Hopp til innhold

Visesongar blir kulturbyråd i Bergen

Ap og Venstre dannar nytt byråd i Bergen. MDG blir vraka og kallar det nye byrådet «historisk svakt».

Doddo

DODDO: Eduardo «Doddo» Andersen blir ny kulturbyråd i Bergen. Andersen er kjend som visesongar og Brann-supporterprofil i Bergen.

Foto: Synne HAfsaas / NRK

Dette er det nye byrådet:

  • Rune Bakervik (Ap) blir ny byrådsleiar
  • Per-Arne Larsen (V) blir byråd for finans, næring og eigedom
  • Linn Katrin Pilskog (Ap) blir byråd for barn, skule og idrett
  • Ingrid Fjeldstad (V) blir byråd for klima, miljø og byutvikling
  • Ruth Grung (Ap) blir byråd for helse og omsorg
  • Line Berggren Jacobsen (Ap) blir byråd for barnevern og sosiale tenester
  • Eduardo «Doddo» Hans Andersen (Ap) blir byråd for kultur, frivilligheit og inkludering

Sistnemnde må seiast å vera den største overraskinga i det nye byrådet. «Doddo» er kjend i Bergen som visesongar og ihuga Brann-supporter.

– Er det noko Bergen treng no, er det ein som Doddo, seier den nye byrådsleiaren, Bakervik.

– Ein situasjon som nok ingen hadde ønska seg

Det storma rundt byrådet etter at ein sju år gamal gut vart funnen fastbunden til ei seng med store skadar i Bergen i august.

Saman med fleire andre saker og knusande tilsynsrapportar, vart dette ei barnevernskrise i byen.

I byrjinga av oktober vart det fleirtal for mistillit mot Valhammer-byrådet. Dei måtte derfor gå av. Bakgrunnen var barnevernsskandalen i kommunen.

Eit fleirtal i bystyret peika igjen på at Ap skulle danne nytt byråd, med Rune Bakervik som byrådsleiar.

Han har no stabla saman eit nytt byråd saman med Venstre.

– Me er no inne i ein situasjon som nok ingen hadde ønska eller sett føre seg på førehand, men også ein situasjon som forpliktar, seier Rune Bakervik.

– Når Høgre verken vil eller kan prøva å danna byråd, tek me ansvar for denne vakta, seier Bakervik.

– Historisk svakt byråd

Dette var andre gongen eit Valhammer-byråd gjekk av på under eit år.

Arbeidarpartiet har tretten representantar i bystyret, medan Venstre har tre. Det gjer at dei no dannar eit mindretalsbyråd.

Totalt er det 67 medlemmar i bystyret.

Byrådet som måtte gå av tidlegare i haust, var òg eit mindretalsbyråd. Det bestod av Arbeidarpartiet, Venstre og Miljøpartiet Dei Grønne.

MDG får ikkje vera med vidare. På ein pressekonferanse klokka 12.30 sa Thor Haakon Bakke (MDG) at det kjennest som eit tillitsbrot.

– Dei har berre hatt ein einaste samtale med oss dei siste vekene, medan me har vore på jobb kvar dag. Eg er sjokkert.

Katrine Nødtvedt og Thor Haakon Bakke

SJOKKERT: Katrine Nødtvedt og Thor Haakon Bakke har vore MDG sine byrådar i Bergen. Dei blir ikkje med i det nye byrådet.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK

Det var i dag han og partikollega Katrine Nødtvedt fekk beskjed om at Ap ikkje ville ha dei med vidare.

– Eg er lei meg for at Ap ikkje lenger ønskjer å samarbeida med oss om å skapa framtidas Bergen. Eg fryktar dette betyr ein bilbasert og gråare by, sa Bakke.

Han kallar det nye byrådet for «historisk svakt».

Også Høgre reagerer kraftig på det nye byrådet.

– Høgre gav tydeleg beskjed til ordføraren om at me vil og er klare for å danna byråd. Eg reagerer derfor på at den nye byrådsleiaren i byen spreier løgner og har billig retorikk første dag på jobb, tordnar Charlotte Spurkeland (H).

Spurkeland har sjølv sagt at ho har vore klar for å ta styringa av Bergen, dersom dei vart peika på. Medan Høgre sin førstekandidat Christine Meyer sa at ho ikkje hadde noko sterkt ønske om å bli byrådsleiar no.

– Eit svakt byråd har blitt endå svakare. Det eg kan seia sikkert er at me i Høgre aldri hadde behandla våre samarbeidspartnarar på den måten Ap har gjort i dag, seier ho.

Les også Underernært tenåring innlagt: Nå etterforskes helsehjelpen og hjemmeundervisningen hans

Politihuset i Bergen

SV fekk ikkje vera med

Mikkel Grüner, gruppeleiar i Bergen SV, er skuffa.

– Det er utruleg skuffande at Arbeidarpartiet igjen vel sentrum, skriv han i ei melding til NRK.

Han seier at det er nesten utruleg at Ap ikkje ville diskutera det politiske innhaldet i eit mogleg samarbeid med SV før dei bestemte seg.

– Sentrumsbyrådet haltar vidare inn i tåka, vekk frå venstresida og fagrørsla.

Mikkel Grüner

Mikkel Grüner i Bergen SV.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Tidlegare ordførar

Då Roger Valhammer og byrådet gjekk av, annonserte Valhammer at han ikkje kom til å stilla til attval neste haust.

Etter samtalar med gruppeleiarane i bystyret, bad varaordførar Linn Kristin Engø (Ap) Bakervik om å danna det nye byrådet. Han var då ordførar i byen. Det skjedde 27. oktober.

– Tilbakemeldingane eg har fått tyder på at han er den kandidaten det er mest truleg at kan danna eit styringsdyktig byråd, sa Engø då.

Les også Byrådet i Bergen går av etter barnevernsskandale

Byråd i Bergen