Hopp til innhold

Vart alvorleg sjuk og måtte slutte som yrkessoldat etter styrkeøkt

Etter sju år med fleire avslag på erstatningskrav, vann tidlegare yrkessoldat Eirik Lundby nyleg fram mot staten i Oslo tingrett.

Eirik Lundby under oppstilling i forsvaret i 2019

Eirik Lundby under ei oppstilling i Forsvaret året etter at han vart skadd. Etter kvart klarte ikkje Lundby lenger å halde fram i jobben på grunn av smerter.

Foto: Privat

Ei treningsøkt i regi av U.S. Marine Corps i 2018, førte til at Eirik Lundby fekk store skadar.

Han vart innlagt på intensiven, og fekk kronisk sterke smerter.

Etter kvart måtte han slutte i jobben som grenader i Sambandsbataljonen på Bardufoss i Indre Troms.

På kurset vart Lundby og rundt 30 andre soldatar bedne om å gjennomføre ei treningsøkt han seier var mykje tøffare enn treninga dei var vande til.

– Det var veldig høg intensitet på det vi gjorde, med 100 knebøy, 90 armhevingar, 80 «hang ups», 72 «burpees», og så to andre øvingar som eg ikkje hugsar. Som pause måtte vi stå i armheving-posisjon, seier Lundby.

Til samanlikning var det fysiske minimumskravet til ein soldat i stillinga til Lundby på den tida å klare seks «hang ups», fortel han.

NRK har kontakta U.S. Marine Corps Forces, Europe and Africa. Dei vil ikkje kommentere saka på noverande tidspunkt.

Ein mann i militæruniform

Eirik Lundby medan han jobba i Forsvaret. Han anslår at bildet er tatt i 2015.

Foto: Privat

Lundby pressa seg gjennom økta, men vart svært støl etterpå.

Etter oppfordring frå søstera hans, som var sjukepleiar på ei hjarteavdeling, tok han kontakt med lege.

Legen la han inn på ei intensivavdeling på eit sjukehus, der han fekk påvist rabdomyolyse. Det er ein sjukdom som skuldast øydelegging av store mengder muskelceller, som mellom anna kan føre til akutt nyresvikt.

Ein annan soldat som deltok på det same kurset vart lagt inn med same sjukdom etter treningsøkta, ifølge Lundby.

Lundby var forsikra gjennom fagforeininga si. Han tenkte at han heilt sikkert kom til å få erstatta tapa skaden påførte han gjennom forsikringane sine. Men så viste det seg at dei alle var knytte opp til om skaden vart godkjent som yrkesskade hos Nav.

Eg vil ikkje seie at eg var naiv. Men eg fekk vite det for seint, først etter at eg vart skadd, at det er slik det fungerer.

Eirik Lundby i skogen

Eirik Lundby bur no i Rælingen og studerer etter at han måtte slutte i jobben i Forsvaret på grunn av kroniske smerter.

Foto: Privat

Er ikkje i stand til å jobbe som soldat

Etter å ha blitt skrive ut frå sjukehuset og kome tilbake i arbeid, sleit Lundby framleis med store smerter på grunn av nerveskadar som følgje av rabdomyolysen.

Han pressa seg til å stå i jobben og fekk også tilrettelagt arbeid i nokre månadar. Samstundes brukte han sterke smertestillande for å klare å gå på jobb og for å få sove.

– Det var ikkje berekraftig, seier han.

Og så vart skadane han hadde fått av treninga avslått som yrkesskade av Nav.

Seinare prøvde Lundby seg i fleire tilrettelagde jobbar i Forsvaret. Men etter kvart kom han til følgjande konklusjon:

– Eg er ikkje i stand til å jobbe som soldat lenger.

Lundby gjekk frå å jobbe i hundre prosent stilling med moglegheit til å falle tilbake på tidlegare utdanning, til plutseleg å ikkje kunne gjere nokon av delane. Han måtte omskulere seg.

– Treningsøkta i 2018 har medført store konsekvensar for meg.

