Hopp til innhold

Norsk-ukrainske Solomiya: – Verda blir heilt annleis om ikkje me vinn

Landet over har eittårsdagen for den russiske invasjonen av Ukraina blitt markert fredag.

Ukrainske kvinner utenfor rådhuset i Bergen

STØTTE: Solomiya Tveit og Tetyana Hagen møtte fredag fram på Bergen kommune si eittårsmarkering for den russiske invasjonen av Ukraina.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Både offentlege og private initiativ har fredag markert at det er eitt år sidan det braut ut fullskala krig, då Russland invaderte Ukraina.

Fredsgudstjeneste for Ukraina i Trefoldighetskirken i Oslo

I Trefoldighetskirken i Oslo var det i dag fredsbøn for Ukraina.

Russere markerer Ukraina Trondheim Torv

Anastasiia Tkalich er frå Russland. Ho la i dag tidleg ned blomar og tende lykter på torget i Trondheim.

– Det som skjer i Ukraina er veldig tragisk. Eg ser ikkje nokon lyspunkt i framtida. Me må halda fram med å kjempa og stå saman med folk i Ukraina.

Minnemarkering i Lillesand

I Lillesand gjekk meir enn 100 personar ein stille marsj gjennom sentrum, som enda i talar og lystenning ved rådhuset.

Markering i Kirkenes av ettårsdagen av krigen i Ukraina. Ukrainere og nordmenn samlet.

Markering i Kirkenes av ettårsdagen av krigen i Ukraina. Ukrainere og nordmenn samlet.

I Stavanger hadde mange møtt opp for å vise sin solidaritet.

I Stavanger hadde mange møtt opp for å vise sin solidaritet.

Utanfor rådhuset i Bergen vart klokka 12 halde eitt minutts stille, før den ukrainske nasjonalsongen vart sungen. Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) var til stades.

– Eg er heilt imponert over den gjevargleda som har vore sidan krigen starta, over vanlege nordmenn som støttar Ukraina på alle måtar dei kan. Det set me utruleg stor pris på, seier norsk-ukrainske Tetyana Hagen.

fakkeltog-søndre-land-markering-240223

Frå nord til sør møtte folk opp for å visa solidaritet med Ukraina eit år etter krigen braut ut for fullt.

Foto: Aleksandr Nedbaev / Aleksandr Nedbaev
Fra Kirkenes til Lindesnes møtte folk opp for å visa solidaritet med Ukraina eit år etter krigen braut ut for fullt.

Hagen seier det er stort å kjenna at det eine heimlandet hennar støttar det andre.

– Me ukrainarar kjenner oss ikkje åleine. Me er saman om kampen for demokrati.

Solomiya Tveit er overtydd om at Ukraina vil vinna krigen.

– Verda blir heilt annleis for barna våre om ikkje me vinn, seier ho.

ukraina 1 år rådhuset Støre m fl

Byrådsleiar Rune Bakervik og statsminister Jonas Gahr Støre utanfor rådhuset i Bergen fredag.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Ei utfordring utover å vera solidariske

Det siste året har krigen prega statsministeren.

– Dette har fylt fleire timar nærmast kvar dag av mitt arbeid, og arbeidet til regjeringa. Det trur eg og det kjem til å gjera utover i 2023, seier han til NRK.

Under sitt besøk i Bergen snakka Støre n om korleis krigen har påverka Noreg, mellom anna med energikrisa som har oppstått grunna fråværet av russisk gass i Europa.

Det er ein pris å betala for Noreg med denne krigen, økonomisk og på andre område. Er det norske folk budde på å betala den prisen?

– Det er vår oppgåve som politikarar å forklara kvifor dette er eit utfordring rører ved oss meir enn det solidariske med å støtta eit land som vert angripe. Dette har også ei tyding for tryggleiken til Noreg.

fakkeltog-søndre-land-markering-240223

FAKKELTOG: På Søndre land i Innlandet hadde flere møtt opp til fakkeltog i solidaritet.

Foto: Aleksandr Nedbaev / Aleksandr Nedbaev

Håpet er tent i Trondheim

I Trondheim speler Vår frue kyrkje den ukrainske nasjonalsongen. På torget utanfor blir det heldt appellar og på scena er det underhaldning.

Éi av dei som har møtt opp er Anna Sørdal-Bue. Ho kjem frå Ukraina, men har budd i Noreg i mange år.

Da ho sto her for nøyaktig eit år sidan var ho bekymra, og snakka med mora som framleis budde i Ukraina, på FaceTime.

– Kva tenkjer du om året som er gått?

Det har vore eit år fylt av mange tårar og kjensler. Men det har heldigvis gått mykje betre enn vi forventa. Det var mykje meir usikkerheit, og det var mykje meir skremmande den dagen for eit år sidan enn det er nå. Nå har vi håp, og vi er heilt sikre på at det berre er ei spurnad om tid om når vi får siger, seier ho.

I dag står mora hennar, Mariia Basarab, ved sida av ho på markeringa.

Ho kom til Noreg i fjor sommar. Men faren er framleis igjen i heimlandet.

Det var tungt å dra frå familien min og forlate huset. Men det var godt å komma til tryggleik, seier ho.

Anna Sørdal-Bue, sønnen Elias og mora Mariia Basarab.

HÅP: Anna Sørdal-Bue, sonen Elias og mora Mariia Basarab deltok under markeringa i Trondheim. Håpet lever sterkt i dei.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Møtte opp utanfor det russiske konsulatet i Kirkenes

I Kirkenes har ein russar og fleire ukrainarar samla saman ei større gruppe menneskje for å vise sin støtte til Ukraina.

Mykhailo Kazatsjenko frå Ukraina synest det er flott å sjå at mange stiller opp.

Det kjem til å bli den største markeringa framfor konsulatet sidan krigen starta for eitt år sidan. Eg ser mange menneske her som ikkje tidlegare har vore på ein demonstrasjon for Ukraina. Dei har mykje på hjartet og held appellar. Eg synest det er veldig bra.

– Vi gjer det for å markere mot ein forferdeleg krig som Russland fører mot nabolandet sitt, seier medinitiativtakar Natalia Solianik.

Du er jo russar. Korleis er det å stå her i dag?

– Det er forferdeleg å oppleve at landet mitt angrip sitt naboland. Det hjelper å stå her og vise at vi støttar Ukraina. Vi er for Ukraina og vil at Russland skal tape krigen og dra tilbake, seier ho.

Også i Stavanger er det mange som vil vise solidaritet.

Det er viktig å minnast alle som har døydd under krigen, og det er viktig å visa verda at krigen framleis held på. Vi må stå saman til Ukraina sigrar, seier Olena Hebler som er leder i Ukrainsk foreining i Rogaland.

Markering i Kirkenes av ettårsdagen av krigen i Ukraina. Ukrainere og nordmenn samlet.

SOLIDARITET: I Kirkenes hadde fleire møtt opp til å vise si støtte til Ukraina.

Foto: Jan-Erik Steine
Forstå hva som har skjedd på bakken i Ukraina siden Russlands invasjon.