Hopp til innhold

Trur milliard-underskot og kutt blir den nye sjukehus-kvardagen

Sjukehusa landet over har for lite pengar og varslar omfattande kutt. – Kan bli permanent, åtvarer professor.

Førde sentralsjukehus

MÅ KUTTE: Helse Førde er blant dei mange helseføretaka som må gjere store kutt for å få budsjettet i balanse. Her manglar 100 millionar kroner.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

– Ryk det eit lysrøyr på røntgen har vi ikkje råd å erstatte det. Rammene er for små.

Det seier Lena Thorsnes, føretakstillitsvald for Norsk Sykepleierforbund i Helse Førde, som no har lågare investeringsbudsjett.

Helseføretaka i Noreg går mot milliardunderskot i år, og må spare fleirfaldige millionar neste år.

Kutt i behandlingstilboda og lengre ventetid for pasientar blir konsekvensen, trur professor i helseleiing og helseøkonomi ved Universitetet i Oslo, Terje Hagen.

Utfordrande rekruttering til helsefaglege utdanningar og arbeidsplassar i tillegg til den komande eldrebølgja, vil føre til høgare etterspurnad i helsevesenet, forklarar han.

– Vi må nok forvente relativt stramme rammer framover i mange, mange år. Kanskje er dette ein permanent situasjon, seier Hagen.

Tillitsvalde og verneombud i Helse Førde

Dei tillitsvalde for sjukepleiarane i Helse Førde fryktar for konsekvensane både for pasientar og dei om lag 3000 tilsette. Frå venstre: Lena Thorsnes, Kari Sunde Kvile og Berit Hornnes.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Strammare rammer

Dei statlege helseføretaka som driv sjukehusa hadde frå før stram økonomi. Dei siste åra har fleire av dei likevel klart å gå i pluss, men marginane er små.

Den gerenerelle prisauken, lønsveksten og rentesmellen dei no står overfor får alarmklokkene til å ringe sjukehus-Noreg. Samstundes står sjukehusa med beina godt planta i kostbare vikarstafettar.

I Noreg er det 20 helseføretak i tillegg til sjukehusapoteka, som ligg under fire regionale helseføretak. Tal NRK har henta inn syner at mange av dei går mot millionunderskot i 2023.

  • Sjukehuset i Vestfold: -95 millionar
  • Helse Førde: -100 millionar
  • Helse Bergen: -300 millionar
  • Finnmarkssykehuset: -38,7 millionar
  • Sjukehuset i Innlandet: -120 millionar
  • St. Olavs hospital: -220 millionar
  • Stavanger universitetssjukehus: -64 millionar (per mars)
  • Haugesund sjukehus: -135 millionar
  • Akershus universitetssykehus +23,4 millionar

NRK forklarer

Kva er føretaksmodellen?

Kva er føretaksmodellen?

Blir eigd av «selskap»

Noreg har ein helseføretaksmodell. Det betyr at sjukehusa blir eigd av føretak, selskap, eigd av staten.

Dei blir i stor grad drivne som private selskap, men kan ikkje gå konkurs fordi dei er statseigde.

Modellen blir styrt av lov for helseføretak.

Kva er føretaksmodellen?

Slik fungerer det

Noreg er delt inn i fire helseregionar: Nord, Vest, Midt-Noreg og Sør-Aust.

Kvar region har sitt eige regionale helseføretak.

Kvart av dei regionale helseføretaka eig fleire helseføretak.

Kvart helseføretak driv fleire sjukehus eller behandlingsstadar.

Kva er føretaksmodellen?

For eksempel

Dei regionale helseføretaka eig fleire sjukehus.

  • Det regionale helseføretaket Helse Nord eig Nordlandssjukehuset, Finnmarkssykehuset og Universitetssykehuset Nord-Norge.
  • Helse Vest eig Haukeland universitetssjukehus, Førde sentralsjukehus, Helse Fonna og Stavanger universitetssjukehus.
Kva er føretaksmodellen?

Sjukehus og føretak

Helseføretaka har ofte sjukehus i namnet, men mange av dei driv mange sjukehus.

  • For eksempel er både Ullevål sykehus og Rikshospitalet ein del av Oslo universitetssykehus
  • Og både sjukehuset på Stormarknes og sjukehuset i Bodø høyrer til Nordlandssykehuset.
Kva er føretaksmodellen?

Slik er dei strukturert

Staten

Regionale helseføretak (Helse Nord, Helse Vest, Helse Midt-Norge og Helse Sør-Øst)

Helseføretak (Oslo universitetssykehus, Nordlandssykehuset)

Enkeltsjukehus (Ullevål sykehus, Førde sentralsjukehus)

Kva er føretaksmodellen?

Krav om sparing

I lova for helseføretak stillast det krav om at helseføretaka skal ha eigenkapital som står «i forsvarleg forhold til føretaket si verksemd».

