Hopp til innhold

Uliana (8) starta innsamling til Ukraina

– Godteri smakar ikkje så godt når du et det åleine, seier Uliana Golik frå Kyiv. Ho har starta innsamling til heimlandet.

Ung jente med innsamling til Ukraina.

Uliana samla inn 15 kilo godteri ho ville gi til soldatane og barna i Ukraina. Det inspirerte Norsk-ukrainsk senter i Tønsberg til å lage ei innsamling spesielt til barn.

Foto: Randi Nørstebø / NRK

Åtte år gamle Uliana Golik veit godt kva som skjer i heime i Ukraina. Bustadblokka dei budde i heime i Kyiv, vart bomba to dagar etter at ho og mora flykta.

Jenta såg sjølv heimen sin bli bomba på TV.

Ho vil gjere noko for landet sitt og dei som er igjen.

Høyhuset der Uliana bodde i Kyiv etter bombingen.

I dette høghuset i Kyiv budde Uliana Golik saman med familien sin. Faren køyrde Uliana og mora Anna til den polske grensa to dagar før huset vart bomba.

Foto: privat

– Det blir aldri nok godteri, seier Uliana via tolken sin Anastasiia Smyk ved Norsk-ukrainsk senter i Tønsberg sentrum. Slik alle åtteåringar kunne sagt.

Men ho legg til at godteriet ikkje smakar så godt når ho et det åleine.

Søtt til soldatar og barn

Uliana starta med å samle inn godteriet sitt. Ho ville sende det til soldatane i Ukraina. Far hennar er framleis i heimlandet. Det er også venninna.

Eska med 15 kilo godteri er teken med til det ukrainske senteret i Tønsberg. Der var Anastasiia Smyk som blei inspirert til å starte ei innsamling i Ulianas ånd.

Ung jente med innsamling til Ukraina.

Det strøymer på med leikar, klede og godteri til innsamlinga. Uliana tenkjer spesielt på faren og venninna som er igjen i Kyiv.

Foto: Randi Nørstebø / NRK

No går alle ettermiddagar med til å pakke ned donasjonar til Ukraina. Opp til 60 personar hjelper til med alt det praktiske.

Uliana er spesielt oppteken av barna no før jul.

– Alle spør meg kva eg ønskjer meg til jul, seier Uliana.

– Men eg trur ikkje nokon spør barna i Ukraina kva dei ønskjer seg.

Les også Utstyr frå Noreg skal hjelpe Ukraina med straumforsyninga

Ansatte i Vevig i Gudbrandsdalen ved lastebil som skal gis til nettselskap i Ukraina. Fra venstre: Anstein Brustuen, Johannes Bergum, Ove Varpestuen og Arild Romfog.

Teiknar diplom til givarane

Uliana vil også gi noko tilbake til givarane. Derfor har ho teikna eit diplom. Alle givarane får eit hjarte forma som hender med norske og ukrainske fargar.

Diplomet blir også festa på alle sendingane til Ukraina.

Anastasiia Smyk fortel at det stadig kjem gåvmilde menneske innom senteret. Her blir det samla opp varme klede, godteri og leikar.

Lusekufter og godteri

– Ei kvinne kom med 25 strikkegenserar til oss. Dei strikkar kjærleik og tida si inn i genserane, seier Smyk.

Ho trur gåvene hjelper på meir enn ein måte gjennom den kalde vinteren i Ukraina.

Så lenge de tenkjer på oss, og sender varme tankar. Så hjelper det oss å bli varme i år, seier Smyk.

No blir det sendt eske på eske med alt frå godteri, lusekufter, mariusgenserar, gummistøvlar og O'boy-pulver til landet lenger sør.

Ung jente med innsamling til Ukraina.

Uliana og kompisen Yevhenii (11) sorterer leikar som har komme inn.

Foto: Randi Nørstebø / NRK

– De sender håp

Det er litt vanskeleg utan lys og straum. Men det er vanskelegare utan håp, seier Smyk.

Anastasiia Smyk minner om at det er mange måtar å sende varer til Ukraina, mellom anna gratis gjennom Posten.

– Send godteri, varme genserar, lys – alt som kan varme kropp og sjel, oppmodar ho.

Les også Uliana (7) rømte fra krigen – sang på støttekonsert for Ukraina

Uliana Golik er fra Kyiv og hun er snart 8 år.