Hopp til innhold

Fryktar blodhemn: Kokain-tiltalt føler seg trua av italiensk advokat

Fem albanarar er tiltalte etter mafiaparagrafen for å ha innført 150 kilo kokain. Éin skulle få over 200.000 kroner for jobben og vedgår straffskuld.

Ved bensinstasjon husnes kokain

POLITISPANING: Tre av dei tiltalte vart fotografert ved ein bensinstasjon på dagtid, før dei blei arresterte natt til 13. april 2023.

Foto: Politiet

Det var ikkje meg sjølv eg var redd for, det var familien min, sa den tiltalte 27-åringen om tida då han skulle i avhøyr i Noreg.

Han er den første som har forklart seg i saka. Éi kvinne og fire menn frå Albania er tiltalte etter den såkalla mafiaparagrafen og for å ha innført 150 kilo kokain til Husnes i fjor.

Ein sjette person var også sikta, men han blei funnen død i fengsel.

Dette er første gong det har blitt beslaglagt kokain i Noreg under eit skip, med metoden parasitt­smugling. Det er også det største kokain­beslaget gjort på Vestlandet nokosinne.

Les korleis dei seks enda opp med å bli arresterte her:

Les også Skipet som var lasta med kokain

Vest politidistrikt frigir bilder fra narkotikabeslag på Husnes etter at 150 kilo kokain ble funnet festet til skroget på et skip

Blodhemn

30-åringen og 27-åringen forklarte seg i dag. Dei er tiltalte for å ha medverka til planlegging, mottak av dykkarutstyr på Gardermoen, frakt av dykkarutstyr til Husnes og mottak av stoffpartiet i vasskanten.

27-åringen forklarte i retten at i albansk kultur har dei ei slags lovbok, Kanuni i Lekë Dukagjinit, som kriminelle misbrukar. Boka regulerer ifølgje 27-åringen også blodhemn, noko som gjer at han er redd for å namngi andre. Han sa at det har vore slike drap i Albania.

I retten omtalte han nokre av dei tiltalte som «mannen» og «kvinna».

Andre kan forklare sjølv kva dei har gjort. Eg har sagt kva eg har gjort, at eg tar ansvar for det, sa han.

Skipet Nordloire låg til kai på Husnes i Kvinnherad då det blei gjort eit beslag på 150 kilo kokain som hadde blitt frakta til Noreg under skipet.

Kokainen blei frakta med skipet Nordloire frå Brasil til ein Hydro-kai på Husnes.

Foto: Atle Helland

– Ein trussel

På spørsmål om han var redd for å dra andre inn i saka, svarte 30-åringen «veldig redd».

Ein italiensk advokat har via familien i heimlandet, hevda at han er forsvarar for tre av dei som blei arresterte: 27-åringen, 30-åringen og han som er død.

Denne advokaten skal ha ønska å kome til Noreg.

Dette nekta 30-åringen for at han skulle gjere. Han sa han hadde alt ein advokat i Noreg.

For meg var det ein klar beskjed. Det er ein trussel. Det var også ukjende personar som har trua kona mi, sa han i retten.

Konstituert førstestatsadvokat og aktor Benedicte Hordnes i Hordaland tingrett.

Strafferamma for eit beslag som det på Husnes er 15 år, ifølge konstituert aktor Benedicte Hordnes. Sidan dei er tiltalte som ei organisert kriminell gruppe, er strafferamma 21 år.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Tre tiltalte kontakta

Advokat Alexander Gonzalo Sele er forsvarar for 30-åringen. Han stadfestar at klienten har vore redd for å forklare seg, og at familien i Albania har blitt kontakta av ein italiensk advokat.

Alexande Gonzalo Sele i Hordaland tingrett.

Alexander Gonzalo Sele forsvarar 30-åringen. Sele peikar på at saka har internasjonale forgreiningar og er profesjonelt utført.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Det er sjølvsagt bakmenn som eig dette stoffet. Dei tiltalte føler på eit ansvar i forhold til kva dei kan seie, og eventuelle represaliar frå bakmenn, seier Sele.

Kai-Inge Gavle er forsvarar for 27-åringen og seier at også han og forsvarar for den no avdøde mannen har blitt kontakta av den italienske advokaten.

Dette beviser at det er sterke krefter. Det er antakeleg, slik den andre tiltalte forklarte i dag, eit hint om at ein skal vere forsiktig med kva ein forklarer seg om, sa Gavle.

Kai-Inge Gavle i Hordaland tingrett.

