Nervøs, prega og litt uroleg.
I minutta før Preben Ottesen (54) skulle inn og vitne i rettssaka etter fregattkollisjonen i 2018, veksla han mellom å sitje i ro på ein stol og vandre att og fram i gangen utanfor.
– Eg har ganske heftige eksamensnervar, sa han kort til NRK medan han venta.
I dag jobbar han som leiar for operasjonsavdelinga i Sjøforsvaret.
Men Ottesen var skipssjef og øvste ansvarleg på KNM «Helge Ingstad» før den kolliderte og forliste i 2018.
Sjølv sov han då kollisjonen skjedde. Samanstøyten kasta han ut av køya og ned på dørken.
– Eg hugsar eg vart redd. Eg skjønte der og då at det var sinnssjukt alvorleg, sa Ottesen til retten.
FØR VITNEFORKLARINGA: Skipssjef Preben Ottesen i Hordaland tingrett.
Foto: Jon Bolstad / NRK– Alt er mitt ansvar
No er det den 33 år gamle vaktsjefen som aleine er tiltalt for å ha forårsaka kollisjonen med «Sola TS» og såleis sette mange menneskeliv i fare.
– Dette vil eg berre få sagt høgt og tydeleg: Eg har ansvaret for alt som skjer på den båten, sa skipssjefen i retning dommarane i rettssalen.
Til NRK seier at han sjølv burde vere på tiltalebenken.
– Eg meiner at dersom det er så viktig å tiltale nokon for denne kollisjonen, så burde dei plassert meg der i staden for. Om dei hadde hatt noko å ta meg på, det veit eg ikkje, seier Preben Ottesen (54), som i dag er sjef for operasjonsavdelingen i sjøforsvaret.
Statsadvokat Magne Kvamme Sylta hadde fleire spørsmål i retten om kven som hadde ansvar for «det eine og det andre» på skipet.
– Om nokon søler diesel på fjorden, om kokken kuttar seg i fingeren, eller om vi seglar på eit tankskip. Det er mitt ansvar.
– Skal eg vera heilt ærleg, eg slit med å akseptere at det er vaktsjefen som sit der (på tiltalebenken, journ. anm.) og eg sit her i vitneboksen.
SOV: Skipssjef Preben Ottesen på veg inn i rettssalen. Han låg på lugaren sin og sov då kollisjonen skjedde, men vakna brått av samanstøyten.
Foto: Jon Bolstad / NRK
– Eg stolte veldig på han
Statsadvokatane meiner dei individuelle avgjerdene til vaktsjefen forårsaka kollisjonen.
Forsvararane peikar på systemsvikt, mellom anna i Sjøforsvaret der dei meiner unge vaktsjefar vart klarert for raskt.
Det var Ottesen som klarerte den tiltalte vaktsjefen i mars 2018, vel åtte månadar før kollisjonen.
– Eg opplevde han som dyktig. Han var ein flink fyr som eg stolte veldig på. Eg ville ikkje klart å sove på ein fregatt om eg ikkje stolte på vaktsjefen eg hadde klarert til å segle mitt skip, fortalde 54-åringen til retten.
Han heldt fram med å argumentere for at dei som går ut av Sjøkrigsskulen no for tida, er langt dyktigare enn dei som gjekk ut på 1990-talet, då han byrja i Sjøforsvaret.
«Ein stor klump» på radaren
Den tiltalte vaktsjefen har forklart i retten at han trudde tankskipet var noko som låg i ro ved land. Den feilaktige situasjonsforståinga delte han med fleire på brua.
Dei har forklart at dei sterke dekkslysa på tankskipet gjorde det vanskeleg å sjå at det var eit fartøy i bevegelse. Lysa blanda seg med «industrilysa» på Stureterminalen.






Video frå observasjonsseilasen viser korleis dekkslysa på tankskipet såg ut frå brua på fregatten når det verkeleg nærma seg kollisjon.
