Hopp til innhold

Meiner skrifta på fengselsveggen var hemmeleg bodskap til medtiltalt kvinne

Dykkaren er tiltalt for å ha hatt ei sentral rolle i den største kokainsaka i Vestland nokosinne. Under varetekt skreiv han ei lang forklaring på ein vegg i fengselet.

Hemmelig lapp avslørt i Bergen fengsel

BODSKAP: Denne teksten skal politiet ha fotografert på veggen i Bergen fengsel i byrjinga av mai månad 2023.

Foto: Bergen fengsel / politiet

Teksten er albansk og blei skrive på ein vegg i Bergen fengsel i mai i fjor. Påtalemakta sine tolkar har omsett den slik:

«Les. Svarte telefonen er ikkje vår. Me kom for å feriere. Det er første gong me ser dei. Me visste ikkje kvar dei skulle sende oss. Dei har sendt oss under tvang, dei har ikkje trua oss, men det var innforstått at dersom me hadde protestert, hadde dei gjort noko dårleg mot oss.»

Aktor og konstituert førstestatsadvokat, Benedicte Hordnes, meiner dette var ein beskjed frå 46-åringen til ei kvinne som er tiltalt i same sak og også sat i varetekt.

Hensikt: Å samordne forklaringane.

– Me tenker det er ei førehandsavtale. Begge forklarer seg i realiteten i samsvar med det som er skrive på veggen om sentrale ting som telefonen og reisa, seier Hordnes.

Tiltalt etter mafiaparagrafen

Totalt fem albanske personar, blant dei kvinna, er tiltalte etter den såkalla mafia­paragrafen for å ha smugla 150 kilo kokain til Noreg. Kokainen var festa under eit skip.

Ein sjette person blei også arrestert og sikta, men blei etter ei tid funnen død i fengsel.

Vest politidistrikt frigir bilder fra narkotikabeslag på Husnes etter at 150 kilo kokain ble funnet festet til skroget på et skip

Kokainen var pakka inn i baggar og festa til skroget på skipet.

Foto: Vest politidistrikt
Vest politidistrikt frigir bilder fra narkotikabeslag på Husnes etter at 150 kilo kokain ble funnet festet til skroget på et skip

Dei gule posane inneheldt kokain. Dette er ein av fire baggar som politiet konfiskerte.

Foto: Vest politidistrikt
Vest politidistrikt frigir bilder fra narkotikabeslag på Husnes etter at 150 kilo kokain ble funnet festet til skroget på et skip

150 kilo blei tatt.

Foto: Vest politidistrikt
Forsvarar Ole Petter Drevland i Hordaland tingrett.

Forsvarar for 46-åringen er advokat Ole Petter Drevland.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

46-åringen nektar for å ha forsøkt å samordne forklaringane.

Han hevdar at han hadde skrive på veggen for å sjølv hugse kva han hadde sagt i avhøyr.

– Det var ikkje meint for den kvinnelege medtiltalte, for ho sat ein annan stad i fengsel, seier mannen sin forsvarar, advokat Ole Petter Drevland.

Var på ferie

Då kokainen kom til Noreg i april 2023, var den festa under skipet «Nordloire», som kom til Husnes i Vestland frå Brasil.

Skipet Nordloire låg til kai på Husnes i Kvinnherad då det blei gjort eit beslag på 150 kilo kokain som hadde blitt frakta til Noreg under skipet.

«Nordloire» hadde segla frå Haiti, via Brasil, og til Husnes. Under skipet blei det første beslaget, gjort i Noreg av typen parasittsmugling, frakta. Dette er også det største kokainbeslaget gjort på Vestlandet nokosinne.

Foto: Atle Helland

Dykkaren har forklart at han skulle til Noreg for å inspisere eitt skip. At kvinna var med, hevdar han var fordi ho ofte var med han på turar, både for business og fornøyelse.

46-åringen hadde eit dykkarfirma i Albania der dei har halde dykkarkurs. Kvinna jobba i firmaet og tok seg av alt det administrative.

Kvinna forklarte at dei to var i Italia på ferie då ho fekk vite dei skulle til Noreg. Der skulle dei visstnok også ha nokre dagar ferie.

Framme i Noreg blei kvinna bedt om å tolke, fordi ho kunne engelsk.

Dette gjorde ho mellom anna då ho, dykkaren, og den no avdøde kjøpte dykkarutstyr i Bergen.