Kai-Inge Gavle forsvarar 27-åringen. Gavle vil bruke kommunikasjonen med den italienske advokaten som bevis i saka.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Éin vedkjenner, éin uvitande

27-åringen har nekta straffskuld. Han seier han først i politiavhøyr fekk vite det var narkotika dei henta. Han reagerte på at dei snakka om at det var 150 kilo kokain i sekkane.

Dei var tunge, som om det var stein inni. Hadde eg blitt spurt om vekta, kunne eg ha sagt 600 kilo, sa 27-åringen.

Vest politidistrikt frigir bilder fra narkotikabeslag på Husnes etter at 150 kilo kokain ble funnet festet til skroget på et skip

Kokainen var pakka inn i baggar og festa til skroget på skipet.

Foto: Vest politidistrikt
Vest politidistrikt frigir bilder fra narkotikabeslag på Husnes etter at 150 kilo kokain ble funnet festet til skroget på et skip

Dei gule posane inneheldt kokain. Dette er ein av fire baggar som politiet konfiskerte.

Foto: Vest politidistrikt
Vest politidistrikt frigir bilder fra narkotikabeslag på Husnes etter at 150 kilo kokain ble funnet festet til skroget på et skip

150 kilo blei tatt.

Foto: Vest politidistrikt

Han seier han kom til Noreg for det han trudde var ein jobb i byggebransjen. Tidlegare har han drive med golvlegging, gipsing og måling.

Han skulle få 20.000-25.000 euro for jobben, og dette var noko som skulle ta tid. Han meiner han blei lurt, og at han i første omgang berre skulle vere nokre dagar i Noreg.

Det blei sagt at dei tre dagane skulle eg sjå omfanget på jobben. Denne jobben kunne kanskje ta to-tre månader, sa 27-åringen.

30-åringen vedkjenner straffskuld etter tiltalen. Han visste det dreia seg om transport av kokain og at denne kom frå Brasil. Han skulle få 20.000 euro for ein transportjobb. Av denne summen skulle 3000 euro bli trekt frå fordi han stod i gjeld.

– Jobben min var å legge bagane i bilen, sa han.

I denne bilen blei bagane med 150 kilo kokain funne. Pågripinga av seks personar skjedde på Husnes.

Sekkane med kokain blei lempa over i denne bilen.

Foto: Politiet

Les om korleis dei tiltalte jobba for å få kokainen til Noreg her:

Les også Rekordbeslaget på Husnes: Slik skal dei ha jobba for å få kokainen til Noreg

Kokainbeslag i bil Husnes

Hevdar å ikkje kjenne kvarandre

Dei fem tiltalte kom til Noreg i bilar og med fly. Ein person som ikkje er tiltalt, kom med to undervasscooterar til Larvik.

Denne undervass-scooteren tok tollen bilete av i tollkontroll i Larvik 10. april. Denne skal ha blitt brukt for å få opp 150 kilo kokain frå under eit skip. Skipet låg til kai i Husnes i Kvinnherad i Vestland.

Undervass-scooterar er sentrale bevis i saka.

Foto: Tolletaten

Dette utstyret blei lagt i leigebilar ved Gardermoen.

Kokainsmuglingstiltalte Husnes sjekker inn på hotell Best Western Gardermoen

Fleire av dei tiltalte har blitt observert saman på eit hotell ved Gardermoen. Her venta dei på å få overlevert dykkarutstyr og køyrde så i forskjellige bilar til Husnes.

Foto: Politiet

27-åringen var sjåfør av ein av to leigebilar frå Gardermoen til Husnes. Han møtte også, saman med 30-åringen, den tiltalte 26-åringen på ein bensinstasjon før dykket på Husnes.

27-åringen og 30-åringen hevdar at dei ikkje kjenner 26-åringen utover dette, men at dei snakka om å hente bagar.

To andre tiltalte nytta også tida før dykket til å kjøpe meir dykkarutstyr i Bergen.

To av de tiltalte i Husnes-kokainbeslag-saka kjøper dykkarutstyr ein butikk i Bergen.

Den tiltalte 45-åringen og den tiltalte kvinna (33) på ein butikk i Bergen. Dei kjøpte utstyr for 35.000, noko betalt kontant og resten med Mastercard.

Foto: Politiet

Etter pågripinga fann politiet til saman åtte telefonar fordelt på seks personar. Desse brukte dei tiltalte til kryptert kommunikasjon på appane Signal og Session.

Rettssaka mot dei fem albanske tiltalte starta i Hordaland tingrett den 7. mai og det er sett av minst ti dagar i retten.

Har du tips?

Takk for at du las.

Eg tar meir enn gjerne imot tips eller tankar om denne eller liknande saker.

Send meg gjerne ein e-post.