Hopp til innhold

Denne reisa er gratis for bilistar – gåande må betale

Øyfolk og distrikts-ordførarar fortviler over «absurde utslag» av regjeringa si nye ferjesatsing.

MS Tansøy

SOGNEFJORDEN: På dette skipet, MS Tansøy, er det gratis å reise om du kjem køyrande. Gåande og syklande passasjerar må betale.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det blir for dumt, seier Petter Sortland (Ap).

Han er ordførar i Høyanger kommune, som ligg på begge sider av Sognefjorden.

Bakgrunnen for utfallet er at regjeringa gjer enkelte ferjestrekningar gratis frå 1. juli.

Det er berre eitt problem: For hurtigbåtreisande gjeld ordninga berre for dei som reiser med bil.

Kjem du syklande eller gåande, eller parkerer bilen din på kaia, er du ikkje for «ferjereisande» å rekne, og difor ikkje omfatta av ordninga.

Slik vert bilen for ein gratisbillett å rekne, medan «lettare» passasjerar utan bil må halde fram med å kjøpe billett som før.

Og det er dette som vert «for dumt», slik ordføraren vurderer det. Han varslar at han vil ta kontakt med sine Ap-kollegaer i regjeringa.

Dei må lage ein presisering slik at dette ikkje vert effekten. I alt anna oppmodar vi til samkøyring, nettopp for å unngå at alle har med eigne bilar.

Eit par timar unna er Ola Teigen (Ap) ordførar i Kinn kommune. Utanfor kontoret hans, i hamnebassenget i Florø, ligg ferjer, hurtigbåtar og bilførande passasjerbåtar på rekkje og rad.

Dette er ein uheldig konsekvens av ei positiv ordning, som vi er nøydde til å ordne opp i, seier han.

NRK har sendt spørsmål om saka til Samferdsledepartementet, men har førebels ikkje fått svar.

Fleire media har tidlegare skrive om justerte ferjetakstar som gjer at folk har sett seg tent med å ha to bilar på kvar si side av sambandet. Eit anna døme på at gode hensikter kan skape uventa incentiv.

Petter Sortland, ordførar i Høyanger (Ap)

ABSURD: – Det blir for dumt, seier Petter Sortland (Ap), ordførar i Høyanger kommune.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Avgrensinga til ordninga har vore omstridd

– For mange små øy- og kystsamfunna blir dette eit stort løft, sa finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) då han søndag røpte at regjeringa hadde sett av 39 millionar kroner til gratis ferjereiser i revidert nasjonalbudsjett.

Dei 39 millionane kjem på toppen av 30 millionar kroner som alt er sett av for å starte arbeidet med å gjere dei minste ferjesambanda gratis.

Men utforminga til og avgrensinga til ordninga har vore omstridd i lang tid.

– Departementet har ikkje oversyn over kor stor tilleggsløyving som må til for å inkludere øysamfunn som berre har hurtigbåt, sa samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) i eit skriftleg svar til Stortinget før jul.

Under valkampen gjekk Senterpartiet inn for gratis hurtigbåt til alle. Bakteppet var «eit veritabelt ferjeopprør» som braut ut vinteren 2020 etter at prisen på fleire samband vart skrudd opp.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård på ferga

IKKJE OVERSYN: – Vi har ikkje oversyn over kor stor tilleggsløyving som må til for å inkludere øysamfunn som berre har hurtigbåt, sa samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) før jul.

Foto: Remi Sagen / Remi Sagen, NRK

– Hurtigbåtane er livsnerven

Ambisjonen til Senterpartiet vart sidan justert ned under regjeringsforhandlingane i Hurdal, til skuffelse for fleire.

– Hurtigbåtane er livsnerven mange stadar, på same måte som ferjer, klaga nestleiar i fylkesrådet i Nordland, Svein Øien Eggesvik (Sp), som reiste til Stortinget for å argumentere for saka si.

I tillegg har det vore debatt om kor mykje Støre-regjeringa eigentleg reduserte ferjetakstane med ved nyttår.

«Ferjetakstane blir reduserte med 30 prosent», melde dei sjølv.

Utrekningar frå NRK viste at den faktiske reduksjonen snarare var 11,7 prosent, noko også samferdselsministeren erkjende.

«Kreativ og i beste fall forvirrande bokføring», var dommen frå opposisjonen.

«Taltriksing», konkluderte administrator for facebookgruppa Fergefart i Vestland, Erik Ask.

Hurtigbåt passerer Molja fyr

OPPRØR: Under valkampen gjekk Senterpartiet inn for gratis hurtigbåt til alle. Bakteppet var «eit veritabelt ferjeopprør» som braut ut vinteren 2020.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Vil halvere prisane på riksvegferjer

Revidert nasjonalbudsjett vert lagt fram for Stortinget torsdag. Regjeringspartia vil så forhandle med SV for å sikre fleirtal, før budsjettet vert vedteke.

I Hurdalsplattforma varslar regjeringa at dei vil halvere prisane på riksvegferjer og fylkesvegferjer i løpet av fireårsperioden fram mot 2025.

– Det skal vi gradvis fase inn, seier Slagsvold Vedum.

Pressekonferanse om satsing på havvind

STORT LØFT: – For mange små øy- og kystsamfunna blir dette eit stort løft, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

Foto: Beate Oma Dahle / NTB