Hopp til innhold

Thor Olaf brukar under ein tusenlapp på julefeiring

Fleire går for ei meir nøktern julefeiring i år. Thor Olaf Hegna kjøper ingen julegåver, men finn gratis ting på nettet eller lagar pynt frå naturen.

Thor Olaf Hegna og mannen Penn Uthen Sribunruang med hjemmelagede julegaver.

LAGAR JULEGÅVER: Thor Olaf Hegna og Penn Uthen Sribunruang brukar i underkant av 1000 kroner på årets julefeiring. Julegåvene er heimelaget eller bruktfunn frå Finn.

Foto: Robert Hansen / NRK

Medan mange julehandlar så bankkorta går varme, vel Thor Olaf Hegna og mannen ei alternativ julefeiring.

Vi har blitt samde med venner og familie om at i år skal ikkje gåver kjøpast. Dei skal anten vere brukte eller heimelaga, seier han.

Heile julefeiringa kostar ikkje meir enn ein tusenlapp, anslår han.

– Vi bruker ikkje 1000 kroner eingong. Vi er rett nok to personar og to hundar, men har treretters middag og ei flaske vin. Det er inkludert gåver til alle, seier Hegna.

Det var avisa Kragerø Blad Vestmar som først omtalte saka.

Les også Føler på en maktesløshet – redd de ikke kan hjelpe alle

Siri Løite står foran et ønsketre i en butikk i Porsgrunn.

Gale med kjøpepress

Thor Olaf Hegna har ikkje alltid levd sparsamt, men no synest han kjøpepresset har gått i heilt feil retning.

– Økonomi har vorte eit kjempeproblem for folk. I tillegg synest eg det er heilt frykteleg å sjå korleis ein berre kjøper og kjøper. Eg får mange fine ting på Finn som er uopna, fortel Hegna.

Thor Olaf Hegna og mannen hans Penn Uthen Sribunruang er glade i å finne skatter i naturen.

Thor Olaf Hegna og Penn Uthen Sribunruang finn skattar i naturen som kan brukast til fine juledekorasjonar.

Foto: Robert Hansen / NRK

Han er ikkje åleine om å stramme inn på pengebruken før jul.

I år vil vi bruke 12 170 kroner kvar på julehandelen. Det er 460 kroner mindre enn desember i fjor, viser prognosar frå Virke.

Dei anslår ein nedgang på 3,5 prosent samanlikna med julehandelen i fjor.

Les også Uliana (8) starta innsamling til Ukraina

Ung jente med innsamling til Ukraina.

Gir større glede

Thor Olaf Hegna er på utkikk etter ting som kan bli julegåver heile året.

Når eg ser noko gratis på Finn.no, tenkjer eg at det at det blir fint, det kan eg bruke, fortel han.

Etter jul går Hegna på kyrkjegarden og finnar kransar som er kasta. Han fjernar pynten, tørkar basten og lagar nye kransar som han gir bort.

– Dei kan folk ha på kyrkjegarden eller på døra si, fortel han.

I naturen finn han blåbærlyng, mose og kongler som blir til fine juledekorasjonar.

Thor Olaf Hegna har laget julepynten selv.

Juledekorasjonene har Thor Olaf Hegna laga sjølv.

Foto: Robert Hansen / NRK

Ei gammal kasse kan fyllast med brusflasker og pyntast med granbar og bomull.

Han som skal få han, elskar brusen og kjem til å bli kjempeglad, smiler han.

Heimelaga gåver gir større glede, meiner Hegna.

I fjor laga han ein krans i julegåve til tannlegen sin.

– «Jøss, så flott, det er første gong eg får ein heimelaga krans», kommenterte han. Reaksjonen du får frå folk, får du aldri elles. Kanskje berre med ein diamantring, ler han.

Les også Gi dine fineste julegaver og spar penger samtidig

Gjenbruk og julegaver

Trur fleire tenkjar alternativt

Leiar i organisasjonen Fremtiden i våre hender, Anja Bakken Riise, trur mange kjenner på eit enormt forbrukspress i jula.

Ho trur fleire enn tidlegare tenker alternativt i år, både av miljøomsyn, men også på grunn av økonomi.

Anja Bakken Riise, leder i Framtiden i våre hender.

FORBRUKSPRESS: – Eg trur mange kjenne på eit enormt forbrukspress i jula, inkludert meg sjølv. Det er veldig forløysande å greie gi litt slepp på det, seier Anja Bakken Riise, leiar i Framtiden i våre hender.

Foto: David Skovly / NRK

Det enklaste tipset for ei rimelegare og meir miljøvennleg jul, er å fortelje venner og familie at ein ønskjer seg brukte ting eller opplevingar i gåve. Då blir terskelen lågare for å gi det, meiner ho.

– Sjekk ut alle dei ulike bruktnettstadene som finst, om det du vil kjøpe finst der først. Ofte er det mykje rimelegare enn å kjøpe nytt, og ofte minst like bra greier, seier Riise.

Jula kan også bety at mykje god mat hamnar bakarst i kjøleskapet og aldri blir eten.

– Det er mykje å spare i å planleggje middagane i løpet av jula, og planleggje for kva ein gjer med restane, seier ho.

Tenkjer på miljøet

Thor Olaf Hegna håpar å inspirere andre å tenkje kreativt og miljøvennleg.

Eg synest det er heilt vanvitig det som skjer. Mange har dårleg råd og eg synest vi skal tenkje på miljøet, seier han.

Les også Dobbelt så mange ber om hjelp til å klare jula – har ikkje pengar til å leve

Kirkens bymisjon sitt juletre