Hopp til innhold

UNE avviser ny vurdering: Faren til Ayla og Asya må bli i Gaza

Familien i Noreg har fått nye avslag frå UNE, trass i at mannen er skadd i Gaza. Jusprofessor Mads Andenæs meiner UNE kan og bør omgjera vedtaket.

Vanessa Yaghi med døtrene Ayla og Asya

Vanessa Yaghi og døtrene Ayla og Asya håpar dei får Jaber Yaghi til Noreg så snart som mogleg.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Vanessa Yaghi og dei to døtrene hennar på tre og fire år bur på Stord og er norske statsborgarar.

I Gaza bur ektemannen og faren til jentene, Jaber Yaghi. Han fekk endeleg avslag på søknaden og familiegjenforeining i august 2022.

Les også Ho fryktar døtrene skal mista faren sin i Gaza. No gjer Vanessa alt for å få han ut.

Vanessa Yaghi saman med døtrene Ayla (3) og Asya (2)

I slutten av februar blei Yaghi såra i eit israelsk bombeangrep mot huset han budde i.

Jaber Yaghi

Jaber Yaghi etter eit israelsk bombeangrep i slutten av februar.

Foto: privat

To omgjeringskrav avviste

Like etter angrepet sende kona Vanessa eit brev til UNE, der ho bad dei vurdera søknaden om familiegjenforeining på nytt.

I førre veke sende også advokaten til familien, Trygve Tveter, ei oppmoding om å gjera om vedtaket til UNE.

Svara frå UNE er no klare: Nemnda meiner det ikkje er grunnlag for å behandla saka på nytt.

Vanessa Yaghi er oppgitt.

– Eg synest ikkje dette verkar heilt gjennomtenkt. Eg skjøner ikkje at ungane mine ikkje skal få faren sin heim.

I svara viser UNE til at avslaget frå august 2022 er endeleg.

Vedtaket er endelig, og det er ikke holdepunkter for at det er ugyldig slik at UNE er forpliktet til å vurdere saken på nytt. Det er heller ikke andre grunner for UNE til å ta opp igjen saken.

Svar frå UNE

Når det er opplysningar som gjeld forhold etter vedtakstidspunktet til UNE, så har me, i tråd med vanleg praksis, kome til at dette må det vurderast i ny søknad til Utlendingsdirektoratet (UDI). Dette vil også sikra ei eventuell toinstansbehandling av dei nye opplysningane, skriv einingsleiar Ingun Halle i UNE i eit svar til NRK.

Ayla og Asya Yaghi

Søstrene Ayla og Asya reiste frå pappa i Gaza i april i fjor, på grunn av uro. I leilegheita på Stord har dei berre bilete av han.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Meiner det hastar med omgjering

Jusprofessor Mads Andenæs ved Universitetet i Oslo reagerer på konklusjonen. Han meiner UNE kan og bør omgjera vedtaket.

– Slik eg har sett saka omtalt, så er det sterke grunnar for at UNE bør gjera det. Dei bør omgjera og innvilga denne søknaden.

UNE skriv at nye opplysningar om forholda mannen og familien lever under, må vurderast i ein ny søknad til Utlendingsdirektoratet (UDI).

Onsdag blir ein ny søknad om familiegjenforeining sendt inn, opplyser advokat Trygve Tveter.

– Det er lang behandlingstid. Veldig sterke omsyn talar for omgjering etter eige tiltak frå UNE no, meiner Andenæs.

Jusprofessor Mads Andenæs, UiO

Jusprofessor Mads Andenæs er klar på at det ikkje er noko som hindrar UNE i å gjera om på sine vedtak.

Foto: Bjørn Olav Nordahl / NRK

Tek saka til Stortinget

Også på Stortinget skaper saka til familien Yaghi engasjement.

Lan Marie Berg i Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) synest det er hjarterått at omsynet til familien ikkje betyr meir i vurderinga.

– No sit to norske born heime i Noreg utan pappaen sin. Noreg har tradisjon for å gjera unnatak for dei generelle reglane for asyl og familiegjenforeining i ekstreme krigs- og krisetilstandar. Gaza er ein av dei verste krigane i moderne tid. Då burde det vera lettare å koma til borna sine i Noreg.

Lan Marie Berg

MDG føreslår at behandlinga av søknader om familiegjenforeining for palestinarar blir innvilga på humanitært grunnlag, uavhengig av inntekt og med forenkla dokumentasjonskrav.

Foto: William Jobling / NRK

MDG ber regjeringa innføra mellombelse ordningar slik at palestinarar med tilknyting til Noreg raskt får innvilga innreiseløyve og får assistanse frå norske styresmakter til å koma til Noreg.

Forslaget blir fremja i Stortinget før påske.

– Hårreisande

Også SV og Raudt meiner at familien Yaghi må få hjelp.

Innvandringspolitisk talsperson i SV, Birgit Oline Kjerstad, meiner regjeringa har eit stort ansvar.

Å ikkje legga vekt på at vedkomande har barn og familie i Noreg, er spesielt, når lova er så tydeleg på at barns beste skal vega tungt.

Me er blitt einige gjennom budsjettavtalen om at det skal bli praksisendringar i saker som gjeld barn. Dette er kvifor.

Kjerstad seier ho forventar at statsråden tek politisk ansvar og grip inn for å stoppa denne typen urettvise utslag for reglane.

Les også Sult i Gaza: – En hel generasjon kan gå tapt

Baby blir utredet for underernæring i Gaza

– Det er hårreisande at dei ikkje ein gong får behandla saka på nytt, meiner innvandringspolitisk talsperson i Raudt, Tobias Drevland Lund.

Han ber regjeringa sørga for at Jaber Yaghi og andre i liknande situasjon i Gaza får hjelp av norske styresmakter til å koma seg ut.

Arbeidarpartiet: – Skal ikkje blanda oss

Arbeidarpartiet er ikkje einig i at regjeringa må på banen.

– Eg har stor forståing for at denne familien er i ein veldig vanskeleg situasjon. Samtidig blir det ikkje rett at me som politikarar skal blanda oss i behandlinga av enkeltsaker, meiner innvandringspolitisk talsperson Lene Vågslid i Arbeidarpartiet.

Les også Organisasjon for innvandrarar fortvilar:– Barn blir «fornorska» i barnevernet

Barnevern

Justis- og beredskapsdepartementet skriv at det dei ser og høyrer om situasjonen i Gaza går inn på dei, og forstår at mange synest situasjonen er vanskeleg.

– Samtidig er det slik at Justis- og beredskapsdepartementet ikkje kan gå inn i enkeltsaker som gjeld opphaldsløyve eller avslag på søknader om opphaldsløyve. Ansvaret for enkeltsakene ligg hos UDI som førsteinstans og UNE som klageinstans, seier statssekretær Even Eriksen (Ap) i Justis- og beredskapsdepartementet til NRK.

Les heile svaret til Justis- og beredskapsdepartementet her: