Hopp til innhold

Netanyahu til «Dr. Phil»: – Vil slåst med berre nevane mot Hamas

USA har allereie gitt nok våpen til ein storskala invasjon av Rafah. Netanyahu er ikkje bekymra for Bidens trugslar om ein stans i leveransane.

Netanyahu says Hamas' tactics regarding civilians make Israel's tasks 'much more difficult'

SNAKKAR OM USA OG RAFAH: Kjendispsykolog og talkshow-vert «Dr. Phil» er ein av få som har fått intervjue Benjamin Netanyahu.

Philip Calvin McGraw, betre kjend som Dr. Phil, har floge til Israel og intervjua Israels statsminister Benjamin Netanyahu.

Kjendispsykologen er ein uttalt tilhengar av Netanyahu-regjeringa sin krig på Gazastripa. Han er ein av få som har fått intervjue Netanyahu, som har nekta fleire israelske journalistar intervju.

I intervjuet, som vart sendt på det amerikanske TV-programmet «Dr. Phil Primetime» natt til fredag, snakka dei to om den lenge varsla invasjonen av Rafah og om forholdet til USA.

Joe Biden

Torsdag heldt president Biden ein tale der han truga med å trekke delar av støtta til Israel i krigen mot Hamas. USA er Israel sin nærmaste allierte og største våpenleverandør.

Foto: Morry Gash / AP

USA, som er Israel sin største våpenleverandør og nærmaste allierte, har gått frå å gi full støtte til å uttrykke bekymring for sivile og truge med å halde igjen våpenleveransar.

– Eg håpar at vi kan overvinne usemjene våre no. Men vi vil gjere det vi må for å beskytte landet vårt og framtida vår, sa Netanyahu.

Trugar med å halde igjen våpen

Mange israelarar meiner at Israel ikkje vil greie seg utan USA si støtte i ryggen.

Førre veke heldt Washington tilbake ein leveranse av luftbomber til Israel. På torsdag truga president Biden med å stanse fleire av dei amerikanske våpenleveransane til Israel om militæret går inn i Rafah med bakkestyrkar.

– Du kan ikkje støtte Israels rett til sjølvforsvar, og så motarbeide det når Israel forsvarar seg sjølv, var Netanyahu sin kommentar til dette i intervjuet med Dr. Phil.

Born i flyktingleiren i Rafah sør på Gaza, framfor eit kvitt telt med skrifta "Takk Columbia-studentar"

Born i flyktningleiren i Rafah sør på Gaza, framfor eit kvitt telt med skrifta «Takk Columbia-studentar». Studentar og andre som er imot Israel sin krigføring på Gazastripa, samt USA sin støtte til dette, har demonstrert ved fleire amerikanske universitet dei siste vekene.

Foto: Jebril Abu Kmeil / NRK

Gir framleis støtte

Sjølv om USA skulle stanse våpenleveransane til Israel, har IDF allereie fått nok våpen frå dei til å gå vidare med invasjonen av Rafah. Og USA vil uansett ikkje kutte dei fleire milliardar dollarane dei vedtok å sende til Israel i april, ifølge Washington Post.

Fleire har kritisert det amerikanske forsvarsdepartementet for hemmeleghald rundt kva og kor mykje våpen USA sender til Israel, samstundes som våpenforsyningar til Ukraina vert opplyst om jamleg.

Sidan 7. oktober 2023 har dei godkjent og sendt 100 separate militære sal til Israel.

Netanyahu sa til Dr. Phil at Israel er budd på å stå aleine i krigen, og viste inga bekymring for om ein stopp i våpenleveransar kan prege utfallet av krigen.

– Vi vil slåst med berre nevane om vi må. Men eg forsikrar deg om at vi har meir enn berre nevane våre, sa han.

Oppryddingsarbeid etter israelske bombeangrep i Rafah tysdag.

Oppryddingsarbeid etter israelske bombeangrep i Rafah tysdag.

Foto: Reuters

Erkjente skuld for 7. oktober

Dr. Phil sin motivasjon for intervjuet var å sette fokus på Hamas sitt terrorangrep på israelarar 7. oktober 2023, sa han sjølv.

Regjeringa gjorde fleire feil den dagen, innrømde Netanyahu.

– Fleire feil skjedde den dagen, openbert. Først og fremst frå regjeringa si side. Folket var ikkje beskytta.

Demonstranter i Jerusalem krever en avtale for å få løslatt de israelske gislene som Hamas bortførte i oktober

Demonstrantar i Jerusalem krev ein avtale for å få lauslate dei israelske gislane som Hamas bortførte under terrorangrepet i oktober i fjor.

Foto: RONEN ZVULUN / Reuters

– Korleis skil de mellom Hamas og sivile?

No søker ein million palestinarar, 600.000 av dei barn, tilflukt i Rafah. Biden-administrasjonen har sagt at dei ikkje kan støtte ein storskala invasjon av byen utan ein truverdig plan for å beskytte sivile.

– Korleis skil de mellom Hamas og sivile palestinarar på Gazastripa? spurde Dr. Phil Netanyahu.

Statsministeren svarte ikkje direkte på spørsmålet, men sa at det at Hamas held seg så tett på sivile gjer jobben mykje vanskelegare for det israelske forsvaret.

bil med bagasje på taket. barn i bilen

Palestinarar i Rafah har fått beskjed frå IDF om å forlate byen, elles vil dei bli bomba. UNRWA melder at rundt 80.000 menneske har forlate byen sidan ordren kom måndag morgon.

Foto: AFP

NRKs Midtausten-korrespondent Yama Wolasmal stilte det same spørsmålet då han intervjua David Mencer, talsperson for den israelske regjeringa.

– Vi har følgt gullstandarden når vi har målretta krigen mot terroristar, og fått sivile unna farlege område, svarte Mencer.

– EU seier at de bruker svolt som eit våpen mot 2,2 millionar folk på Gazastripa. Det høyrest ikkje ut som ein gullstandard, sa Wolasmal.

Israel vert etterforska av FN-domstolen for mogleg folkemord på palestinarane.

SISTE NYTT

Siste meldinger