Hopp til innhold

Dobbelt så mange ber om hjelp til å klare jula – har ikkje pengar til å leve

Julehjarta på Kirkens Bymisjons tre heng dobbelt så tett i år. Men organisasjonane klarer ikkje hjelpe dei som ikkje har råd til å betale rekningane. – Ein varsla fattigdomskrise, meiner Raudt.

Kirkens bymisjon sitt juletre

Det er dobbelt så mange hjarte og dobbelt så mange ønske på treet til Kirkens Bymisjon.

Foto: Rosa Irén Villalobos / NRK

– Gut (2) ønsker seg vintersko storleik 26. Jente (18) ønsker seg regnjakke. Dette er ting dei fleste har heime, seier Helene Skeie Østhus.

Ho er seksjonsleiar i Kirkens Bymisjon i Haugesund. I dag har ho tatt turen ut til eit av juletrea dei har ståande ute med ønske frå folk.

I fjor kom det inn 1800 ønske.

I år er det hittil komme inn over 4000.

– Vi håpar å få hjelpt alle, men vi veit ikkje, seier ho.

Helene Østhus Skeie, Kirkens bymisjon

Helene Skeie Østhus ser ein heilt ny type menneske som ber om hjelp til å leve.

Foto: Rosa Irén Villalobos / NRK

For Kirkens Bymisjon er det ikkje noko nytt at folk slit økonomisk før jul.

– Det er berre at omfanget er så mykje større i år, seier ho.

Både hennar og andre organisasjonar kjenner dei kjem til kort før høgtida i år.

– Folk klarer ikkje å betale rekningane sine. Nokon har ikkje mat. Vi kan hjelpe med gåver og måltid. Men det betaler ikkje rekningane til folk, seier ho.

Ny gruppe fattige

Over ein halv million nordmenn lever under grensa for låginntekt.

Då er ikkje studentar rekna med. Dei nyaste tala frå SSB viser at 115.000 barn under 18 år lever i familiar med vedvarande låg inntekt. EU sin definisjon av låginntekt er inntekt under 60 prosent av medianinntekta.

– Det er hjarteskjerande, seier Østhus.

Ho meiner det har komme ei ny gruppe fattige i samfunnet.

 korpsleder Anne Grethe Amland. Frelsesarmeen

Korpsleiar Anne Grethe Amland i Frelsesarmeen i Stavanger.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

– Folk som før hadde heilt normale liv, blir ramma av høge utgifter.

Hos Frelsesarmeen i Stavanger kjem mange for å få eit gratis måltid.

– Vi har merka spesielt i haust at trykket har blitt større. Spesielt blant barnefamiliar som ikkje har trunge hjelp før, seier korpsleiar Anne Grethe Amland.

Er vi der at barnefamiliar ikkje har råd til mat?

– Ja, nokon har ikkje råd, seier Amland.

Matutlevering ved Frelsesarmeen i Drammen

Matutlevering ved Frelsesarmeen i Drammen.

Foto: Elisabeth Tøtte Hansen / NRK

Får inn mindre

Fleire av organisasjonane har også merka at det er vanskelegare å få inn pengegåver i haust.

– Eg starta juleinnsamlinga allereie i oktober i år, seier Astri Pedersen.

Ho driv hjelpeorganisasjonen «Hjerte for Menneske». I ti år har ho samla inn pengar og hjelpt folk som slit over heile landet.

Astri Pedersen, Hjerte for mennesker

Astri Pedersen driv organisasjonen «Hjerte for Menneske».

Foto: Rosa Irén Villalobos / NRK

– Eg har merka at det ikkje har komme inn så mange bidrag som tidlegare år. Mange har kanskje ikkje så mykje å rutte med sjølv, seier Pedersen.

Ho trur det er mange fleire som slit enn vi trur.

– Det er tabu for mange å be om hjelp til mat og daglegdagse ting, seier ho.

Organisasjonane etterlyser no statleg hjelp. Og fryktar kva som skjer når julelysa blir sløkte.

– Januar blir nok krevjande. No må AS Noreg hjelpe til, seier Helene Skeie Østhus i Kirkens Bymisjon.

Les også: – No kan eg få ei betre jul enn eg nokosinne hadde håpa på

5 Knut Ragnar Hegseth Bakke i Debatten.
5 Knut Ragnar Hegseth Bakke i Debatten.

Fattigdomskrise

Stortingsrepresentant Mimir Kristjansson (Raudt) meiner Noreg er inne i ei fattigdomskrise.

– Dette er ein varsla katastrofe. Vi har gjort altfor lite for å få bukt med fattigdom. Det går ikkje an i eit av dei rikaste landa i verda at folk ikkje har mat på borda eller varmt hus, seier han.

Mimir Kristjansson

Mimir Kristjansson meiner fattigdommen vi ser i Noreg er ein varsla katastrofe.

Foto: Rødt

Han meiner alle ytingane i velferdsstaten bør aukast.

– Og så må det bli lettare å gå til Nav og søke hjelp. Der må folk få hjelp. Ikkje bli møtt med kontroll og mistillit.

– Men dette kan kanskje ikkje skje før jul?

– Mykje kan lett gjerast før jul. Mellom anna å gi alle sosialhjelpsmottakarar nokre ekstra tusenlappar. Det går også an å instruere Nav om at dei ikkje må krevje at folk sel hus og bil for å få hjelp, seier han.

I tillegg meiner han frivillige organisasjonar bør få meir pengar. Sånn at det er mat til alle som ikkje har råd til det.

Statsråd: – Prisane har stige meir enn venta

Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) erkjenner at det er fleire enn vanleg som står i ein krevjande økonomisk situasjon.

– Berre sidan vi la fram statsbudsjettet i oktober, har prisane stige meir enn venta. Regjeringa er oppteken av å handtere den nye situasjonen, seier ho.

Marte Mjøs Persen

Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) seier regjeringa mellom anna har løyvd meir pengar til frivillige organisasjonar.

Foto: Mathias Moene Rød

Mjøs viser til fleire utvidingar av allereie etablerte støtteordningar for personar og familiar med låg inntekt.

Bustøtta blir auka. Det gjeld også barnetrygd for einslege forsørgjarar og einslege forsørgjarar med låg inntekt. Dessutan blir kjernetid i SFO gratis for første- og andreklassingar etter statsbudsjettsemja mellom regjeringspartia og SV.

I tillegg får matsentralane 7 millionar kroner meir neste år, og uføre og pensjonistar på lågaste støttenivå får støtta auka.

I tillegg har regjeringa løyvd 20 millionar kroner ekstra til frivillige organisasjonar. Fleire arrangerer alternative julefeiringar og sosiale aktivitetar, men gir også julehjelp i form av matkassar og gåver til dei som treng det, seier ho.