Hopp til innhold

Aktor om dei fem kokaintiltalte: – Her er det proft og velorganisert

Aktor i saka der 150 kilo kokain blei smugla inn til Husnes, ber om over 16 år og seks månader fengsel for fleirtalet av dei tiltalte. Ein ber ho om at får rabatt.

150 kilo kokain blei beslaglagt natt til 13. april 2023 på Husnes.

KOKAIN: Over 150 kilo kokain blei smugla inn til Husnes. No har aktor prosedert og lagt ned påstand.

Foto: Politiet

Det er ikkje tvil om at dei alle er skyldige i det dei er tiltalte for.

Det seier aktor og konstituert førstestatsadvokat Benedicte Hordnes i Hordaland tingrett i dag. Ho prosederer og legg ned påstand mot dei fem tiltalte i Husnes-kokainsaka i dag.

Dei fem tiltalte blei arresterte etter at dei hadde fått opp fire sekkar med til saman 150 kilo kokain frå sjøen. Narkotikaen var festa under skipet «Nordloire» som kom frå Brasil til Husnes.

Ein sjette person som blei arrestert, blei funnen død i fengsel.

Skipet Nordloire låg til kai på Husnes i Kvinnherad då det blei gjort eit beslag på 150 kilo kokain som hadde blitt frakta til Noreg under skipet.

Under dette var fire sekkar med kokain festa. Metoden blir kalla parasittsmugling.

Foto: Atle Helland

Dei fem er tiltalte som ei organisert kriminell gruppe, for den såkalla mafiaparagrafen.

Det dreiar seg om å hente ut kokain til store verdiar, seier aktor.

– Her er det proft og velorganisert, seier ho.

Dette meiner påtale var rollene til dei tiltalte:

Dette er påstand frå aktor:

  • Mann (46): 16 år og 6 månader.
  • Kvinne (33): 16 år og 6 månader.
  • Mann (30): 13 år og 2 månader.
  • Mann (27): 16 år og 6 månader.
  • Mann (26): 16 år og 6 månader.

Fekk rabatt

Dei fekk alle 15 år for innføring av kokain. Skjerpa straff meiner aktor dei skal ha, fordi ho meiner det er bevis for at dei tiltalte er ei organisert kriminell gruppe.

Det er openbert at dette er organisert kriminalitet. Dei veit dei er ein del av noko. Dei inngår i samarbeidet, seier aktor.

Derimot meiner aktor at 30-åringen skal ha rabatt, fordi han har tilstått.

– Prisen for å erkjenne i dette miljøet er noko heilt anna enn det vil seie i Noreg. Å erkjenne for sin eigen del kan få konsekvensar, seier aktor.

Aktor vil ikkje at 26-åringen skal ha strafferabatt, fordi han trudde dei skulle smugle hasj.

Å seie dei trudde det var hasj, er typisk, for det gir lågare straff, seier aktor i prosedyren

Til NRK skriv forsvarar Øystein Ola Storrvik at han vil be om at 26-åringen blir vurdert på mildaste måte.

– Han skal ha betydeleg lagåre straff, fordi han trudde det var hasj som blei lagt i bilen hans, skriv Storrvik.

Alexander Gonzalo Sele som er forsvarar for 30-åringen, bad i retten om at klienten blir sett på mildast mogleg måte.

– Utgangspunktet er noko høgt, og ein bør skilje på rollene til dei ulike. Han har tilstått og det har kome fram at det han gjorde kravde ingen spesialkunnskap, seier Sele til NRK.

Ole Petter Drevland som er forsvarar for 46-åringen opplyser til NRK at han kjem til å be om at klienten hans blir frifunnen, og subsidiært blir sett på mildaste måte.

Også forsvarar Fredrik Schøne Brodwall opplyser til NRK at han vil be om at klienten hans, kvinna på 33 år, blir frifunnen.

Forsvararane i saka skal prosedere ettermiddagen den 29. og ut 30. mai.

