Hopp til innhold

Lovnaden om 30 prosent lågare ferjeprisar er i realiteten 11,7 prosent

Støre-regjeringa har varsla at dei vil redusere ferjetakstane med 30 prosent frå nyttår. Med utgangspunkt i dagens takstnivå er det riktige talet 11,7 prosent.

Bilferja Moldefjord

FERJEPRIS: Prisane på ferjebillettar blei ei stor valkampsak og i statsbudsjettet reduserte Ap/Sp-regjeringa ferjetakstane med 30 prosent.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

«Ferjetakstane blir reduserte med 30 prosent», meldte Støre-regjeringa 8. november.

Bakgrunnen var at dei dobla den halve milliarden som låg i budsjettforslaget til Solberg-regjeringa, og la på ytterlegare 489,8 millionar kroner til lågare ferjetakstar.

– Det viser at vi tar distrikta på alvor. Folk skal ikkje droppe å ta ferja fordi pengane ikkje strekk til. For mange er ferja avgjerande for at kvardagen skal gå i hop, sa samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap).

Men betyr det at ferjetakstane vert reduserte med 30 prosent? Det spørst kva tal og kva tidspunkt du tek utgangspunkt i.

I si eiga utrekning tek regjeringa utgangspunkt i takstnivået som gjaldt 1. januar 2021.

Altså i god tid før ferjeprisane vert kutta i sommar.

Stortingsrepresentant for Høgre, Liv Kari Eskeland, skuldar difor regjeringa for kreativ og «i beste fall forvirrande» bokføring.

– For dei reisande er det viktig at regjeringa er ærlege i kommunikasjonen med innbyggarane, og det som er på det reine er at dei reisande ikkje vil oppleve 30 prosent reduksjon frå dagens nivå, seier ho.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård på ferga

STATSRÅD: Samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (Ap) sa at reduksjonen viste at regjeringa tar distrikta på alvor.

Foto: Remi Sagen / Remi Sagen, NRK

– Må gå an å kommunisere ryddig

Ho får støtte frå Bjørn Lande i Pendlarforeininga.

– Det må gå an å kommunisere ut ryddig kva vi reisande eigentleg kan forvente, seier han.

I juni noterte det såkalla «distriktsopprøret» seg for ein siger då Solberg-regjeringa vart samde med Frp om å senke ferjeprisane med 25 prosent.

Ein del av rabatten skuldast at momsen, som eit koronatiltak, vart halvert frå 12 til 6 prosent fram til 1. oktober.

I eit skriftleg spørsmål har Eskeland bedd statsråden om å formidle «den reelle takstreduksjonen» som ferjebrukarar kan forvente frå neste år.

I svaret kjem samferdselsministeren til at nedgangen – med utgangspunkt i dagens ferjeprisar – vert 11,7 prosent.

Han legg til at dette er betre enn «regjeringa Solberg sitt framlegg (som) ville gitt ein takstauke for den reisande på 12,7 pst. frå dagens nivå.»

Støre-regjeringa skal no forhandle med SV, så det er ikkje gitt at det som er lagt fram vert ståande.

– Pinleg for dei raudgrøne

Erik Ask er administrator for facebookgruppa Fergefart i Vestland, som har fleire tusen medlemmar.

I likskap med Eskeland og Lande ynskjer han seg ein meir open og gjennomsiktig måte å rekne ut dei nye ferjeprisane på, og er ikkje imponert over «taltriksinga» til regjeringa.

– Folk forventar ein ytterlegare 30 prosent nedgang frå det som kom i sommar, så dette er pinleg for dei raudgrøne. Det er stor forskjell på 11 prosent og 30 prosent.

Fylkesordførar i Vestland fylke, Jon Askeland (Sp) er meir fatta:

– Hurdalsplattforma seier at reduksjonane skal skje i løpet av fireårsperioden, og eg held meg til det. Dette er den første regjeringa som gjer noko med ferjetakstane, og eg tek imot kvar krone med takk!

Jon Askeland

NØGD: Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) i Vestland seier han tek imot kvar krone med takk.

Foto: Paul André Sommerfeldt

Samferdselsministeren: – Vi har vore tydelege

NRK har vore i kontakt med samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap).

– Stortinget har bedt om ein forpliktande plan for halvering av ferjetakstar. Derfor har vi samanlikna med 1. januar 2021, og vore tydelege på det – for å få eit bilde av korleis reduksjonane i ferjetakstane står til Stortinget sitt ønske. På billetten for dei reisande vil da reduksjonen vere 30 prosent, seier han.