Hopp til innhold

Politikarane i rasfylket Vestland strauk setning om å prioritera rassikring

Fylkespolitikarane i det verste rasfylket vil bygga bruer som erstattar ferjer. – Dei må velja. Me har ikkje råd til begge delar, seier fylkesdirektøren.

Tokagjelet

TURISTVEG: Fylkesveg 49 gjennom det dramatisk ville Tokagjelet ligg fremst i løypa for rassikring. Dette er inngangsporten til Hardanger frå Bergen. Dette raset gjekk i 2013.

Foto: Halvor Folgerø/NRK

Ingen andre fylke har like dårlege og rasfarlege vegar som Vestland.

Fylkespolitikarane har i lang tid understreka at det viktigaste dei treng pengar til på vegane, er rassikring og vedlikehald av slitne vegar.

Det same seier regjeringa i forslaget sitt til Nasjonal transportplan (NTP) for 2025–2036. Stortinget skal vedta planen 12. juni.

Sjå saka om barna som spelte fotball med livet som innsats:

Les også – Me kan kritiserast i ettertid, men det hjelper så lite

Steinras på fotballbanen til Dale IL i Vaksdal

Treng 26 prosent av totalen for Noreg

NAF har tidlegare i år rekna ut at fylka treng til saman 165 milliardar kroner:

100 milliardar kroner til etterslep på vedlikehald og drift av fylkesvegane, pluss over 65 milliardar kroner til rassikring (sjå faktaboks, nedst).

Vestland fylke åleine treng 23,6 milliardar kroner til rassikring og 19,5 milliardar kroner til å retta opp forfallet på vegane.

Til saman 43,1 milliardar kroner, altså 26 prosent av behovet for heile landet.

Fjerna setninga som prioriterte rassikring

Men no har samferdselspolitikarane i Vestland kome på litt andre tankar.

Dei vil ikkje velja mellom anten rassikring av vegar eller bygging av bruer for å erstatta ferjer.

I arbeidet med Regional transportplan for sitt fylke, har dei nemleg stroke ei viktig setning i fylkesdirektør Rune Haugsdal sitt forslag til vedtak.

Der stod det:

«Fylkestinget skal prioritera midlar til skredsikring føre nye store vegprosjekt og ferjeavløysing».

Det var fleirtalet i samferdselsutvalet ueinig i, og tok setninga vekk.

– Me opplevde den setninga som veldig bombastisk og innskrenkande. At ein ikkje skulle prioritera noko framfor skredsikring.

Det seier Trude Brosvik (KrF). Ho tok initiativ til å stryka setninga, og fekk alle bortsett frå SV og MDG med seg på det.

Trude Brosvik

– Det er jo ikkje slik at alle pengar skal gå til rassikring, seier Trude Brosvik i Vestland KrF.

Foto: Sondre Dalaker

Vil også fjerna ferjer

For politikarane vil også bygga nye bruer for å erstatta to ferjestrekningar, til Atløy i Askvoll og over Masfjorden.

Bruprosjekta kostar kanskje 2 milliardar kroner kvar.

– Me vil prioritera ferjeavløysing, seier Brosvik.

DM-2

Kabelferja over Masfjorden kan bli historie om fylkespolitikarane får viljen sin.

Foto: ODDGEIR ØYSTESE / NRK

Ho slår fast at politikarane er mindre villige til å prioritera skredsikring enn det som administrasjonen i fylkeskommunen la opp til.

– Ja, me har andre tiltak òg enn berre skredsikring og vegvedlikehald.

Ferje til Atløy

Atløy i Askvoll blir landfast viss ferja blir erstatta av bruer.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Rasfarleg turistveg

Spørsmålet er då kva som skjer med rassikringa som ligg først i løypa, nemleg fylkesveg 49 gjennom Tokagjelet mellom Kvamskogen og Hardangerfjorden.

Denne strekninga heng saman med starten av Nasjonal turistveg Hardanger, men er svært rasutsett.

Priskalkylen for ein 10 kilometer lang tunnel vart nyleg oppdatert til 3,6 milliardar kroner.

– Tokagjelet slit vi med. Det er økonomisk krevjande, heilt klart, seier Brosvik.

Ras i Tokagjelet

Det svært rasfarlege Tokagjelet er den dramatiske nedkøyringa frå vest til den nasjonale turistvegen gjennom Hardanger.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Fylkesdirektøren: – Kan ikkje låna meir

Vestland fylkeskommune hadde ved nyttår ei lånegjeld på 16,4 milliardar kroner. Det svarar til ein gjeldsgrad på 95 prosent av driftsinntektene. Det er anslått at gjeldsgraden vil auka til 104 prosent i løpet av 2025.

