Hopp til innhold

I dag får ikkje Matthias (10) gå på besøk til andre

1. juledag må Matthias og småbrørne vere heime og får ikkje besøkje vener. I mange familiar er det framleis strenge reglar for kva som er lov dagen etter julaftan.

Matthias Freyr E. Davidsson spiller Fortnite med venner.

Matthias Freyr E. Davidsson (10) skal vere heime med familien 1. juledag. Då er det freistande å oppsøkje venene via dataskjermen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Mange barn gler seg til å vise venene sine kva dei har fått til jul. Men det er ikkje tema hos familien Davidsson i Ålesund 1. juledag.

Trebarnsmora Iris Egertsdottir vil ikkje at gutane hennar skal oppsøke venner 25. desember.

Iris Frida Escobar Eggertsdottir

Iris Frida Escobar Eggertsdottir var sjølv vand med at 1. juledag var heimedag på Island. No har ho flytta til Ålesund, men held fast på tradisjonen.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Nei, då skal vi vere heime og ta det roleg og sjå på julegåvene. Det er ein tradisjon, seier ho.

Ho meiner det dagen er heilt spesiell, og at den høyrer til familien.

Det betyr at ho og mannen, gutane og bestemor skal vere heime i det julepynta huset, kose seg, ete god mat og spele spel.

Ho får støtte frå tobarnsfaren Michael Rinde. Han vil heller ikkje at ungane skal oppsøkje andre utan at det er avtalt spesielt 25. desember.

– Nei, eg tenkjer det er vanleg, normal folkeskikk.

Besøk på første juledag

Michael Rinde og Evy Karina Nykrem Røyset vil at familien skal vere samla heime 1. juledag.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Han meiner det er så mykje stress i kvardagen, at det er godt å ha ein dag for berre den næraste familien. Slik vaks både han og kona sjølv opp, og dei meiner det er bra å vidareføre tradisjonen til sine eigne barn.

Vil gjerne at ungane går på besøk

Men det er ikkje alle småbarnsforeldre som er einige.

Tobarnsmora Danielle Langedal synest det er heilt unødvendig å ha andre reglar for 1. juledag enn elles – og vil gjerne at smågutane hennar kan besøke vener når dei er stor nok til å gjere det.

Besøk på første juledag

Danielle Langedal synest det er fint om Elion (3) etter kvart kan møte vener 1. juledag. Førebels er han for liten til å gå åleine.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Eg ser ingen problem med det. Eg synest det berre er hyggeleg at dei kan vere litt saman i jula.

Ho understrekar også at vener kan vere like nære som familie, og ser ingen grunn til å stengje døra for besøk 1. juledag.

Det kan Lars Fjørtoft kjenne seg igjen i. Han voks opp i Tromsø på 40-talet. Der var det strengt forbode å gå utfor dør 1. juledag. Det ser han ingen poeng i å vidareføre til nye generasjonar.

Lars Fjørtoft

Lars Fjørtoft huskar at det var vanskeleg for ein liten gut å ikkje kunne gå ut 1. juledag i Tromsø.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Det er ingen reglar, alt er fritt. Dei får lov å gå der dei vil, ler han.

Er det greit at ungane går på besøk til andre 1. juledag?

Har endra seg siste åra

Det var utenkjeleg tidlegare. Då kunne ein få slengt skjellsordet «joledagsspetter» etter seg om ein var ute 1. juledag.

– Det einaste staden ein hadde lov å gå, var til kyrkja, elles skulle ein ikkje gå på besøk til nokon, seier førsteamanuensis i kulturhistorie, Herleik Baklid ved Universitetet i Sørøst-Norge.

Han seier reglane for 1. juledag har endra seg markant dei siste ti åra. Fleire stader har 25. desember blitt ein stor kinodag, mange startar også julefestane ute på byen. Baklid trur årsaka kan vere at tyngdepunktet i julefeiringa er flytta tidlegare i desember. Han ser heller ikkje bort frå at tanken om inkludering har gjort at mange går vekk frå tradisjonen om å halde seg heime 25. desember.

Herleik Baklid

1.-amanuensis i kulturhistorie Herleik Baklid.

Foto: Rune Romnes

Høgtid i gamingstolane

Uansett kva for tradisjon familien følgjer, er det ein stad mange barn og unge møtes 1. juledag: på internett. Via datamaskinene finn barn og unge kvarandre til juleturneringar, vakenetter og lan.

Slik er det også heime hos Iris Egertsdottir og dei tre gutane.

– Eldsteguten får nok lov til å spele på kvelden, men dagtid er familietid, seier mora bestemt.

Adrian Ymir Davidsson 4 år, Matthias Freyr E. Davidsson 10 år og Sebastian Snær Davidsson 2 år

FEIRAR JUL: Brørne Adrian Ymir (4), Matthias Freyr (10) og Sebastian Snær (2) feirar jul i Ålesund.

Foto: Remi Sagen / NRK