Hopp til innhold

Kina la fram fredsplan for Ukraina

Kina ber Russland halda fredssamtalar så snart som mogleg og har lagt fram ein 12-punktsplan for fred i Ukraina.

Ukraina-avstemning i FNs hovedforsamling 23 febr 2023

Torsdag kveld vedtok FNs hovudforsamling med overveldande fleirtal eit krav om stans av kamphandlingane i Ukraina og at Russland trekkjer styrkane sine ut.

Foto: MIKE SEGAR / Reuters

Utsegnene frå Utanriksdepartementet i Kina kjem etter skuldingar frå Vesten om at Kina vurderer å væpna Russland – ein påstand som Beijing har avvist som falsk informasjon.

Beijing peiker på at dialog og forhandlingar er den einaste levelege vegen ut av konflikten i Ukraina. Dei åtvarar mot at konflikten skal spinne ut av kontroll, melder Reuters.

Den kinesiske leiinga ber om ei full våpenkvile på eittårsdagen for den russiske invasjonen av Ukraina

– Alle partar bør støtte Russland og Ukraina i å jobba i same retning og ta opp att direkte dialog så raskt som mogleg, skriv Kina i dokumentet som vart offentleggjort på nettsida til utanriksdepartementet.

USA kritiserer Kina

Kina har prøvd å posisjonera seg som ein nøytral part i konflikten og samtidig halda oppe nære band med den strategiske allierte Russland.

Kina seier suvereniteten til alle land må respekterast, men kjem og med indirekte kritikk av Nato si «blokkbygging» i Europa. I ein indirekte kritikk av Nato seier Kina at tryggleiksbehovet i Europa ikkje kan løysast gjennom at ein part driv «blokkbygging».

USA kritiserer Kinas ferske utsegn. President Joe Bidens nasjonale tryggingsrådgjevar seier at krigen kan ende i morgon, viss Russland sluttar å angripe Ukraina og trekkjer styrkane sine tilbake.

– Min første reaksjon på det, er at det kan stoppe ved punkt éin, som er å respektere suvereniteten til alle nasjonar. Ukraina angreip ikkje Russland. Nato angreip ikkje Russland. USA angreip ikkje Russland, seier Jake Sullivan til CNN.

Utanfor FN-bygninga i New York vart det demonstrert for fred i Ukraina då FN samla seg til krisemøte.

Utanfor FN-bygninga i New York vart det demonstrert for fred i Ukraina då FN samla seg til krisemøte.

Foto: ANGELA WEISS / AFP

Lunken mottaking i Nato og EU

Natos generalsekretær Jens Stoltenberg har ein avmålt reaksjon.

– Kina har ikkje mykje truverd fordi dei ikkje har vore i stand til å fordømme den ulovlege invasjonen av Ukraina, sa han på ein pressekonferanse i Tallinn. Han la til at Beijing hadde signert ein avtale med Russlands president Vladimir Putin berre dagar før
invasjonen.

På same pressekonferanse sa EUs Ursula von der Leyen at Kina ikkje har kome med nokon reell fredsplan.

– Me skal vurdera forslaga, men me vil sjå på dei på bakgrunn av at Kina har teke parti, sa ho.

Atomvåpen

Russlands president Vladimir Putin har trua med å bruka atomvåpen i konflikten. Kina er klar i sin motstand, ikkje berre mot bruk av atomvåpen, men mot trusselen om å utplassere dei. Dei åtvarar og om at biologiske og kjemiske våpen under inga omstende må bli utvikla.

Kina framheva også behovet for å verna sivile.

– Partar i konflikten bør strengt overhalde internasjonal humanitær lov, unngå å angripe sivile eller sivile anlegg, heiter det i dokumentet.

Utspelet også retta mot USA

Fredsplanen handlar ikkje berre om Ukraina og den kinesiske venskapen med Russland. Det er og retta mot det Kina ser på som USAs og Vestens forsøk på halde oppe dominansen sin i verda.