Riksrevisjonen tilrår generelt ein gjeldsgrad på under 75 prosent.

Fylkesdirektør Haugsdal meiner planane om å bygga bruene i Askvoll og Masfjorden vil krevja for store lån.

– Det er ikkje rom for alt. Me kan ikkje gå inn med store midlar til rassikring, og samtidig løfta store ferjeavløysingsprosjekt i dag, seier Haugsdal.

Han seier brubygging eventuelt kan krevja kutt i andre budsjett enn samferdsel.

– Me må prioritera og avstemma ambisjonane våre, slik at me er i stand til å bera dette reint finansielt og økonomisk.

Rune Haugsdal, fylkesdirektør i Vestland fylkeskommune

Vestland fylkeskommune har for stor lånegjeld til å kunna gjennomføra både viktig rassikring og to ferjeavløysingsprosjekt, meiner fylkesdirektør Rune Haugsdal.

Foto: Therese Grimstad Pisani / NRK

Politikaren: – Det skal gå bra

Men Brosvik høyrer ikkje på det øyret. Ho meiner Vestland kan ta opp lån til å bygga både Atløysambandet i Askvoll, Masfjordsambandet, og rassikring i Tokagjelet i Kvam.

Ho står fast ved at det å erstatta ferjer med bruer er viktig.

Brosvik meiner setninga dei strauk ville betydd å nedprioritera ferjeavløysingsprosjekta til Atløy og i Masfjorden.

– Me vil ha eit større handlingsrom i prioriteringane enn berre å binda det til skredsikring.

– Så byråkratane er flinkare eller meir villige til å prioritera enn det politikarane vil?

– Dei har jobben sin, og vi har jobben vår.

Atløysambandet

Atløysambandet skal etter planen binda øysamfunnet til fastlandet i Askvoll.

Illustrasjon: Rambøll

– Staten betaler heile brua

Kvart år får fylka statlege midlar til å drifta ferjesambanda på fylkesvegane.

Ordninga med ferjeavløysingsmidlar er slik:

Fylket tar opp lån for å betala bygginga av bru eller tunnel som erstattar ferjedrift. Deretter får fylket i 45 år utbetalt den statsstøtta som ikkje lenger trengst til ferjedrift.

Dessutan får fylket dekka inntil 50 prosent av rentekostnadane viss utbygginga er ferdigstilt innan år 2027.

Fylkestingsrepresentant Kåre Martin Kleppe (H) viser til at Vestland berre skal gjennomføra bruprosjekt der ferjeavløysingsmidlane frå staten er nok til å dekka heile utbygginga.

Dessutan understrekar han at desse pengane er øyremerkte.

– Då blir det rart å snakka om at me prioriterer ferjeavløysing over rassikring, fordi dette er pengar som utelukkande må gå til ferjeavløysing, seier han.

Han seier politikarane er usamde med fylkesdirektøren om den samla lånegjelda.

– Me har fått veldig lite draghjelp frå administrasjonen i fylket for å få utnytta potensialet til å bruka ferjeavløysingsmidlar.

Det er stort politisk fleirtal for at Vestland fylkeskommune kan auka gjeldsgraden.

– Det er uproblematisk, fordi det er statlege pengar som skal dekka denne brubygginga.

Kåre Martin Kleppe

Kåre Martin Kleppe i Vestland Høgre meiner det går heilt fint å låna milliardbeløp til å erstatta ferje med bru, når lånet etterpå skal betalast fullt ut med øyremerkt statsstøtte.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Me styrer klokt

Brosvik meiner Vestland fylkeskommune i utgangspunktet har ein veldig solid økonomi.

– Eg meiner at politikarane i Vestland styrer klokt og økonomisk.

– Men de vil bruka meir pengar enn administrasjonen meiner er forsvarleg?

– Ja, for å få til mest mogleg. Me vil jo helst sjå igjen noko.

– Me veit kor mykje det betyr for folk å få ein lettare kvardag. Betre samferdsel betyr utruleg mykje i eit fylke som Vestland, seier Brosvik.

Transportplanen for Vestland fylke skal behandlast i fylkesutvalet i morgon, og blir avgjort når fylkestinget møtest 18. juni.

Det er éi veke etter at Stortinget skal ha vedtatt Nasjonal transportplan.

Les også NTP-lekkasje: Lovar milliardbeløp til fylkesvegane

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård og Kommunal- og distriktsminister Erling Sande på vegtrafikksent

ENDRING: Artikkelen vart klokka 10. juni klokka 12.34 utvida med avsnittet «Staten betaler heile brua».