasks 'much more difficult'

– Det hadde blitt vanskeleg å koma seg ut viss grensa var stengt. Eg trur eg hadde døydd viss eg ikkje hadde kome til familien min no, seier Jaber Yaghi.

Familien reiste vidare frå Bergen til leilegheita på Stord.

– No skal me ta helg og slappa av, ler Vanessa Yaghi, med gledestårer i auga.

Vanessa og Jaber Yaghi

Vanessa Yaghi og døtrene venta på Jaber då han kom med fly til Flesland torsdag kveld.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

UD: – Uroa for dei som framleis er i Gaza

Rundt 20 personar med tilknyting til Noreg er framleis i Gaza, etter det Utanriksdepartementet (UD) kjenner til.

Dette gjeld norske statsborgarar, utanlandske statsborgarar som er busette i Noreg, og nære familiemedlemer med gyldig opphald i Noreg som reiser saman med desse.

– Me er svært uroa for dei som framleis er i Gaza. Så langt har me bistått rundt 300 personar i desse kategoriene. Dette krevjande arbeidet pågår framleis, ifølgje pressetalsperson Ane Haavardsdatter Lunde i UD.

Jaber Yaghi fell utanfor kategoriane, og har ikkje fått bistand frå UD med å koma seg ut.

Les også Protest Grand Prix

Frivillige