Hopp til innhold

Bad om forsterkning, men brannbilen dukka aldri opp

Fire heimar brann ned medan brannvesenet i Florø venta på forsterkingar. Kvifor dukka den siste bilen aldri opp?

Onsdag 22. juli rykte naudetatane ut etter melding om brann på Torvmyrane i Florø.

OVERTENT: Naudetatane rykte onsdag 22. juli klokka 13.42 ut til melding om brann i eit rekkehus på Torvmyrane i Florø.

Foto: Arne Hjort Johansen / Firdaposten

Onsdag 22. juli, klokka 14:04. Telefonen ringer hos vaktleiar ved Florø lufthamn, Bjarne Holme. Han var på vakt kvelden i førevegen og er framleis heime i Markegata, midt i Florø sentrum.

– Det brenn i eit rekkehus på Torvmyra, høyrer han.

Det er Alarmsentralen som ringer, Sogn og Fjordane sitt svar på 110-sentralen. Strøket er tettbygd, og brannen kan spreie seg.

– Brannvesenet ber om forsterkingar!

Holme er ein del av brannberedskapen på flyplassen og er allereie i gang med å hive på seg arbeidskleda.

Men Alarmsentralen lurer også på ein ting til. Om Holme kunne hjelpe dei å finne telefonnummeret til lufthamnsjefen?

Det kunne de ha googla, mumlar Holme. Han tek ein pause i påkledinga for å bla gjennom telefonlista si.

– Eg vart litt overraska, for vi hadde nett hatt eit møte der alle desse nummera vart utveksla.

Flyplassen ligg ikkje langt unna, og 15 minutt seinare har vaktleiaren klargjort reservebilen for utrykking. Loggen viser at klokka er 14:19.

Med vanleg hastigheit ligg rekkehusa på Torvmyrane ti minutt unna. Men Holme veit at han kan køyre enda raskare.

Alt som står att er ei klarering frå lufthamnsjefen, så er det berre å vri om tenninga.

Men klareringa kjem ikkje.

Kvifor ikkje?

Spørsmålet har skapt murring i Florø heilt sidan.

(Les forklaringa til lufthamnsjefen lenger ned i saka).

Onsdag 22. juli rykte naudetatane ut etter melding om brann på Torvmyrane i Florø.

BRANNLOVA: – Når du ber om assistanse, då er det alvor. Då må etatane stille opp for kvarandre, seier beredskapsleiar i Kinn kommune, Robert Endestad.

Foto: Arne Hjort Johansen / Firdaposten

– Brannlova er heilt klar

– Eg vart overraska over at dei ikkje kom, seier beredskapsleiar i Kinn kommune, Robert Endestad.

– Når du ber om assistanse, då er det alvor. Då må etatane stille opp for kvarandre. Der er brannlova heilt klar.

Paragraf 5 i brannlova seier at: «Kvar ein pliktar å delta i brannvesenets rednings- og slokkearbeid når innsatsleiar krev det, samt stille eigedom, bygningar, materiell og eventuelt personell til disposisjon for slik innsats.»

Men var det eit «krav» som vart formulert frå innsatsleiar denne dagen? Eit «pålegg»? Eller var det meir for ei «oppmoding» å rekne? Eller kanskje berre eit «ønske»?

Spørsmålet er ikkje berre av interesse for norsklektorar og andre språkinteresserte, men går rett inn i debatten om norsk beredskap, og korleis dei ulike einingane skal virke saman.

– Det er knapt noka nyheit at offentlege etatar kommuniserer dårleg med kvarandre, seier Knut Magnussen.

Florø-kjennaren og den no pensjonerte lokalavisjournalisten står heime på kjøkkenet og steiker kjøtdeig. Det høyrest ut som om det er like før brannalarmen skal gå.

– Det verkar som om mykje av den offentlege kommunikasjonen skjer via teiknspråk og røyksignal, seier han.

– Ressursar som ikkje finn kvarandre

Jacob Nødseth er Venstre-politikar og styremedlem i Florø bys vel.

– Om ein samanfattar kritikken mot beredskapsarbeid på ulike nivå rundt om i landet, så handlar dette om at ulike ressursar ikkje finn kvarandre, seier han.

Han seier det er «uhaldbart» dersom det kommunale brannvesenet ber om hjelp i ein akutt situasjon frå Avinor og ikkje får slik hjelp.

– Det er derfor bra at kommunedirektøren har kalla Avinor inn til møte, og eg ser fram til at han orienterer formannskapet om dei faktiske forholda.

Møtet, som ikkje er eit oppvaskmøte, men eit «oppklaringsmøte», skal vere neste veke. Initiativet til møtet vart tatt av Terje Heggheim, som er kommunedirektør i Kinn kommune.

Han var sjølv blant dei som spontant reagerte på at den rekvirerte brannbilen frå Florø lufthamn aldri dukka opp. Sidan modererte han seg. Kan hende hadde det ikkje skjedd noko kritikkverdig likevel.

– Det er min lærdom oppi dette her. I ein pressa situasjon er det ulike versjonar av kva som har skjedd, og då har ikkje eg noko sikkert grunnlag for å kritisere verken den eine eller andre.

No er tida inne for å samle dei ulike «versjonane» i ei forteljing som heile kommunen kan lære av, seier han.

– Vi må ha klarheit i saka, og eg vil vere med å bidra til det.

