Krigen i matfatet

Gule åkrar så langt du kan sjå. Gulfargen blir til slutt avveksla av ein knallblå himmel. På ein klar sommardag i Ukraina ser du landets flagg kor enn du snur deg. Gult og blått.

Og det er dette landskapet Vladimir Putin vil at russiske soldatar snart skal sjå ut over. Om få veker blir Ukraina nok ei gong omgjort til Europas kornkammer, når sommaren kjem og kornet får vekse.

Det vil seie: Dersom kornet får vekse. For ein haustar som ein sår. Og akkurat no er det krigsmaskinane som rullar over ukrainske åkrar.

Bøndene er ikkje lenger på jobb. Dei er soldatar i ein brutal krig.

Og slikt skaper store problem. For då Russland trengte seg inn med makt i Ukraina, så trampa dei også rett oppi matfatet til millionar av menneske.

Kartdata: © Copernicus Service Information

På eit kart over Europa er det tydeleg kor det er mest dyrkbar mark.

Kartdata: © Copernicus Service Information

Og ein av dei mest dyrkbare stadane er Ukraina.

Kartdata: © Copernicus Service Information

Men no er mange av åkrane blitt slagmarker, og bøndene soldatar.

Solsikkene kan du sjå overalt. Av all solsikkeolje som blir handla på tvers av landegrenser i verda, så står Ukraina for halvparten. Og solsikkeolje er ikkje noko du berre finn blant matoljene. Olja frå solsikkefrøa stappar du også i deg når du gomlar matvarer som chips, kjeks, ulike typar bakverk og majones. For å nevne noko.

Landet er også verdas tredje største eksportør av korntypen kveite, med 12 prosent av verdshandelen. Og med 16 prosent er dei den fjerde største eksportør av mais i verda.

varer ukraina

Ukraina er også verdas nest største eksportør av bygg, og tredje størst på raps.

Det er ikkje tilfeldig at Ukraina er eit land som forsyner omverda med mat. Historikarane meiner jordbruket starta allereie for fleire tusen år sidan. Det er elvene Donetsk og Dnipro som er med på å gjere Ukraina til eit av verdas største jordbruksland.

FILE PHOTO: A combine harvests wheat in a field in Kyiv region

I Hrebeni, ikkje så langt frå Kyiv var det full rulle i juli 2020. No er det usikker om det i det heile tatt vil bli innhausting i 2022.

FILE PHOTO: Combines harvest wheat in a field in Stavropol Region

Også Russland er storprodusentar av korn. Her frå Stavropol.

FILE PHOTO: FILE PHOTO: Sunflower is seen on wheat field in Kiev region

Akkurat denne solsikka, ved Zhovtneve i Ukraine ser litt einsam ut. Men Ukraina er blant dei største produsentane av solsikkefrø i verda, og den største på solsikkeolje.

FILE PHOTO: A combine harvester machine loads grain onto a transport truck in Nikolaev, Ukraine

Du finn dei svære kornhaustarane rundt om i heile Ukraina, slik som her i Nikolaev, sør i landet.

Men om alt det gule vil kunne haustast inn i månadane som kjem, det er heilt i det blå akkurat no. Krigen herjar, og årets første såsesong nærmar seg. Om krigen varer lenge, vil det også spøke for haustens såing.

vdsfds

Situasjonen i Ukraina har allereie starta å sette spor i lommebøker også utanfor Ukraina.

Prisane er i ferd med å skyte i vêret.

dvcx

Når det gjeld prisen på solsikkeolje, så blir ikkje den følgt like nøye som prisane på korntypar. Men sidan Ukraina og Russland eksporterer til saman 73 prosent av all solsikkeolja i verda, så er også denne typen olje venta å bli dyrare framover.

Litt dyrare for nordmenn

Så kva blir konsekvensen for oss? Noreg importerer ikkje så mange råvarer direkte frå Ukraina. Men prisveksten påverkar likevel prisane på matvarer me finn i norske butikkar.

Fleire matprodusentar varslar at det kan bli prisauke på fleire typar daglegvarer. Chips, mjøl, kjeks, nokre påleggstypar og bakervarer er blant det som kan bli dyrare.

Det same kan prisen på kjøt, for også kraftfôrprisen vil auke sidan fleire av korntypane blir brukt i maten som ein del norske sauer, kyr, høns og grisar får i matskåla si.

Ja, det blir dyrare å produsere kjøt, egg og mjølk når kraftfôrprisen aukar, seier leiar i Noregs Bondelag, Bjørn Gimming.

