Hopp til innhold

Fanga opphenting av narkotika med helikopterkamera

Politiet filma kokain-tiltalte med varmesøkjande kamera frå helikopter. Aktiviteten i vasskanten gjorde at politiet kunne pågripe.

Politiet filma arrestasjonen med varmesøkjande kamera.

– Med mønster på rørsler, og korleis dei opptrer, så verkar det som at dei er profesjonelle, sa politioverbetjent Kristian Rosvold i Vest politidistrikt i Hordaland tingrett.

Fem er tiltalte, som ei organisert kriminell gruppe, for å ha smugla 150 kilo kokain til Husnes i april 2023. Ein sjette blei funnen død i fengsel.

Rosvold presenterte ei slags tidslinje på då dei tiltalte henta narkotikaen frå undersida av skipet «Nordloire».

Skipet Nordloire låg til kai på Husnes i Kvinnherad då det blei gjort eit beslag på 150 kilo kokain som hadde blitt frakta til Noreg under skipet.

Dette skipet, «Nordloire», kom frå Brasil. Under skipet var kokainen festa. Denne henta ein av dei tiltalte opp ved å dykke under skipet.

Foto: Atle Helland

Dette var ei handling som gjekk tilsynelatande fort.

– Det er effektiv jobbing, ja, det vil eg seie, sa Rosvold i retten.

Dei tiltalte køyrde tre forskjellige bilar til staden der ein av dei dykka.

Les også Skipet som var lasta med kokain

Vest politidistrikt frigir bilder fra narkotikabeslag på Husnes etter at 150 kilo kokain ble funnet festet til skroget på et skip

Spana i fleire dagar

Spaninga byrja politiet med etter at dei fekk tips om at tolletaten hadde rapportert om ein person som førte inn undervass-scooterar frå Hirtshals til Larvik.

Denne undervass-scooteren tok tollen bilete av i tollkontroll i Larvik 10. april. Denne skal ha blitt brukt for å få opp 150 kilo kokain frå under eit skip. Skipet låg til kai i Husnes i Kvinnherad i Vestland.

Undervass-scooterar på veg inn til Noreg gjorde at tolletaten fatta mistanke.

Foto: Tolletaten

Frå den 11. til 13. april 2023 spana politiet. I retten blei det vist ein film med dokumentasjon frå kamera­overvaking, teknisk sporing og helikopter med varme­søkande kamera.

Delar av filmen er av skipet «Nordloire» og vasskanten fram til eit naust natt til 13. april.

Det er dette skipet kokainen var festa under, og det var ved naustet ein av dei tiltalte gjekk i vatnet, på natta, for å dykke.

– Med observasjonane, frå 10. april med tollobservasjonar, og inn i 13. april, får me bekrefta at dette er personar som har kome for å hente ut narkotika, sa Rosvold i retten.

Då dei fem blei arresterte, hadde ein av dei 150 kilo kokain i bilen han køyrde.

Les også Rekordbeslaget på Husnes: Slik skal dei ha jobba for å få kokainen til Noreg

Kokainbeslag i bil Husnes

Innkjøp og observasjon

Av dei seks albanske som blei arresterte, var tre av personane på ein dykkarbutikk der dei kjøpte dykkarutstyr den 12. april.

I retten blei forklaringa til kvinna som ekspederte dei lest opp. Ho har forklart at det var dykkaren, ei kvinne og ein tredje mann som kom.

Ho ville vise dei ei billigare dykkardrakt enn den dei såg på. Sidan dei måtte vente nokre dagar for å få denne, kjøpte dei heller ein dyrare.

To av de tiltalte i Husnes-kokainbeslag-saka kjøper dykkarutstyr ein butikk i Bergen.

Den 12. april 2023 var tre av dei tiltalte som køyrde inn til ein butikk som sel dykkarutstyr i Bergen sentrum.

Foto: Politiet

I dykkarbutikken fekk kundane også reparert ei dykkarflaske frå å ha to ventilar til å ha ein ventil. Kvinna som ekspederte måtte spørje sjefane sine om ho kunne ta imot betaling både på kort og i Euro.

Dykkarflaske tatt i beslag på Husnes natt til 13. april 2023.

Denne dykkarflaska blei tatt i beslag.

Foto: Politiet

Samtidig skal to av dei tiltalte mennene ha køyrd til ein stad der ein kan gå til eit utkikkspunkt og sjå at skip legg til kai på kaien på Husnes.

Bil observert av spanarar i Husnes-kokain-saka.

To av dei andre tiltalte køyrde ein kvit bil til eit utsiktspunkt den 12. april 2023.

Foto: Politiet

Etter klokka 22.00 skal ein kvit og ein blå leigebil ha forlate bustaden dei tiltalte leigde.

Ved eitt naust gjekk den eine tiltalte i vatnet.

Naust på Husnes.

Frå dette naustet skal ein av dei tiltalte ha gått i vatnet, skal ha kome seg ein om lag ein kilometer bort til skipet, som pila peikar på. Då han kom tilbake stod medtiltalte i vasskanten, klare for å ta imot kokainen.

Foto: Politiet

Mannen som dykka etter kokainen, har sagt i retten at han trudde han skulle inspisere eit turistskip.

Les også Tatt for å dykke etter kokain på Husnes - hevdar han skulle kontrollere turistskip

Kokainsmuglingstiltalte Husnes sjekker inn på hotell Best Western Gardermoen

Den same mannen har også skrive ein beskjed i fengsel.

Les også Meiner skrifta på fengselsveggen var hemmeleg bodskap til medtiltalt kvinne

Hemmelig lapp avslørt i Bergen fengsel

Avslappa stemning

Fleirtalet av dei tiltalte har sagt i retten at dei er redde for å snakke og at dei ikkje kjente dei andre før dei kom til Noreg.

Les også Fryktar blodhemn: Kokain-tiltalt føler seg trua av italiensk advokat

Ved bensinstasjon husnes kokain

I retten uttalte Andrea Kvamsøy Bjørke frå Vest politidistrikt om overvakingsvideoar frå hotellet ved Gardermoen.

Generelt ber dette preg av god og avslappa stemning, latter, mykje avslapping i ei sofagruppe. Dei kjøper drikke, alle går til og frå, ut for å røyke eller liknande, sa Bjørke.

Nokre av dei tiltalte har sagt i retten at dei følte eit press på å gjennomføre dykket, men Bjørke finn ikkje spor av truslar eller press.

Det er ingen peikefinger eller nokon som gjer seg høg og mørk eller brukar vald, sa Bjørke.

Overvakingsvideoen viser også at fleire av dei tiltalte sit framoverlent i sofagruppa og snakkar saman. Dei viser kvarandre noko på mobilane.

Jobbar i grupper

Politioverbetjent Kjetil Thunold i Kripos forklarte i retten om innførsel av kokain til Noreg.

Thunold fortalde det var fire modus kokainen gjerne kom inn med:

1) Skjult i holrom i skrog på container.
2) At det er gøymt inne blant last.
3) Rip on rip off, rett på innsida av døra på containerar.
4) Parasite, under båtar som kjem frå Sør-Amerika til Europa.

Han sa mellom anna at albanskspråklege nettverk har ein stor andel av kokaininnførsel til Europa.

Thunold sa desse gjerne opererer med «hentelag», for å formidle narkotikaen vidare.

Han meinte også at di nærare ein var narkotikaen, altså di større risiko ein tok på seg, jo lengre ned på rangstigen ville ein truleg vere.

Generelt, jo høgare opp, jo lengre unna er du risikosoner.