To av de tiltalte i Husnes-kokainbeslag-saka kjøper dykkarutstyr ein butikk i Bergen.

46-åringen og kvinna på ein butikk som sel dykkarutstyr i Bergen. Ein tredje person skal ha betalt over 35.000 kroner for utstyr der.

Foto: Politiet

Ville ikkje dykke om natta

Vidare på veggen i Bergen fengsel stod det:

«Me ønska ikkje dykke på natta. Me har aldri snakka om pengar. Dei har betalt reisa for oss. Me blei kopla via eit reisebyrå for billettar. Du veit dette, eg veit ingenting, då du har snakka med dei.»

I retten har det kome fram at den tiltalte 46-åringen skal ha gått i vatnet ein kilometer unna skipet.

Deretter skal han ha kutta tau og fått med seg dei fire bagane med kokain til land.

Oversikt over sjøvassinntaka på skipet som låg til kai på Husnes. Ser ein etter, kan ein sjå tau i to av inntaka. Der var det gøymt til saman 150 kg kokain.

Bagane med kokain skal ha vore festa inni eller til desse lukene under skipet.

Foto: Tolletaten

46-åringen har forklart at han ikkje ville dykke på natta, og at han følte eit slags press om at han måtte.

Kvinna hevdar også at ho følte eit press.

– Me har ikkje tillit til deira forklaringar. Me meiner dei er fullt klar over kvifor dei er her, og kva oppdrag dei skal gjennomføre, seier aktor Hordnes.

Les også Skipet som var lasta med kokain

Vest politidistrikt frigir bilder fra narkotikabeslag på Husnes etter at 150 kilo kokain ble funnet festet til skroget på et skip

Sentral telefon

Då dei seks personane blei arresterte, var kvinna og 46-åringen i same bil. I denne var det to telefonar. Ein tilhøyrde kvinna, og ein var ein svart Samsung-telefon.

Aktor Hordnes seier den svarte telefonen er sentral, fordi den tydeleg viser at det er kontakt med oppdragsgivarar for turen.

Denne telefonen nekta kvinna for å ha brukt, bortsett frå då ho hadde blitt bedt om å svare på den. Då sat ho i bilen, klar for å hente dykkaren etter han hadde dykka.

46-åringen nektar for å ha brukt telefonen før turen til Noreg.

– Det er ikkje riktig, det kjem me til å påvise, seier Hordnes.

Denne undervass-scooteren og dykkardrakta blei tatt i beslag på Husnes natt til 13. april.

Dykkardrakt og dykkarutstyr blei beslaglagt natt til 13. april. Kvinna hjelpte 46-åringen med å skaffe utstyret.

Foto: Politiet

Les også Rekordbeslaget på Husnes: Slik skal dei ha jobba for å få kokainen til Noreg

Kokainbeslag i bil Husnes

Liknande kokainbeslag i andre land

I retten har det kome fram at 46-åringen og kvinna har reist mykje til utlandet når det ikkje er turistsesong i Albania. Sesongen er frå mai til oktober.

Aktor har lagt fram at 46-åringen og kvinna var i Brest i Frankrike i februar og i Gijon i Spania i mars.

– Desse turane er mistenkelege og kan ha noko å gjere med tilsvarande oppdrag som dei gjorde i Noreg, seier aktor Hordnes.

Konstituert førstestatsadvokat og aktor Benedicte Hordnes i Hordaland tingrett.

Konstituert førstestatsadvokat og aktor Benedicte Hordnes i Hordaland tingrett.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Hordnes stadfestar at det i same periode har blitt gjort større kokainbeslag i landa.

– I eitt av landa blei det funne i lufteventilsystemet på same måten som på båten på Husnes, seier Hordnes.

Forsvarar Drevland meiner det er spesielt å trekke fram desse reisene utan å hente inn dokumentasjon.

– Det blir berre lause skuldingar til ugunst for min klient, og det synest eg ikkje er heldig, seier Drevland.

Les også Tatt for å dykke etter kokain på Husnes - hevdar han skulle kontrollere turistskip

Kokainsmuglingstiltalte Husnes sjekker inn på hotell Best Western Gardermoen

Les også Fryktar blodhemn: Kokain-tiltalt føler seg trua av italiensk advokat

Ved bensinstasjon husnes kokain