Onsdag 22. juli rykte naudetatane ut etter melding om brann på Torvmyrane i Florø.

TORVMYRANE: Dei tilsette i barnehagen tok barna med seg inn med ein gong dei vart merksame på situasjonen.

Foto: Arne Hjort Johansen / Firdaposten

Ingen samarbeidsavtale

I ein e-post til NRK skriv avdelingsdirektør Johan Marius Ly i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) at dei ikkje har noko å utsetje på ordlyden i brannlova.

– På generelt grunnlag synest vi ikkje at ordlyden i lova er uklar.

Han legg til at han «anbefaler at det inngås avtaler».

– Det vil tydeleggjere rekvireringsrutine, ordlyd og ikkje minst kunne definere nivå på ein slik måte at unntak ved inngriping er lettare å handtere.

Ein formalisert samarbeidsavtale av dette slaget finst ikkje mellom Kinn kommune og Florø lufthamn.

Frank Willy Djuvik er fylkesleiar og gruppeleiar i Sogn og Fjordane Frp. For to år sidan fekk han i oppdrag å kartlegge beredskapsressursane i det som den gongen hette Flora kommune.

Eitt av råda dei gav til kommunen var at etatane måtte avklare forventningane til kvarandre og byggje ein felles kultur.

– Det er ikkje den enkelte etat, men summen av alle beredskapseiningane som tel. Her er det framleis ein veg å gå. Evalueringar viser at det gong på gong er i samhandlinga at det skortar, seier han.

Dagleg leiar ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane, Terje Brandsøy, vil ikkje kommentere den konkrete saka i Florø.

Men han minnest med «glede og takksemd» korleis dei ulike beredskapseiningane i fylket verka i lag då det brann i Lærdal i 2014, og dei måtte trykke på den store knappen. Frå næraste flyplass – Sogndal lufthamn – kom ein eigen brannbil og skumla dei gamle trehusa.

– Det er kjempeeksempel på kor godt det kan gå, når alle dreg saman, seier Brandsøy.

 23 hus og bygninger brant ned til grunnen i flammeinfernoet i Lærdalsøyri i 2014.

INFERNO: 23 hus og bygningar brann ned til grunnen i flammeinfernoet i Lærdalsøyri i 2014.

Foto: ØYSTEIN VENÅS SØRENSEN

– Då måtte eg stenge flyplassen

Så kvifor kom det ikkje ein brannbil frå Florø lufthamn til Torvmyrane, denne julidagen då fire hus gjekk opp i røyk? Anten det var eit «ønske» eller eit «krav»?

Svaret er komplisert – og omstridd. Ei klage på avgjerda er sendt oppover i Avinor-systemet, og leiar i Delta Luftfart, Bjørn Tore Mikkelsen, bekreftar at han er «blitt gjort merksam på saka». Delta Luftfart er ei fagforeining som organiserer fleire av dei tilsette i Avinor.

Lufthamnsjefen i Florø heiter Siv Merete Stadheim. Det var ho som sa nei til å sende brannbilen, og forklarer det med to forhold: bemannings- og trafikksituasjonen.

Loggen over lufttrafikk viser at eit helikopter landa 14:14, og at eit anna helikopter letta 15:08.

– Eg svarte Alarmsentralen at eg kunne sende ein brannbil, men at eg då måtte stenge flyplassen for trafikk. Og at det i så fall måtte vere deira avgjerd, seier ho.

– Vent, var svaret eg fekk då.

Paragraf 16 i Forskrift om brann- og redningsteneste slår fast at det på alle store flyplassar «skal vere ein utrykkingsstyrke som er i stand til å overhalde innsatstida og å bemanne utrykkingskøyretøya (...) når lufttrafikk held på».

I klagen som er sendt vert det hevda at det ville vore mogleg å oppfylle krava i paragrafen og samtidig sende ein bemanna brannbil til husa som brann.

– Mitt ansvarsområde er beredskapen på flyplassen og dei forventingane kundane våre har til punktlegheit og regularitet, seier Stadheim.

Ho viser til at nordsjøtrafikken gjer at Florø lufthamn har trafikk gjennom hele dagen, og difor «ikkje er like fleksible som mange andre småflyplassar».

Ho legg til:

– Om kommunedirektøren ønsker å ha oss med i eit møte om beredskap, er vi sjølvsagt positive til det.

– Går mot ei kontrollert nedbrenning

Klokka 15.50, halvannan time etter at Bjarne Holme, vaktleiar ved Florø lufthamn, stod klar til å vri om tenninga, byrjar brannmannskapet på staden å få kontroll på brannen.

Dei fire husa er tapt, men dei har hindra brannen frå å spreie seg.

– Det går mot ei kontrollert nedbrenning, seier innsatsleiar Olav Strømsøy til Alarmsentralen.

Som innsatsleiar fall det på han å skrive rapporten i etterkant. Om han noterte noko om det rekvirerte brannbilen som aldri kom?

– Heh, nei, det vil eg ikkje seie til NRK, seier han.

– Iallfall ikkje no.

Onsdag 22. juli rykte naudetatane ut etter melding om brann på Torvmyrane i Florø.

BRANNTOMTA: Dei fire husa er tapt, men brannmannskapet hindra brannen frå å spreie seg.

Foto: Arne Hjort Johansen / Firdaposten