Dyrare kraftfôr kjem berre på toppen av andre utgifter som bøndene vil merke. Både diesel, gass og kunstgjødsel er dyrare no enn før krig og sanksjonar.

Også maten til norske grisar, sauer, kyr og andre driftsdyr vil bli dyrare når kornproduksjonen i Ukraina blir ramma av krig.

Også maten til norske grisar, sauer, kyr og andre driftsdyr vil bli dyrare når kornproduksjonen i Ukraina blir ramma av krig.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Og auka utgifter betyr at bøndene må hente inn att pengane ein stad, for marginane i norsk matproduksjon er små. Mykje tyder på at det er norske butikkundar som vil sitte att med ei høgare rekning.

– Andre næringar kan raskt ta ut prisauke, men det er ikkje så enkelt for vår næring. Derfor må kjedene akseptere at innkjøpsprisen vil gå opp når kostnadane aukar i primærleddet, seier bondelagsleiaren.

– Alternativet til høgare prisar er utbetaling av kompensasjon til bøndene, legg han til.

Så – litt dyrare mat i norske butikkar, altså. Men, som med så mykje anna, så er det ikkje blant nordmenn at problema vil bli størst.

Fattige er avhengige av ukrainsk korn

– Me må ta mat frå dei som er svoltne og gi til dei som svelt, seier David Beasley, direktør for fredsprisvinnarane i Verdas Matvareprogram (WFP), i eit intervju med avisa New York Times.

WFP estimerer at rundt 40 prosent av kveita som dei kjøper inn kjem frå Ukraina. Då er det ikkje så rart at dei ropar ut i frykt for kva følgene kan bli om korn blir dyrare enn det allereie er.

Et kart som viser landene med medium grad av sult og høy grad av sult.
Foto: Kjelde: Verdas Matvareprogram

Det hjelper ikkje at den andre parten i krigen, Russland, også er storeksportør av mange av dei same råvarene som Ukraina.

Saman med auka drivstoffprisar, som gjer transport dyrare, har høgare matvareprisar allereie skapt krisestemning i ein del land der svolt ikkje er uvanleg.

For mange i verdas fattigaste land er det ikkje særleg rom i privatøkonomien til å få kjøpt nok mat når prisane går opp.

– Det finst ingen tidlegare krise sidan andre verdskrig som i det heile tatt har vore nær denne krisa, seier Beasley til New York Times.

Verdas Matvareprogram åtvara om høge matvareprisar alt før krigen i Ukraina starta.

Dyr mat kan føre til konflikt

Og mangel på mat kan også føre til meir konflikt, som igjen kan føre til endå meir mangel på mat.

– Eg likar å mane til ro, men akkurat no ser det ikkje veldig bra ut, seier Ida Rudolfsen. Ho er forskar i Prio og har sett nærare på samanheng mellom høge matprisar og konflikt.

OxIUxaF43ZI

Brød er populært i Midtausten og Nord-Afrika. Her i Egypt er dei heilt avhengige av import frå Ukraina og Russland. No har styresmaktene innført makspris på brød, for å unngå for mykje misnøye.

4O3kt1Z95YQ

Utvalet er ikkje så stort, men det er viktig for mange. Malawi er eit av landa kor matmangel og fattigdom er eit problem. No vert brød og andre matvarer dyrare.

jqsHaRxuRpY

I Panama fyller ein drosjesjåfør tanken. Drivstoffprisane går opp over heile verda, på grunn av alle sanksjonane mot Russland. Det gjev også utslag i prisen på varer, sidan transport vert dyrare.

Rudolfsen seier at sjansane for uro ikkje nødvendigvis er høgast i dei fattigaste landa, men i land kor mange vanlegvis har nok pengar, men raskt kan få problem om matprisane aukar.

– Det er sjeldan dei som er på randa av svolt som deltek i protestar. Dei har ofte nok med å sikre sitt neste måltid, slik som me ser i Jemen no. Me ser heller uro rundt mat i urbane område der mangel på mat ikkje er mest prekær, men der folk har moglegheit til å mobilisere, seier forskeren.

Ho viser til tidlegare uro, som pastastreik i Italia, tortillaopprør i Mexico og brødmisnøye i Egypt.

– Dette er eit globalt fenomen.

For dei som er optimistar, så er det framleis håp. For 2022 er så langt eit ganske kaldt år.

Det er framleis litt tid til å så i jorda, om berre bøndene kan få fred, ta av seg uniformen og leite fram att kjeledressen.