Les også Soldater føler på urolig sikkerhetssituasjon: – Kjenner flere som har vært redde

Soldater på Bardufoss leir. En gruppe mennesker i uniform

Sju år med kamp om erstatning

Dei neste åra, etter at Lundby vart skadd og fekk avslaget frå Nav, medan han framleis forsøkte å jobbe som soldat, og etter at han slutta i Forsvaret og byrja å studere igjen, har han og hans advokat Øyvind Vindhammer ført saka innom fleire rettsinstansar.

Verken Nav, Finansnemnnda, Trygderetten eller lagmannsretten meinte at skaden oppfylte krava for yrkesskadeerstatning. Alle har vore samde om at det var treninga som førte til at Lundby vart innlagt med rabdomyolyse. Men lagmannsretten meinte at slike treningsøkter ikkje er unormalt for ein som er tilsett i Forsvaret, slik folketrygdlova krev, skriv Forsvarets forum.

Det er dette som er sakas kjerne: Om belastninga Lundby vart påført er «usedvanleg» sett opp mot det som er normalt for ein sambandssoldat i hæren.

Les også Blei skadd under nærkamp-kurs på jobb: Blir ikkje rekna som yrkesskade

To menn i militæruniform i nærkamp

I slutten av september var Lundby i retten på ny. Tysdag 14. oktober kom dommen:

Staten er erstatningsansvarleg for Eirik Lundbys tap som følgje av rabdomyolyse. Dei er dømt til å betale sakskostnadane hans, laud dommen frå Oslo tingrett.

– Først vart eg letta. Og så kom tanken på at det framleis er mogleg for staten å anke dette. Det er ikkje over før dommen er rettskraftig, så eg kjenner framleis på ei spenning, seier Eirik Lundby til NRK.

Forsvarets forum omtalte dommen frå Oslo tingrett først.

Statens pensjonskasse vil førebels ikkje seie så mykje om dommen.

– Dommen kom i går. Vi skal lese han grundig før vi tar stilling til ei eventuell anke. Ankefristen er om ein månad, seier Rune Huse Kristoffersen, juridisk direktør i Statens pensjonskasse til NRK.

Nytt vitne gav utteljing

I dommen frå Oslo tingrett kjem det fram at vitnemålet til Thomas Valnes, sjef for Seksjon for menneskeleg yteevne i Hæren, var viktig for at dommen gjekk i Lundby sitt favør.

– Måten økta vart gjennomført på hadde lite samanheng med slik ein bør trene styrketrening om formålet er å auke styrke. Ho var heller ikkje veldig godt designa for å utvikle andre kapasitetar, som aerob- og anaerob kapasitet, seier Valnes til NRK.

Om nokon hadde kome og presentert ein slik treningsøkt for Valnes, ville han og hans medarbeidarar i Hæren sterkt anbefalt ikkje å gjennomføre ei slik økt «for verken toppidrettsutøvarar, toppsoldatar eller andre», sa Valnes i retten.

– Dette var det vi på ein litt flåsete måte kan kalle suppetrening. Ei trening heilt utan mål og meining, utanom om det å bli mest mogleg sliten. Og i tilfelle her fekk også nokon ein alvorleg skade, som er det rabdomyolyse er, seier han til NRK.

Thomas Valnes. en mann i kamuflasjeuniform

Thomas Valnes er sjef for Seksjon for menneskeleg yteevne i Hæren.

Foto: Erik Waagbø / NRK

Særleg det at soldatane vart bedne om å ta svært mange «hang ups» utan pause, og at dei tok såkalla eksentriske «hang ups», ser han på som utslagsgjevande for at Lundby og ein til vart alvorleg sjuke av denne treningsøkta.

– Om ein er veldig godt fysisk trent, er ikkje talet på armhevingar, «sit ups» og «rygg ups» som dei måtte gjere nemneverdig farleg. Men at det vart gjort svært mange eksentriske «hang ups», har nok vore utslagsgjevande for at det oppstod rabdomyolyse, seier Valnes.