Les også Skipet som var lasta med kokain

Vest politidistrikt frigir bilder fra narkotikabeslag på Husnes etter at 150 kilo kokain ble funnet festet til skroget på et skip

– Visste kva dei var med på

Av dei fem tiltalte har ein vedgått straffskuld. To av dei har vedgått å ha vore med, men at dei ikkje visste dei skulle hente kokain.

Når aktor prosederer, er ho klar på at ho meiner forklaringane til dei tiltalte er usanne.

At dei ikkje visste det var kokain er så lite truverdig at forklaringane deira må utelukkast, seier aktor.

Ho la fram at det var usannsynleg at nokon ville gi eit slikt oppdrag utan å informere, eller at nokon ville ta eit slikt oppdrag utan å vite kva dei skulle hente.

Vest politidistrikt frigir bilder fra narkotikabeslag på Husnes etter at 150 kilo kokain ble funnet festet til skroget på et skip

Kokainen var pakka inn i baggar og festa til skroget på skipet.

Foto: Vest politidistrikt
Vest politidistrikt frigir bilder fra narkotikabeslag på Husnes etter at 150 kilo kokain ble funnet festet til skroget på et skip

Dei gule posane inneheldt kokain. Dette er ein av fire baggar som politiet konfiskerte.

Foto: Vest politidistrikt
Vest politidistrikt frigir bilder fra narkotikabeslag på Husnes etter at 150 kilo kokain ble funnet festet til skroget på et skip

150 kilo blei tatt.

Foto: Vest politidistrikt

Aktor viste også til at dei tiltalte skulle få betalt for det dei var med på.

Det er ingen tvil om at dei visste kva dei var med på, og at dei visste kva som var i bagane, seier aktor Hordnes.

At dei tiltalte kom inn til Noreg kvar for seg, nokre i bil, og nokre med fly, meiner aktor viser at dei er profesjonelle.

Dei har dedikerte roller, og dei har eit klart formål med turen, seier Hordnes.

Les også Rekordbeslaget på Husnes: Slik skal dei ha jobba for å få kokainen til Noreg

Kokainbeslag i bil Husnes

Meiner det er bakmenn

Den eine tiltalte, 46-åringen som dykka etter bagane med narkotikaen, skal ha skrive eit hemmeleg bodskap på fengselsveggen.

Han har hevda han skulle til Noreg for å inspisere eit turistskip, og at han trudde dei stal noko frå eit skip då han dykka.

Denne undervass-scooteren og dykkardrakta blei tatt i beslag på Husnes natt til 13. april.

Då dei tiltalte fekk opp kokainen frå undersida av skipet ved Husnes, brukte dei dette dykkarutstyret.

Foto: Politiet

Fleire av dei har hevda dei skulle på ferie i Noreg. Tiltalte har hevda å ikkje kjenne kvarandre, og dei meiner også at dei var tvungne til å hente bagane.

Aktor meiner dette er feil.

Dei lyg av ein grunn når dei seier dei er på ferie, ikkje har sett dei andre, at dei var tvunge, at dei trudde det var hasj. Dei veit kva dei var med på, og dei prøver å sleppe unna, seier Hordnes.

Nokre av dei tiltalte har sagt dei fryktar blodhemn. Aktor seier i prosedyren at tekstmeldingar viser at det er fleire bakmenn som ikkje var med på oppdraget i Noreg.

Til dømes la ho fram at nokon gav informasjon til dei tiltalte om kvar skipet var i løypa, og at nokon kontakta huseigar av utleigebustaden på Husnes etter at dei tiltalte var arresterte.

Det er openbert dei driv med «crime as a service» for å tene pengar, seier aktor.

Ved bensinstasjon husnes kokain

At dei tiltalte hevdar å ikkje kjenne kvarandre, meiner aktor er feil. Ho meiner dei openbert har snakka saman, og lagt planar saman. Her møter to av dei tiltalte den personen som hadde kokainen i bilen då han blei arrestert.

