Hopp til innhold

Leif (94) lyser opp mørketida for heile nabolaget

Leif Torrissen på 94 år gjer sport ut av å pynte heimen til jul. Psykolog meiner det utfordrar det stereotypiske bildet av alderdom.

Årets fineste julehus i Nordland 2

LYSFEST: Leif Torrissen veit rett og slett ikkje kor mange lys han har i hagen sin. Men han trur det kan vere snakk om tusen lys.

Foto: Harald Jentoft Strand / Harald Jentoft Strand

Leif Torrissen er 94 år gamal og har budd i det som no er døypt til «Julehuset» av Bodø sin befolkning sidan 1968.

Sjølv om han ikkje lenger kan klatre i stigane sjølv, er huset og hagen dandert fullt av julelys og artige figurar.

Til stor glede for naboar og andre som køyrer eins ærend for å sjå på huset.

– Det har blitt tradisjon. Folk startar å spørje etter lysa allereie i oktober, seier Torrisen, som estimerer at han har rundt 1.000 lys til saman inne og ute.

Julehuset. Opplyst av julelys i alle sags farger. Mange lysene figurer.

Ifølge Torrisen er det taxi-sjåførar som får betalt for lange omvegar for at folk skal kome og sjå på huset.

Foto: Matilde Mørk / NRK

– Eg lever sunt

Torrisen har budd i huset med kona si, før ho gjekk bort for sju år sidan

– Det er jo litt stussleg, seier Torrissen.

Men han har nok å gjere til å halde hjula i gang likevel.

Leif Torrissen. Han sitter i et lilla opplyst rom. Han har tynt grått hår, blå vest og mønstrete skjorte.

Leif Torrissen er pensjonert leiar på sildoljefabrikken i Bodø.

Foto: Matilde Mørk / NRK

– Eg har hatt søskenbarn som har besøkt meg i år, så det er bra. Det er jo mykje å finne på her.

Innanfor huset sine fire veggar er det fotballbord, billiardbord og tennis, for å nemne nokre.

Pyntinga av hus og hage skal han halde på med så lenge han klarar, og så lenge han får hjelp.

På bildet er et flipperspill, og Leif Torrissen står i døråpningen.

Leif Torrissen blir gjerne med ned i kjelleren når gjester vil spille flipperspill eller billiard.

Foto: Matilde Mørk / NRK
På bildet er et lilla opplyst rom. Det er en brun bardisk, og drikkevarer på veggen bak. Det står tre brune barkrakker fremfor.

Dette er en av to barer i kjelleren til Julehuset.

Foto: Matilde Mørk / NRK
På bildet er det et flipperspill i hjørnet ved siden av et annet spill, og i forgrunnen er det et billiardbord.

Dette er bare ett av rommene i kjelleren til Julehuset, spillrommet.

Foto: Matilde Mørk / NRK

Han kallar seg sjølv prosjektleiar, men har folk med på laget til å gjere delar av det fysiske arbeidet.

– Kor finn du energien til å drive med dette?

– Eg lever jo veldig sunt. Eg et godt, har aldri røykt og er veldig forsiktig med alkohol. Beina mine er litt dårlege, så det går litt saktare. Men det går nok.

Folk kjem gjerne for å sjå på det spektakulære julehuset.

Det har si naturlege forklaring, seier psykolog Sidsel Fjelltun.

Les også Difor har du alltid plass til dessert

Riskrem med lun kirsebærsaus og karamelliserte mandelflak

Psykolog: – Ofte ei stereotypisk framstilling av eldre

Ho forklarar at mykje av hjernen vår handlar om nettopp syn.

– Vi menneske er veldig visuelle og mykje av hjernen vår handlar om syn. Viss vi hadde vore hundar, så hadde vi kanskje lukta opp husa våre meir.

På bildet er en opplyst julehund, i snøen ute.

Ein av dei mange figurane utanfor huset.

Foto: Matilde Mørk / NRK

Det å lyse opp hus, heim og hage trur ho handlar om å gjere vinteren meir gjestmild. Heller det, enn å gå og vente på våren som uansett er eit stykke unna.

Men det er også ein måte å bryte opp i mørket som gjer at vi kan trivst i den årstida vi er.

– Det er også ein måte å vise at her er det menneske, og at vi har brukt tid på å gjere noko fint.

Psykolog Sidsel Fjelltun ved A-hus

– Det er utruleg forskjell på oss etter kvart som vi blir eldre, seier psykolog Sidsel Fjelltun.

Foto: Privat

Fjelltun synest Leif sitt prosjekt er kult og forklarar at det er stor gevinst av å halde seg aktiv sjølv om alderdomen snik seg innpå.

– Det å halde seg mentalt aktiv også kan nesten ikkje overvurderast når det kjem til både å ha livskvalitet og å halde seg sunnare etter kvart som ein aldrast.

– Har vi ein tendens til å undervurdere eldre menneske?

– Vi assosierer alder med svekking, og så dekker det litt over at vi blir veldig forskjellige med alderen. Det blir ofte ei litt stereotypisk framstilling av alderdom. Så det å sjå kor spreke og aktive ein er kan vere bra.

Ho legg til at dei som har vore spreke og aktive som yngre ofte held seg betre og kan vere ganske annleis enn det typiske bildet vi har av alderdom.

Les også Høyre vil satse stort på de eldre – lanserer krafttak for å få ned antallet ufaglærte

Erna Solberg møter 100 år gamle Kåre i Mosjøen

– Vi gler oss like mykje som ungane

I ein bil utanfor huset sit Nina Løkaas som har tatt turen for å sjå på huset.

– Det er klart at vi får julestemning av dette. Huset gir julestemning berre av å sjå på det, seier Løkaas.

Nina Løkaas kjem eins ærend for å sjå på huset

Nina Løkaas får julestemning av å sjå på huset til Leif.

Foto: Matilde Mørk / NRK

Torrisen trudde lenge at han gjorde alt dette for barna.

– Men dei vaksne er jo like tullete, seier han med eit smil.

Det kan andre forbipasserande naboar stadfeste.

– Vi gler oss like mykje som ungane til lysa kjem opp, seier ein av dei.

Kor lenge Torrisen kan halde på med tradisjonen er ikkje godt å vite.

– Å seie kva det blir neste år er jo heilt umogleg. Då kan eg jo ligge under torva.

Les også Stor økning i charterturer i jula: – Verdt alle pengene

På bildet er to barn. Til høyre sitter en to- åring. Hun har blå kjole og hårbøyle med julenisser. Til venstre sitter tre-åringen med grønn topp og hårbøyle med juletre på.