Befalsopptak på Kjevik

For å illustrere kva ein «hang up» er, her er ein kandidat som gjer øvinga under befalsopptak på Kjevik i 2011.

Foto: Stian Johansen / Forsvaret

I Hæren sine prosedyrar tillèt dei derfor utelukkande «hang ups» med konstriksjon, altså at han som gjer øvinga må løfte seg sjølv opp, og ikkje berre senkar seg ned frå ei stong fleire gongar etter kvarandre, fortel treningseksperten.

– Det kan godt hende at dei løfta seg sjølv opp i dette tilfellet også. Eller at dei fekk hjelp opp. Men uansett er 70–80 «hang ups» så «hinsides» høgt at det ikkje har noko samanheng med kunnskapsbasert trening, seier Valnes.

Han er også kritisk til at soldatane ikkje fekk gjennomført skikkelege pausar.

– Styrketrening skal trenast med få repetisjonar og lang pause. Det gjeld både innan idretten og i Forsvaret.

Normalt sett vil ein pauselengde på styrketreningsøvingar som «hang ups» vere på minst to til tre minutt mellom kvar serie. Så vil ein køyre maksimalt 15 til 20 repetisjonar av øvinga i kvar serie, forklarar han.

– Omfanget og den belastninga som har vore her er heilt borti natta høgt, seier Valnes.

Han kjenner ikkje til nyare eksempel på at andre norske soldatar har vore gjennom så harde styrkeøkter som Lundby og dei rundt 30 medsoldatane hans var i 2018, i samarbeid med U.S. Marine Corps eller i andre samanhengar. Men han seier det har vore fleire tilfelle av rabdomyolyse i Forsvaret, både blant tilsette og folk i førstegongsteneste.

– Dei tilfella har vore tilsvarande like, i at det har vore ekstreme dosar belastning, utan at soldatane har hatt føresetnader for å tole henne, som har ført til sjukdommen, seier Valnes.

Les også 1 av 4 har ikke god nok kondis til militæret: – Sommerkropp har ikke noe med Forsvaret å gjøre

Thomas Valnes foran en gruppe mennesker som løper på en vei med trær og gress

– Dommen gjev viktig signaleffekt

Sidan 2012 har det vore standardiserte prosedyrar for planlegging og gjennomføring av treningsøkter i Hæren gjennom to kompendium, som har blitt utvikla i samarbeid med Universitetet i Tromsø og Noregs idrettshøgskole, står det i dommen frå Oslo tingrett.

Valnes understreka i retten at treningsøkta som Lundby måtte gjennomføre, ikkje hadde forankring i dei faglege reguleringane deira.

– Dommen gjev ein viktig signaleffekt for Hæren og Forsvaret, seier han.

Han grunngjev dette med at Forsvaret er avhengige av at personell forheld seg til dei kunnskapsbaserte reglane og råda som vert gjevne.

– Dersom ein ikkje forheld seg til kunnskapen og de faglege råda og anbefalingane vi gjev ut internt, med tanke på trening, så tar ein ganske stor risiko, seier Valnes.

Han oppfordrar folk i Forsvaret til å vere obs på dette uansett kven som leiar ei treningsøkt.

– Det er like viktig uansett. Vi er nøydde til å ha risikohandtering opp og i mente i alt vi gjer. Og kan ikkje nødvendigvis stole på at andre veit betre enn oss, seier Valnes.

en mann med hatt

Eirik Lundby kledd i gallauniform i samband med eit bryllaup i 2019.

Foto: Privat

Lundby håper dommen i Oslo tingrett fører til at fleire soldatar får erstatning om dei skadar seg på jobb.

– Noko må gjerast. Det må betre ordningar på plass for oss som skadar oss i teneste. Det er ekstremt viktig no som ein skal bygge opp Forsvaret. For korleis skal ein klare å halde på folk, om ein som soldat ikkje veit om ein kan stole på forsikringa, om ein blir skadd på jobb?