Foto: Politiet

Les også Meiner skrifta på fengselsveggen var hemmeleg bodskap til medtiltalt kvinne

Hemmelig lapp avslørt i Bergen fengsel

Hadde utstyr og var kjappe

Aktor meiner at utstyret 26-åringen kjøpte, med mat for lenger tid, i tillegg til vakuumpakkemaskin, pakkeposar, eingongshanskar, og teip gir bevis.

Ei vakuumpakkemaskin blei beslaglagt på den eine adressa på Husnes då politiet hadde arrestert seks personar med 150 kilo kokain.

Vakuumpakkemaskina hevda den tiltalte som kjøpte denne, at han skulle bruke til å pakke mat til turar.

Foto: Politiet

Det er openbert han skal handtere dette stoffet. Han skal bruke dette til noko, seier aktor.

At tiltalte skulle ha dette til å pakke mat, meiner aktor er feil.

Det er totalt usannsynleg dette er til mat, seier aktor.

Denne undervass-scooteren tok tollen bilete av i tollkontroll i Larvik 10. april. Denne skal ha blitt brukt for å få opp 150 kilo kokain frå under eit skip. Skipet låg til kai i Husnes i Kvinnherad i Vestland.

To undervass-scooterar på veg inn i Noreg gjorde at tollarar fatta mistanke om at utstyret skulle brukast til å hente opp narkotika som hadde blitt smugla under overflata. Dermed kunne politiet spane og etter kvart pågripe.

Foto: Tolletaten

I retten har det blitt lagt fram korleis politiet filma frå helikopter med varmesøkjande kamera at kokainen blei henta opp.

Videoen viser kva som skjer i vasskanten før politiet arresterer dei tiltalte.

Aktor la i prosedyren vekt på at operasjonen med dykket, som 46-åringen gjorde, skjedde kjapt.

Naust på Husnes.

Frå detta naustet dykka 45-åringen og kom seg ein kilometer fram til skipet. Deretter fekk han med seg kokainen tilbake til naustet, der to venta for å bere bagane med kokain til bilen.

Foto: Politiet

Dykkaroperasjonen er klart det farlegaste, å ta ut narkotikaen. Det er ein liten stad, så difor skjer dette så profesjonelt, det skjer raskt, og det er naudsynt med fleire bilar, seier aktor.

Les også Tatt for å dykke etter kokain på Husnes - hevdar han skulle kontrollere turistskip

Kokainsmuglingstiltalte Husnes sjekker inn på hotell Best Western Gardermoen

Brukte store summar

Aktor la også fram at det blei brukt mykje pengar for å få til hentinga. Utgifter til fly, hotell, leigebilar, utleigebustad på Husnes, og kjøp av nytt dykkarutstyr til over 30.000 kroner.

Dette dykkarutstyret ville truleg blitt lagt igjen, dei skulle fly ut, seier aktor.

Når det gjeld kvinna, meiner aktor at ho er den som har komme med flest usanningar, svært tilpassa bevisa.

To av de tiltalte i Husnes-kokainbeslag-saka kjøper dykkarutstyr ein butikk i Bergen.

Kvinna var mellom anna med og kjøpte dykkarutstyr i ein butikk i Bergen. Der skal ho ha tolka.

Foto: Politiet

Aktor ber retten om å ikkje la seg lure av at den tiltalte er ei dame.

Nokon gonger speler dei offerkortet, men ho veit kva ho er med på. Ho gjer dette for pengar, som dei andre, seier aktor.

Ho meiner kvinna ikkje kan ha vore på ferie, slik som tiltalte har sagt ho var. Ho trur ikkje på dykkaren då han meinte at kvinna hadde blitt dratt inn i smuglarjobben.

– Kvifor er dei to stykk og står fram som eit par? Det er for at det skal verke mindre mistenkeleg, seier aktor.

Les også Fanga opphenting av narkotika med helikopterkamera