Hopp til innhold

Birger overvaker E16 frå båt midt på fjorden

Eit vakent blikk, ein kikkert og ein walkie talkie – det er enkle midlar som blir brukt til å overvake rasstaden på E16 ved Vaksdal.

Birger Borg

VIDEO: Sjå videoen av Birger Boge som har lange dagar på vaktpost i Vaksdal. FOTO: Arne Frank Solheim

Med kikkert og blikket fast festa på fjellsida er Birger Boge og kona Margreta ansvarlege for om E16 må stengast umiddelbart. Det er lange dagar på vaktpost i Vaksdal der dei går på skift.

Birger Borge

FØLGJER MED: Birger Boge held oppsyn med fjellsida over E16 i Vaksdal.

Foto: NRK

– Vi ligg her med båten i fjorden og ser om det losne noko oppe i fjellsida. Så her var eg klar frå før klokka 05.00, seier Boge.

Torsdag 21. mai gjekk eit stort jordras over E16 og 12. mai gjekk det eit ras på same stad. Eit passasjertog køyrde då inn i raset, men ingen vart skadd. Rasfaren i området er framleis stor, og Statens vegvesen fryktar at det skal gå eit tredje ras på staden.

– Redd noko skal kome ned

– Torsdag då låg det så tjukk skodda at vi såg ikkje toppen. Då måtte vi stoppa arbeidet, fordi vi skal alltid ha sikt for å sjå om noko kjem ned, seier Boge.

For andre gang på to uker er E16 stengt på grunn av jordras.

JORDRAS: E16 har vore stengt 40 gonger dei siste 15 åra på grunn av jordras.

Foto: Rikke Emlie Rusten/Helene Wiese-Hansen / NRK

Også laurdag morgon vart vegen stengd i nokre timar på grunn av tåke og låge skydekke. På land har trafikkdirigentane 30 sekund på seg til å stoppa trafikken om Birger varslar dei.

– Vi fokusere på den kvite flekken med snø der oppe. Det er den vi er redd for skal dette ned og ta med seg tre og andre ting på veg nedover, seier Alex Skulstad som er ein av trafikkdirigentane.

– Det er Birger ute i båten som er hovudsjefen, så han har alltid blikket opp der og ser. Om noko byrjar å røra på seg eller noko, då stengjer vi vegen med ein gong, legg Skulstad til.

– Hjelper ikkje med raudt lys

Vaksdal -rasfare

DIRIGERING: No er det lysregulering og vakthald langs E16 på ubestemt tid.

Foto: NRK

– Det enklaste er ofte det beste. Her er vi heilt avhengig av at det går fort. Då hjelper det ikkje med raudt lys, men vi må ha folk som faktisk er å følgjer med, seier Njål Farestveit som er geolog i Statens vegvesen

Rasområdet vert overvake til klokka 23.00 kvar kveld, og etter det stengjer europavegen for natta og opnar igjen 05.00.