Hopp til innhold

Amerikansk offiser gjekk i sjokk og måtte fjernast frå brua

Brumannskapet høyrde vaktsjefen rope «faen» og «helvete» rett før det small. Ein av dei trudde i fleire timar at dei hadde kollidert med ein kai.

KNM Helge Ingstad ved skadestedet i Øygarden .

DRAMA PÅ BRUA: Fregatten etter forliset like nord for Stureterminalen. I rettssaka i Hordaland tingrett kjem det stadig nye detaljar fram frå besetninga som sto på brua bak vindauga på fregatten.

Foto: Terje Pedersen / NTB

På første dag av veke tre av rettssaka etter skipskollisjonen i Hjeltefjorden, var turen komen til den mykje omtalte amerikanske offiseren.

Ho var på utveksling frå den amerikanske marinen og fekk opplæring som vaktsjef på KNM «Helge Ingstad».

Måndag vitna ho i Hordaland tingrett via videolink frå San Diego i California i USA. For henne var klokka kring 01.30 då aktor starta utspørjinga.

Ho var kledd i tenesteuniform og hadde store briller på seg. Ho måtte tidleg i vitneforklaringa si tørke ei tåre.

Då hadde ho fortald at ho ikkje skjønte at «Sola TS» var eit tankskip dei var på kollisjonskurs med, før den no tiltalte vaktsjefen ifølge ho ropte «helvete» berre sekund før.

– Det er veldig vanskeleg å forklare korleis eg tenkte då. Eg vart antakeleg redd? Men det er vanskeleg å formulere noko om korleis stemninga blei akkurat då, fortalde ho, sterkt bevega, med blikket festa i PC-en som overførte lyd og bilde frå USA til tingretten i Bergen.

Broen på Helge Ingstad

BRUA: Slik var brua på fregatten bemanna då kollisjonen skjedde.

Foto: Havarikommisjonen

Fekk dei lettaste rutene å segle

Ho hadde elles problem med å hugse detaljar frå ulukkesnatta for over fire år sidan. Statsadvokat Magne Kvamme Sylta måtte difor ofte lese forklaringane hennar i politiavhøyra rett etter ulukka.

Av dei tre som var vaktsjefar under opplæring på fregatten den hausten, omtalte ho seg sjølv som den minst erfarne.

Ho fortalde også at ho fekk ruter ho skulle segle som var tilpassa hennar erfaringsnivå og at det var det no tiltalte vaktsjefen som bestemte kva ruter ho skulle få segle.

– Til politiet har du forklart at du skulle segle dei lettaste rutene?, spurte statsadvokat Magne Kvamme Sylta.

– Ja, det stemmer, svara den amerikanske offiseren.

Amerikanaren, som i dag er 33 år og jobbar på eit fartøy i den amerikanske marinen, bekrefta at ho ulukkesnatta hadde opplæring der målet var å navigere mest mogleg med eige syn, framfor å bruke hjelpemiddel som til dømes radar.

– Det var først og fremst ei visuell øving, med fokus på optiske peilingar. Det var meir enn å studere radar som var viktig, siterte aktor Sylta frå eitt av politiavhøyr.

– Ja, det var skreddarsydd for det eg skulle lære og kor eg var i opplæringsløpet mitt, la ho sjølv til i retten.

Gjekk i sjokk

Også ho, som den avtroppande vaktsjefen og den tiltalte vaktsjefen har forklart, trudde dei sterke lysa frå «Sola TS» kom frå noko som var på eller ved land.

Ho hadde altså det same feilaktige situasjonsbilde som nesten alle på brua hadde. Sjokket blei difor stort då konturane av tankskipet openberra seg og ho skjønte at det var for seint.

– Eg trur det berre svartna for meg. Det var ekstremt sjokkerande. Det var ti tusen ting som skjedde samstundes, likevel gjekk alt veldig sakte, fortalde ho retten, igjen tydeleg bevega.

Frå politiavhøyra kom det fram at ho blei sendt vekk frå brua kort tid etter kollisjonen. Ho hadde gått i sjokk og var difor «ikkje til nytte for nokon».

– Ho blei for overvelda av kollisjonen. Ho skalv ganske kraftig og blei sendt ned i offisersmessa for å få legetilsyn, las aktor opp frå politiavhøyra.

– Det stemmer. Det er ikkje ein slik reaksjon ein ønskjer å få når slikt skjer, men eg er takksam for at nokon såg at eg måtte ha hjelp, fortalde ho.

Les også «Helge Ingstad»-rettssaken: Avtroppende vaktsjef hadde lytteplikt, men hørte ikke tankskipet

Overlevering på fregatten, grafikk Helge Ingstad

Utkikk i politiavhøyr: – Brua gjekk i frys

– Det var ikkje noko hyggeleg. Det var heilt forferdeleg, sa økonomistudenten (24) før ho brast i gråt i vitneboksen.

Ho var 20 år, snart ferdig med førstegongstenesta og hadde nettopp returnert til brua etter å ha ete nattmat. I snaue to minutt hadde ho rolla som styrbord utkikk før kollisjonen skjedde.

Posten var som kjent ubemanna i fleire minutt før det.

Begge utkikkane som forklarte seg i retten måndag fortalde at det var vaktsjefen under opplæring som godkjente at dei i tur og orden kunne gå til korte matpausar i minutta før kollisjonen.

– Det første eg gjorde då eg kom tilbake var å sjå over styrbord side. Eg såg ingen fartøy. Eg såg direkte på det som eg no veit var «Sola TS». Men eg såg ingen båt, vitna ho i retten.

Les også Hemmeligholdt forsvarsrapport om «Helge Ingstad»-ulykken: Peker på flere feil på «Sola TS»

Tankskipet Sola TS

Ho skildra dekkslysa frå tankskipet som veldig sterke og at ho difor tenkte det var ein kai. Den feilaktige forståinga hennar forsvann for seint.

– Det verkar som brua frys til. Mannskapet innser at dei kjem til å krasje. Det blir veldig stille på brua, las aktor Sylta opp frå politiforklaringa til kvinna.

– Det var ikkje så veldig mykje meir å gjera på det tidspunktet. Eg trudde framleis vi ikkje kunne gå styrbord og så kunne vi liksom ikkje gå babord heller, sa ho til retten.

Trudde lenge dei hadde kollidert med kai

Til sist måndag var det mannen som stod på babord utkikk som forklarte seg for Hordaland tingrett.

Også for han er detaljane tåkete frå ulukkesnatta. Og også han trudde dei sterke lysa frå tankskipet kom frå eit «industriområde» på land.

Faktisk trudde han det i fleire timar etter kollisjonen, grunnstøytinga og redningsaksjonen.

– Vitnet var ikkje klar over at det var ein tankbåt før dei kom tilbake til Haakonsvern, siterte aktor Sylta frå politiavhøyr med den no 24 år gamle mannen.

Vidare kom det fram at han fekk «vondt i magen» då han skjønte kva som var i ferd med å skje.

– Eg forstod alvoret først ganske tett opp mot kollisjonen. Vaktsjefen skreik, eller ropte, «faen». Det vart litt sånn «kva skjer no?»-stemning på brua.

Også han er økonomistudent i dag. Han gav dei beste skussmåla til vaktsjefen for tida dei hadde saman på KNM «Helge Ingstad».

– Eg segla ein god del med han og hadde gode erfaringar med det. Han er veldig fagleg sterk og «på ballen», forklarte vitnet.

Tysdag skal skipssjef Preben Ottesen vitne i Hordaland tingrett.