Professor Wang Jiangyu ved University of Hong Kong åtvarar mot å overtolke den kinesiske fredsplanen. Det handlar mykje om å komma i posisjon i høve til USA i det globale maktspelet, meiner han.

– Det er særleg tydeleg i punktet om suverenitet og dobbeltmoral, skriv statsvitaren på Weibo, som den kinesiske versjonen av Twitter.

– Dersom USA vil at Kina skal gjera meir for å verna Ukrainas interesserer og suverenitet må USA kom Kina i møte i det som Beijing definerer som Kinas kjerneinteresser. Dette gjeld særleg Taiwan der Beijing fleire gonger har skulda USA for å ikkje respekterer suvereniteten som Kina krev over Taiwan, skriv professor Wang.

Kina ser på den sjølvstyrte øya som ein del av Kina, og held på retten til å gjenforeina Taiwan med Kina med makt, om det vert naudsynt. Samtidig motset Kina seg alle samanlikningar mellom Ukraina og Taiwan.

Ukraina: Eit godt teikn

Ukraina kallar fråsegna frå Kina for «eit godt teikn».

Ukrainas charge d'affair til Kina, Zhanna Leshchynska, uttrykkjer ifølgje Reuters, at landet hennar ventar at Kina vil ta ei meir aktiv rolle til støtte for Ukraina.

– Vi håper at dei vil oppfordre Russland til å stanse kampane og trekkje tilbake styrkane sine, seier ho håpefullt.

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj sa torsdag at han ikkje hadde sett nokon kinesisk fredsplan, og at han ønskte å møta Beijing om deira forslag før han vurderer det.

– Me vil trekkja nokon konklusjonar etter at me har sett detaljane i kva dei tilbyr ... Me vil gjerne ha eit møte med Kina, seier Volodymyr Zelenskyj.

EU-utsending i Beijing ber Kina forsvare FN-charteret

– Kina bør oppfylle sitt ansvar og forsvare FN-charteret, seier Jorge Toledo, EUs ambassadør til Kina, ifølgje Reuters.

Toledo sa dette i Beijing fredag morgon som del av ein tale han heldt framfor fleire titals diplomatar på ein seremoni for å markere at det i dag er eitt år sidan Russland invaderte Ukraina.

141 land stemde for resolusjon

Då FNs generalsekretær António Guterres opna krisemøtet i FNs hovudforsamling torsdag, fordømde han Russlands åtak på Ukraina 24. februar i fjor.

– Invasjonen krenkjer vårt felles samvit, sa Guterres.

Han kalla årsdagen for invasjonen «ein vond milepæl for det ukrainske folket og for verdssamfunnet».

I avstemminga i hovudforsamlinga stemde 141 land for ein resolusjon som tok til orde for at Russland må stanse kamphandlingane og trekkje alle styrkane sine ut av Ukraina.

Berre sju land stemde mot. 32 land stemde blankt.

Resolusjonen er ikkje bindande, men avstemminga viser kva støtte Ukraina har i verda eitt år etter invasjonen.

G7-landa møtast

Fredag skal USAs president Joe Biden, Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj og leiarar for G7-landa møtast i eit videomøte.

Det er venta at dei skal koordinere ytterlegare våpenhjelp til Ukraina.

Den svenske statsministeren Ulf Kristersson har alt varsla at Sverige kjem med ei ny våpenpakke fredag. Kva den inneheld skal han seie meir om på ein pressekonferanse i Norbotten.

Sunak vil ha raskare våpenlevering

Storbritannias statsminister Rishi Sunak kjem fredag til å be G7-landa om å gje Ukraina våpen raskare. Dette kjem fram i ei melding som 10 Downing Street har send ut, melder AFP.

– For at Ukraina skal vinne denne krigen, og for at denne dagen skal komme raskare, må dei få ein avgjerande fordel på slagmarka. I staden for ei trinnvis tilnærming, må vi raskare levere artilleri, pansra køyretøy og luftforsvar, seier Sunak.

SISTE NYTT

Siste nytt