Hopp til innhold

Zelenskyj planlegg møte med Xi Jinping

Presidenten i Ukraina, Volodymyr Zelenskyj planlegg å møte den kinesiske presidenten Xi Jinping. Det sa Zelenskyj fredag ettermiddag då han møtte pressa i samband med eittårsdagen for det russiske angrepet på landet.

Russia Ukraine War One Year Anniversary

President Volodymyr Zelenskyj på pressekonferanse i Kyiv fredag.

Foto: Efrem Lukatsky / AP

– Eg trur eit møte med president Xi vil vere viktig for begge land, og for tryggleiken i verda, sa Zelenskyj.

Kina presenterte fredag ein tolvpunktsplan for ein fredsavtale mellom Ukraina og Russland. Landet håpar å spele «ei konstruktiv rolle» for å få slutt på krigen.

I planen oppfordrar Kina til våpenkvile mellom Russland og Ukraina. Dei peikar på at dialog og forhandlingar er den einaste levelege vegen ut av konflikten i Ukraina.

– At Kina snakkar om Ukraina, er bra, men det er fleire uklare punkt i forslaget, sa Zelenskyj. Han sa at han ser på utspelet meir som «tankar» enn ein konkret plan.

For Ukraina er respekten for folkeretten og territoriell integritet viktig, sa han.

Russia Moldova

Maria Zakharova er talsperson for det russiske utanriksdepartementet.

Foto: Alexander Zemlianichenko / AP

Fleire fredsinitiativ

Forslaget frå Kina blei også kommentert i Russland fredag.

– Vi set pris på ønsket som dei kinesiske vennene våre har om å løyse konflikten i Ukraina på ein fredeleg måte, sa Maria Zakharaova, som er talsperson for det russiske utanriksdepartementet.

Ho la til at planen må leggje til grunn «dei nye territorielle realitetane» i Ukraina.

Den russiske presidenten, Vladimir Putin snakka fredag med presidenten i Tyrkia, Recep Tayyip Erdogan. I samtalen oppfordra Erdogan til «ein rettferdig fred».

rWtMxqt-hKo

Presidentane Recep Tayyip Erdogan og Vladimir Putin møttest i august i fjor. Fredag snakka dei saman på telefon.

Foto: Vyacheslav Prokofyev / AP

Det har også komme andre fredsinitiativ i løpet av eittårsdagen.

Avisa Wall Street Journal skriv at Tyskland, Frankrike og Storbritannia samarbeider om eit forsøk på å få i stand forhandlingar mellom Ukraina og Russland. Det er tenestemenn frå dei tre landa som opplyser dette til avisa.

Leiarar både frå Frankrike og Tyskland skal ha oppfordra Zelenskyj til å vurdere fredssamtalar.

Zelenskyj har tidlegare avvist å forhandle med Putin.

– Sikker på å vinne

På pressekonferansen i Kyiv sa Zelenskyj at han er takksam for den innsatsen som president Erdogan har gjort for Ukraina, blant anna når det gjeld spørsmålet om eksport av korn. Tyrkia spelte ei sentral rolle i arbeidet med å forhandle fram kornavtalen i fjor.

Les også Her forlater de sikkerhetsmøtet under Russlands tale

Les også Norsk-ukrainske Solomiya: – Verda blir heilt annleis om ikkje me vinn

Zelenskyj fekk også spørsmål om utsiktene til å vinne krigen.

– Eg er sikker på at vi vil vinne, og eg håpar det skjer dette året. Dersom alle partnarane våre gjer det dei har lova, er dette mogeleg, sa han.

Ukraina-avstemning i FNs hovedforsamling 23 febr 2023

Torsdag kveld vedtok FNs hovudforsamling med overveldande fleirtal eit krav om stans av kamphandlingane i Ukraina og at Russland trekkjer styrkane sine ut.

Foto: MIKE SEGAR / Reuters

Dialog med Afrika og Latin-Amerika

Zelenskyj sa også at han ønskjer å styrkje forholdet til afrikanske og latinamerikanske land, og at han håpar på sterkare støtte frå desse landa.

Les også En endret verden

På spørsmål om kva som har vore det verste han har opplevd under krigen det siste året, svarte Zelenskyj:

Massedrapa i Kyiv-forstaden Butsja.

Forstå hva som har skjedd på bakken i Ukraina siden Russlands invasjon.

SISTE NYTT

Siste nytt