Hopp til innhold

– Uklart kva Hordaland vil prioritera

Samferdsleministeren klør seg i hovudet over kva veginvesteringar hordalandspolitikarane eigentleg ønskjer seg.

Ketil Solvik-Olsen

UKLART: - Det er svært uklart kva samferdsleprosjekt hordaland eigentleg ønskjer å prioritera, meiner samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen frå Frp.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Det er ikkje mykje prioritering av samferdsleprosjekt i Hordaland. Når ein vegstrekning kjem opp i media, så er det plutseleg den som er viktigast, seier samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen frå Frp.

Statleg finansiering av bybanen, ferjefri E39, Ringeriksbanen, Sotrasambandet, E16 og Vossebanen, E134 over Haukeli, Riksveg 13 over Vikafjellet, Nyborgtunnelen eller tunnel under Hardangervidda.

Det er vanskeleg for samferdsleministeren å vite kva politikarane i Hordaland eigentleg meiner er viktigast – kva som må gjerast først – og kva som kan venta.

– Når ikkje fylket sjølv vil prioritera noko, så vil andre prioritera for dei. Så no må hordalandspolitikarane spør seg om det er det dei faktisk vil, seier Solvik-Olsen.

Ikkje aktuelt å få forkøyrsrett

I går var Øyvind Halleraker frå Høgre som leiar hordalandsbenken på Stortinget, klar på at det ikkje er aktuelt å la anten E16 eller ferjefri E39 få forkøyrsrett, mot at det andre prosjektet må venta.

– Vi har tidlegare i Hordaland blitt møtt med det spørsmålet frå sentrale styresmakter om å prioritera mellom store prosjekt. Det har vi aldri gjort før, og det har gått bra tidlegare, seier Halleraker.

– Det er tvilsamt

Halleraker meiner Hordaland treng å ha fleire ballar i lufta til ei kvar tid.

– Vi må tenkja meir enn eit prosjekt av gongen for å utvikla Hordaland og Bergen, seier Halleraker.

– Det å seia at ein ikkje har ein kultur for å prioritera, synest eg er tvilsamt. Då servere ein berre ein stor og lang ønskjelista og lar andre få lov til gjera avgjerdene. Med siste vekas debatt, så er det ein uheldig tilnærming, seier Solvik-Olsen.