Hopp til innhold

– Synd å tenke økonomi rundt «dødsvegen»

Konsulentar føreslår å ikkje gjere noko med «dødsvegen» E16 og jernbanestrekninga mellom Bergen og Voss. – Det er synd at me skal tenke økonomi oppi dette, seier Vaksdal-ordførar.

Kollisjon mellom buss og personbil

ULYKKESVEGEN: Ein personbil kolliderte med ein buss ved Vassendatunnelen ved Bolstad, på E16, 15. august. 2011. To personar omkom. E16 har blitt kalla «dødsvegen» grunna alle ulykkene.

Foto: Arnstein Karlsen

– Me skal ikkje bygge vegar i hytt og pine, men denne vegstrekninga er hovudvegen mellom dei to største byane i Noreg, og 70 prosent av alle varer som går inn til Bergen går via Bergensbanen, seier Eirik Haga, ordførar i Vaksdal kommune.

Konklusjonen til konsulentane kom fram i Kvalitetssikring 1 (KS1), eit dokument som vart offentleggjort av Samferdselsdepartementet torsdag.

LES OGSÅ: Dødsvegen E16 har kostet milliarder

– Har skjedd før

Eirik Haga

REAGERER: Ordførar i Vaksdal kommune Eirik Haga reagerer på konklusjonen til konsulentane om å ikkje gjere nokon ting på strekninga mellom Bergen og Voss.

Foto: NRK

Utredarane Terramar AS og Oslo Economics AS har gjort kvalitetssikringa på oppdrag frå Finansdepartementet og Samferdselsdepartementet.

Dei skriv at ein utbetring vil ha ein varigheit på 40 år, og at den vil ha ein nøytral samfunnsnytte, skriv Bergens Tidende.

Haga seier det er synd å tenke økonomi rundt strekninga som har blitt kalla «dødsvegen».

– Nok ein gong har eit kvalitetssikringsprosjekt komme med eit negativt samfunnsrekneskap. Dette har skjedd før med Oslo-tunnelen, og så kan ein tenkje seg kva som ville skjedd med trafikken i Oslo-området viss den tunnelen vart stengt, seier Haga.

– Kan ikkje vektlegge «papirflyttarar»

E16 stengd etter ras

STENGT I 12 DAGAR: I 2013 var den lengste stenginga sidan E16 opna. Vegen var stengt i tolv dagar på grunn av eit ras over Stanghelletunnelen i Vaksdal.

Ordføraren i Vaksdal seier det hastar å få gjort eit traséval mellom Bergen og Voss for å få dette inn på Nasjonal transportplan.

Han legg også vekt på at heile Bergensalliansen, Bergen kommune, og Hordaland fylkeskommune har gått inn for K5.

– Denne strekninga er mykje brukt av trailersjåførar, bussar, pendlarar, og av hyttefolk, og dei ser det enorme behovet for ein betre veg. Du kan ikkje vektlegge for mykje desse «papirflyttarane» som ser så negativt på det, seier Haga.

– Ein bør sjå på kva som er behovet her, og denne vegen og banen er ulykkes- og rasutsett, og det gir store utfordringar for kommunane, også for næringslivet i Bergen og omland.

(Saka held fram under kartet)

Kart over ny E16 K5-alternativet

FRAMTIDA: Slik ser K5-alternativet ut. Blå rute er togtrasé, raud rute er vegtrasé. Det meste av trafikken gå i tunnel, medan bilar og tog vil gå parallelt.

Foto: Statens vegvesen

– Å gjere ingenting er lite aktuelt

Ketil Solvik-Olsen (Frp)

UAKTUELT: Å ikkje gjere noko på strekninga mellom Bergen og Voss er uaktuelt, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp).

Foto: Frode Meskau / NRK

Det er regjeringa som tar det endeleg trasévalet, og Haga håpar valet blir gjort i løpet av våren 2015.

– Det å gjere ingenting er lite aktuelt. Me veit at strekninga på E16 er svært ulykkesutsett, og det er også ynskjeleg for oss å utbetre tilbodet på jernbanen, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp).

– Det finst mange ulike alternativ som Statens vegvesen og jernbaneverket har vist i sin utgreiing, og dei skal me no arbeide med og så skal me sjå kvar me endar opp, seier han.