Grafikk/video: HavarikommisjonenDå aktor grilla den tiltalte om kvifor han ikkje såg i radaren då oppkalla byrja å kome på radioen, svarte vaktsjefen at «det var mykje eg kunne gjort annleis».
– Kva kan ein gjera for å kompensere for sterkt bakgrunnslys, for å sørge for sikker navigasjon?, spurte aktor i retning skipssjefen i dag.
– Det er jo radaren som er det enklaste og tryggaste hjelpemiddelet vi har. Og då kunne ein sett at ein stor klump hadde gått ut frå kai. Tankskipet hadde vist som ein svær klump på radaren, svarte skipssjefen.
KOLLIDERTE: Tankskipet «Sola TS».
Foto: Jan Kåre NessOm seglingsruta til tankskipet: – Hårreisande
Forsvararane og den tiltalte har peika på systemsvikt hjå Fedje sjøtrafikksentral, som følgjer med på trafikken, og på tankskipet «Sola TS».
Det var fleire som gjorde feil som førte til kollisjonen den natta, meiner dei.
Også Ottesen valde å gå til angrep på at tankskipet tok babord side i leia ut frå Stureterminalen.
Normalt går trafikken på styrbord side både nordover og sørover i fjordane, slik som i biltrafikken. Men ved Stureterminalen har sjøtrafikksentralen ein regel om at tankskipa skal gå babord side i leia.
– Eg har blitt fortald det i etterkant. Det er hårreisande om det er ein norm, for eg visste ikkje om det. Heller ikkje andre skipssjefar eg har spurt, visste om det. Det står ikkje i kartet, sa Ottesen.
Om Fedje VTS: – Kva er vitsen?
Då hadde han også nettopp sendt eit stikk i retning Fedje sjøtrafikksentral. Dei gløymde at KNM «Helge Ingstad» hadde meldt seg i fjorden nokre timar før.
Derfor fekk ikkje «Sola TS» svar med ein gong då dei spurde på radioen kven som var mot dei.
– Hjeltefjorden er ein brei og oversiktleg fjord. I tillegg er den jo, eller skulle jo tilsynelatande i alle fall, vere overvaka av Fedje VTS, sa Ottesen.
Seinare retta han enno hardare skyts mot innsatsen til trafikkoperatøren på Fedje den natta.
– Når vi melder oss inn til dei, så tek eg det som ei sjølvfølge at sjøtrafikksentralen plottar mitt radarekko og følgjer det heile vegen gjennom området.
– Viss navigatørane i Hjeltefjorden ikkje kan forvente meir støtte av sjøtrafikksentralen enn dei gav den natta, forstår eg ikkje kva som er vitsen med å ha ein slik sentral der i det heile tatt, sa Ottesen.
Kalla radiokommunikasjonen for dårleg
Ottesen gjekk også laus på dei velkjende lydloggane frå radiokommunikasjonen då tankskipet oppdaga kollisjonsfaren.
– Vaktsjefen kunne sjølvsagt stilt spørsmål om kven det var som kalla han opp. Men det burde vore avklart før det. Det var ein veldig dårleg kommunikasjon, sa Ottesen.
Forsvararane lurte på kva beskjed på radioen han ville ha forventa å få i ein slik kollisjonssituasjon.
– Eg hadde forventa at det blei sagt «dette er tankskipet Sola TS, på din styrbord baug». Det viktigaste hadde vore å formidla kven det er som tek kontakt.
Avviser press
Tidlegare i rettssaka har den tiltalte vaktsjefen forklart at det var eit press på å bli klarert som vaktsjef. I hans tilfelle innan eitt år, fordi navigatørane på fregatten skulle gå i land for å bli kursa til krigsføringsoffiserar.
Dermed trengde fregatten nye vaktsjefar.
– Det var ikkje noko press. Det kjenner eg meg ikkje att i, sa skipssjefen.
Han presiserte også at det var «tøft og vanskeleg» å bli klarert som vaktsjef.