Kort sagt betyr det at helseføretaka er plikta til å ha pengar på konto. Har dei for lite pengar, må dei finne tiltak som gjer at dei får meir pengar – altså spare meir.

Blant dei lokale helseføretaka er det store skilnader. Medan St. Olavs hospital i Trondheim går 220 millionar i minus, går Akershus universitetssjukehus (Ahus) med 23 millionar i pluss.

Men ifølge administrerande direktør i Ahus, Øystein Mæland, er det likevel ikkje grunn til å juble. Føretaket har i 2023 budsjettert med eit overskot på 70 millionar kroner, men ligg berre an til å klare ein tredel av dette.

Høg aktivitet på poliklinikkane og planlagde operasjonar i tillegg til stor pågang av akuttpasientar er årsaka til overskotet, seier han.

Det er ikkje slik at vi har gjort noko veldig smart som andre ikkje også jobbar med. Det er litt lokale forskjellar, men det generelle utfordringsbildet blant helseføretaka i Noreg har vi òg hjå oss.

Må kutte i vikarbruk

Hagen ved UiO skildrar økonomien til sjukehusa som utfordrande men ikkje dramatisk, slik han var i 2007 då sjukehusa gjekk med 1,4 milliardar kroner i underskot. Likevel er det venta konsekvensar.

Terje P. Hagen

Professor i helseøkonomi, Terje P. Hagen, ved UiO ser inga betring i nær horisont for økonomien ved landets sjukehus.

Foto: Peder Bergholt / NRK

Fleire av helseføretaka opplyser til NRK at dei må gjere store innsparingar i neste års budsjett.

Dyr vikarbruk er blant dei første tinga på hoggestabben. Låg bemanning og behov for innleigde vikarar har i fleire år bydd på økonomiske utfordringar for sjukehusa. I 2021 brukte helsetenesta 2,5 milliardar på vikarar.

Ved å kutte i dette, i tillegg til lågare rekruttering vil sjukehusa vere nøydd til å minke den planlagde aktiviteten, forklarar professoren.

– Konsekvensen av dette er at det blir lengre ventetid for ein del pasientar og diagnosar, seier Hagen.

Regjeringa: – Solid, men stram

I forslaget til Statsbudsjett føreslår regjeringa å løyve 2,2 milliardar til sjukehusa. Tilleggsløyvinga på 4,7 milliardar frå revidert nasjonalbudsjett 2023, blir vidareført i 2024.

Statssekretær Karl Kristian Bekeng (Ap) ei Helse- og omsorgsdepartementet seier regjeringa har tatt høgde for pris- og kostnadsauken i løyvingane.

Statssekretær Karl Kristian Bekeng (Ap).

Statssekretær Karl Kristian Bekeng (Ap) meiner sjukehusøkonomien er solid og viser til at regjeringa har løyvd ekstra midlar.

Foto: Esten Borgos / Borgos Foto AS

– Sjukehusøkonomien meiner vi framleis er solid, men stram, seier han.

Optimismen er vanskelegare å spore hos det største opposisjonspartiet på Stortinget. Leiaren for helse- og omsorgskomiteen, Tone Wilhelmsen Trøen (H), rettar kritikk mot regjeringa si handtering av sjukehusøkonomien.

– Sjukehusa må vite kva dei har å rutte med. Dei har opplevd veldig uføreseieleg sjukehusøkonomi frå regjeringa. Dei fekk ikkje vite før i mai kva dei hadde å rutte med, seier Trøen.

Høgrepolitikaren etterlyser òg at regjeringa tar i bruk den ledige kapasiteten hjå private og ideelle sjukehus.

Dette avviser Bekeng, og kallar utsegna for politisk spel.

Tone Wilhelmsen Trøen (H)

Helsepolitisk talsperson i Høgre, Tone Wilhelmsen Trøen kritiserer regjeringa for å ikkje gi helseføretaka føreseielege rammer.

Foto: Hans Kristian Thorbjoernsen / Hans Kristian Thorbjoernsen

– Erna Solberg sa då budsjettet blei lagt fram at dette var eit budsjett som var for omfangsrikt for offentleg sektor. No seier dei at det er for lite. Her har regjeringa jobba med å lette til rette for pris- kostnadsauke, og har klart å kome med ekstra midlar, også i 2023.

Men på golvet, langs sjukehuskorridorane på Førde sentralsjukehus kjenner Lena Thorsnes på alvoret. Ho err føretakstillitsvald i Norsk Sykepleierforbund i Helse Førde. Helseføretaket må aleine kutte 100 millionar kroner neste år.

– Det er berre ein ting å seie. Dette er ein veldig alvorleg økonomisk situasjon. Det er det for alle helseføretaka i Noreg. Økonomien er stram og har vore stram lenge. Vi har ikkje så mykje meir å gå på.