Hopp til innhold

– Planane for E16 og Vossebana er for dyre og ambisiøse

Leiar i Hordaland Høgre, Liv Kari Eskeland, går ut mot planane for E16 og Vossebana.

Vaksdal -rasfare

– FOR DYR: Liv Kari Eskeland (H) er forkjempar av ferjefri E39. Ho meiner ein må ta omsyn til kvalitetsrapporten som konkluderer med at ny E16 og Vossabanen ikkje har den samfunnsnytten prosjektet bør ha.

Foto: NRK

– Ein må tenkje seg om når ein avgjer kva for eit traseval ein skal gjere for framtidige E16. Kvalitetssikringa syner at dette ikkje har den samfunnsnytten som eit sånt prosjekt bør ha, seier Stord-ordførar og leiar i Hordaland Høgre, Liv Kari Eskeland.

Fleire parti har opna for å prioritere rasutsette E16 og Vossebana framfor ferjefri E39 i neste Nasjonale transportplan. Men Eskeland meiner kostnadane vil bli for store.

– For ambisiøst

Liv Kari Eskeland

Stord-ordførar og leiar i Hordaland Høgre, Liv Kari Eskeland.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Leiaren i Hordaland Høgre syner til kvalitetssikringa frå Oslo economics, som konkluderer med at det ikkje er samfunnsøkonomisk nytte i å bruke 33 milliardar på ny veg og bane.

– Før ein vedtek korleis strekket skal bli, må ein tenkje seg om. Men at ein må bruke nokre hundretalsmillionar på rassikring er me nok alle einige i, seier Eskeland.

LES OGSÅ: Birger overvaker E16 frå båt midt på fjorden | – Vi er forbanna, neste ras kan bli katastrofalt

Fylkestinget går for K5-alternativet

Samferdsleutvalet i Hordaland fylkeskommune gjekk onsdag inn for å prioritere både E39 og E16 i neste Nasjonale transportplan (NTP).

Tom-Christer Nilsen

Fylkesordførar i Hordaland, Tom-Christer Nilsen (H).

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H) er ueinig med Eskeland i at planane for E16 og Vossabanen er for ambisiøse. Han seier forslaget til Eskeland er i strid med vedtaka til eit samla politisk miljø i Hordaland.

– Me har levert utsegnene våre på alternativa til ny E16 og me har alle gått for K5, som er kombinert bane og vegalternativ. Det er også den offisielle utsegna frå Hordaland fylkesting.

– Saka ligg no hos staten, og det er dei som skal avgjere dette no i haust, seier Nilsen.

LES OGSÅ: – Uklart kva Hordaland vil prioritera