Hopp til innhold

Går ut med kritikk av Sjøforsvaret: – Vaktsjefen på «Helge Ingstad» skulle aldri ha vore klarert

I over 20 år var han ansvarleg for å kvalitetssikre navigatørar i Sjøforsvaret. Han har aldri høyrt om ein vaktsjef med mindre erfaring enn han som no står tiltalt for fregattulukka.

Cato Ramussen, tidligere i Sjøforsvaret

DELVIS VARSLA ULYKKE: Cato Rasmussen meiner kollisjonen mellom KNM «Helge Ingstad» og tankskipet Sola TS, delvis er ei varsla ulykke.

Foto: NRK

– Denne ulykka hadde ikkje skjedd om ein av dei meir erfarne vaktsjefane hadde vore på brua denne natta, seier Cato Rasmussen om kollisjonen mellom fregatten og tankskipet.

Rasmussen har eit langt arbeidsliv bak seg i Sjøforsvaret, før han pensjonerte seg i 2020.

Først som skipssjef på MTB. Dei siste 20 åra som ein del av Sjøforsvarets Navigasjonskompetansesenter (Navkomp).

Der har dei som oppgåve å velje ut navigatørar og passe på at dei som fører skipa er gode nok.

Torsdag vitna han i den omfattande rettssaka etter KNM «Helge Ingstad»-ulukka. Samtidig fortel han til NRK om sine opplevingar frå Sjøforsvaret.

Rasmussen seier han fleire gonger har prøvd å slå alarm om at for uerfarne personar får ansvar for å navigere Sjøforsvaret sine skip.

Overlevering på fregatten, grafikk Helge Ingstad

OVERLEVERING: Slik ser Havarikommisjonen sin framstilling av overleveringa ut. Vaktsjefane diskuterer det lysande objektet de har forut for fregatten. På dette tidspunktet trur begge vaktsjefane at det er et objekt som ligg i ro ved Stureterminalen.

Grafikk: Havarikommisjonen

Press for å få fram vaktsjefar

Ulykkesnatta 8. november 2018 var to av dei faste navigatørane på KNM «Helge Ingstad» på kurs i Bergen.

Dette er ei vidareutdanning på eitt år.

Rasmussen meiner dette skapte eit behov for å få fram nye vaktsjefar raskare enn tidlegare.

Resultatet vart ein vaktsjef som ikkje hadde føresetnader for å handtere den situasjonen som oppstod i Hjeltefjorden, meiner den tidlegare skipssjefen.

– Han er klarert for tidleg, heilt definitivt. Eg har aldri høyrt om nokon som har blitt vaktsjef etter berre åtte månader i teneste, seier Rasmussen.

Rune Andersen, sjef Sjøforsvaret

SJEF I SJØFORSVARET: Rune Andersen åtvarar mot å snevra det ned til ei årsaksforklaring.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

Endra rutinar

Sjef i Sjøforsvaret Rune Andersen, trekker fram at Sjøforsvaret har endra på innhaldet i opplæring og klarering av vaktsjefar etter ulykka.

– Hadde han for kort erfaring?

– Det ligg implisitt i at me no har endra på rutinane på det feltet, seier Andersen, og legg til:

– Me vil samtidig åtvara mot å snevra dette ned til ei årsaksforklaring. Både Havarikommisjonen og me har avdekt ei rekkje forbetringspunkt det er jobba med.

Den tiltalte vaktsjefen har sjølv forklart under rettssaka at han meiner han hadde nok utdanning og kompetanse til å vere vaktsjef på ein fregatt.

Les også Vaktsjefen på «Helge Ingstad» orka ikkje høyre lydloggen i avhøyr: – Den verste perioden i mitt liv

Rettsaken mot vaktsjefen om bord på fregatten KNM Helge Ingstad. Aktor Magne Kvamme Sylta

Opplevde ikkje å bli tatt på alvor

Cato Rasmussen fortel om ei hending i april 2018, sju månader før kollisjonen i Hjeltefjorden.

Då var ein uerfaren vaktsjef nær ved å føre ein fregatt på grunn nær heimebasen på Haakonsvern.

Etter hendinga varsla Navkomp om at vaktsjefen ikkje var kompetent for oppgåva.

Men Rasmussen fortel at han opplevde å ikkje bli teken på alvor og at han fekk kjeft for å gi beskjed.

Noverande sjef Rune Andersen, presiserer at han ikkje jobba i Sjøforsvaret på den tida, og at han derfor ikkje kan svare om den konkrete hendinga.

– Men, det er ingen som skal få kjeft eller som får kjeft i Sjøforsvaret viss dei seier frå om noko som er kritikkverdig. Snarare tvert imot.

Haakonsvern

HAAKONSVERN: Rasmussen fortel om ei hending på Haakonsvern, om lag sju månader før kollisjonen i Hjeltefjorden.

Foto: Torbjørn Kjosvold / Forsvaret

– Folk vert skubba oppover tidlegare

Rasmussen meiner hendinga er eit eksempel på at Sjøforsvaret har stadig lågare krav til vaktsjefane sine.

– For ti år sidan var det vanleg med minst to års erfaring før ein vart klarert som vaktsjef.

Vaktsjefen som står tiltalt etter kollisjonen i Hjeltefjorden vart klarert etter åtte månader.

Årsaka er mannskapsmangel, meiner den tidlegare offiseren.

– Det vert utdanna for få på Sjøkrigsskulen. Og for mange sluttar. Difor vert folk skubba oppover tidlegare.

Les også Sjefen i Sjøforsvaret: – Vaktsjefen gjorde så godt han kunne, men kom til kort

Sjef for Sjøforsvaret, Rune Andersen

– Har dei ansvarlege teke inn over seg dei utfordringane dette kan føre med seg på alvor?

– Nei, det meiner eg dei ikkje har.

Sjøforsvarssjefen svarar at dei har forbetra ei rekke ting etter ulykka i Hjeltefjorden.

– Me har styrkt både opplæringa av vaktsjefane, innhaldet i opplæringa og måten me klarerer ut vaktsjefane. Det er eit heilt anna rigg rundt vaktsjefopplæringa på fregatt enn det var før ulykka.

NRK presiserer: Etter publisering har vi presisert at Rasmussen også er vitne i rettssaka. Endringa vart gjort 16.02.22 klokka 20.00.